Det nye anlegget på Melsgjerdet, som kan stå ferdig rundt årsskiftet 2019/2020, vil avlaste dagens anlegg bak flyplassen i Hovdebygda.

Anlegget i Hovdebygda vil framleis vere mottaksanlegg for publikum, og dette gjeld alle typar avfall.

Der er det i dag for liten plass til å ta imot nye avfallsfraksjonar.

Dagleg leiar i VØR, Petter Bjørdal, seier at Fylkesmannen har sett strenge vilkår for etablering på Melsgjerdet.

Løyvet er basert på eit årleg mottak av inntil 8.600 tonn hushaldnings- og næringsavfall, fordelt på fraksjonane plast, glas og metall, papir, papp og kartong, hageavfall (før kompostering), ferdig kompost, matavfall, restavfall og avløpsslam.