Berre på Vestlandet sender 423.000 husstandar til tider tilgrisa plastemballasje til gjenvinning, viser ei ny måling frå Grønt Punkt Norge.

-Emballasjen skal vere tom og rein. Skiten emballasje skal kastast i restavfallsdunken, seier direktøren i Grønt Punkt Norge, Jaana Røine.

Landsomfattande gransking

Grønt Punkt Norge har nyleg gjennomført ei landsomfattande gransking om kva folk kastar i plastsekken. Dei var blant andre stader på Volda og Ørsta Reinhaldsverk i Hovdebygda, og der var resultatet langt betre enn for fire år sidan.

LES SAKA HER:

Elghovud og motordelar skal ikkje i plastsekken

Kvart år leverer vi på landsbasis over 30.000 tonn plastemballasje. Men mat- og andre produktrestar gjer at gjenvinningsarbeidet vert vanskelegare. Og endå verre: Enkelte har til og med kasta maskindeler og anna metall i plastsekken, noko som naturlegvis kan føre til skadar på maskineriet i gjenvinningsanlegga.

Røine fortel at om lag åtti prosent av den innsamla plasten vert gjenvunne til nye plastprodukt.

Ein femtedel vaskar plasten

Men for at dette skal skje mest muleg «smertefritt» er det altså rein og tom plastemballasje som skal leverast. I granskinga var det berre ein femtedel av vestlendingane som sa at dei alltid vaskar emballasjen får dei kastar denne i plastsekken.

Ein mann frå Rogaland forsikra at han alltid vaskar plastemballasjen, men at han møter motstand i heimen:

«Det er berre så vidt husstanden får lov av mor. Ho meiner det uansett legg igjen for mykje lukt. Men eg er i ferd med å vinne danne kampen utan meir motstand no», presiserte mannen.