–Det er veldig viktig for oss å bevare banken som ein lokal bank, seier Jan Endre Vartdal i Vartdal Holding til nett.no (betal-teneste).

Sparebank 1 Søre Sunnmøre ynskjer å få til ein emisjon der dei vil få inn kroner 52 millionar kroner som minstemål, men helst 104 millionar kroner i ny eigenkapital. Etter emisjonen vil Sparebank 1 Søre Sunnmøre gå over frå å vere heilt sjølveigande, til å verte delvis sjølveigd, og delvis eigd av grunnfondbeviseigarar.

Lokalpatriotisme, kombinert med forventningar om ei trygg og lønsam investering, ligg bak Vartdal Plast-eigar Vartdal Holding si investering i Sparebank 1 Søre Sunnmøre, seier Jan Endre Vartdal i Vartdal Holding til nett.no. Vartdal Plast lagar mellom anna emballasje til fiskeindustrien.