Kvifor opplever vi naturen som vakker? Skuldast det bestemte kvalitetar i naturen sjølv, eller er det ei kjensle som oppstår i oss når vi betraktar den?

Denne boka svarar ved å ta ei reise i natur og skjønnheit på ein religionsfilosofisk måte, i ein refleksjon som brukar innsikt frå fagområder som estetikk, teologi og naturvitskap. Med på reisa er den amerikanske teologen Alejandro García-Riviera og hans forståing av naturen si skjønnheit.

Knut-Willy Sæther sin lidenskap for naturen er særleg retta mot fjellet på bakgrunn av mange år som klatrar og brevandrar. Han er professor ved Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda. Der forskar han innanfor dei fagområda som boken rører ved.

Boka er utgivelse nr. 30 på Kyrkjefag Profil, ein skriftserie ved instituttet.