Krana skal bli installert på fartøyet CBO Manoella i Brasil, som no blir bygd om frå plattformforsyningsskip (PSV) til ein RSV (ROV Support Vessel), og skal inn i eit tre år langt oppdrag for det brasilianske oljeselskapet Petrobras. Krana kompenserar for bølgebevegelsar i båten, og den er designa for sikker og effektiv handtering av modular i offshore subsea-operasjonar.

– Vi er veldig fornøgde med fleksibiliteten som krana frå Rolls-Royce gir. Ei hybrid-løysning med bruk av anten fiber eller stålvaier, gjer at CBO Manoella kan ta på seg ein større variasjon av subsea-oppdrag i framtida, seier Marcelo Martins, teknisk direktør hos CBO.

Hybridkran som er bestilt av CBO har ein løftekapasitet på inntil 50 tonn og kan operere ned til 3.000 meter. I starten skal dei nytte stålvaier, men mogelegheita til å skifte til fibertau gjev skipet betre fleksibilitet i den utfordrande offshoremarknaden. Fibertau har lav eigenvekt, og dermed kan skipet sin lastekapasitet bli auka med omlag 100 tonn. Skipet CBO Manoella var nytt i 2009 og har Rolls-Royce UT 715 L-design.

– Vi er glade for å kunne halde fram det gode samarbeidet med CBO. Dette prosjektet er eit godt døme på korleis offshorereiarlaga no jobbar for å tilpasse seg ein ny røyndom med bruk av nye innovasjonar, seier Gary Nutter, produktdirektør i marinedivisjonen til Rolls-Royce.

Hybridkrana frå Rolls-Royce vil bli levert i tredje kvartal i år. Ordren omfattar komplett kransystem, inkludert CTCU, kabin og kontrollsystem.