Motorene er av typen B33:45L og skal produserast i Bergen.

Den nye Color Line-ferga er designa av Fosen og skal byggjast ved Ulstein Verft. Fra sommarsesongen 2019 vil den setjast inn på strekninga Sandefjord-Strømstad. Skipet skal kombinere diesel og elektrisk kraft, og batteria skal ladast frå Color Line sine eigne landstraumsanlegg eller via generatorar om bord. Det 160 meter lange skipet får plass til 2000 passasjerar og 500 bilar.

Dei fire motorane frå Rolls-Royce har planlagt levering i mars 2018. Kontrakta har også ein opsjon på motorar til eit mulig skip nummer to.

– Den norske verftsindustrien har i det siste vist seg å vere konkurransedyktig i det internasjonale cruise- og fergemarkedet, og vi er glade for å vere med på fleire av desse spennande prosjekta. Våre motorar frå Bergen er per i dag solgt til ni skip i dette markedssegmentet i løpet av det siste året, det tek vi som eit tegn på at vi har rett produkt til rett pris, seier Kjell Harloff, Vice President Engines i Rolls-Royce.