Av Svein Nordal

– Skal vi no sjå – ja, sidan 1953 er det totale fødselstalet 27.818, seier konstituert overjordmor Gunvor Bergem Lia. Ho sit og blar i ein tjukk bunke av livets bøker, der det sirleg er innført kvar einaste fødsel frå tidleg i 1953, og fram til dags dato.

I dei eldste av livets bøker var legane påpasselege med å registrere om mor var gift eller ugift også… ja, faktisk var det eigen rubrikk for dette.

1938

Men sidan sjukehuset vart opna i 1938 – altså allereie før krigen – vil det totale fødselstalet på sjukehuset vere litt over eller litt under 30.000.

GAMLE BILETE: Volda-sjukehuset i 1935 (øvst) og 1975.

– Rett nok fødde mange rundt om på gardane på den tida, men det var eit rom på kirurgisk avdeling som vart brukt som ei lita fødestove heilt frå starten, fortel Bergem Lia.

Dei siste åra har fødselstalet vore på rundt fem hundre i året, og mange fødande kjem frå heile nordre Nordfjord, sidan det er lang reisetid til Førde sjukehus.

Toppår

– At det ikkje berre er søre-sunnmøringar som føder her er for så vidt ikkje noko nytt. Også av gamle protokollar ser vi at ein del nordfjordingar kom hit. Men etter opninga av Kvivsvegen har det skote fart, seier Bergem Lia.

1970/71 var rekordår med over sju hundre fødde, men dette har truleg samanheng med at Ålesund sykehus var under bygging, og at mange frå nordre Sunnmøre då kom til Volda for å føde.

Far gjennom vindauget

Gynekolog Idunn Myklebust har arbeidd på fødeavdelinga heilt sidan 1979 – og det var faktisk første året gifte menn fekk vere med på fødslar. Nokre få år seinare fekk også dei som var ugifte vere med på fødslane.

– Dei første seks – sju åra eg jobba her var det gamlesjukehuset frå 1938 som framleis vart brukt. Dagens sjukehus vart opna i 1986. Den gongen var fødeavdelinga plassert i nokre brakker bak sjukehuset, med ein slags «flytunnel» som samband til hovudbygningen.

– Og mennene – sjølv dei gifte – fekk altså ikkje vere med på fødslane før i 1979! Det finst nokre historier om eit par karar som trassa dette. Ein av dei skal ha klatra inn og ut vindauget til rommet der kona hans låg, smiler Myklebust.

Svimte av

– Og i dag er det stikk motsett? Det er vel nesten uhørt at ein far ikkje deltek på fødselen?

– Ja, dei aller fleste gjer jo det – og mange fedre nyttar seg av høvet til å bu her på avdelinga saman med mor og barn. Kanskje føler nokre litt press, og føler kanskje at dei ikkje klarer å få hjelpt nok til. Og det kan jo vere tyngjande å sjå den ein er glad i liggje der med så store smerter, seier Bergem Lia.

– Ja, det kan jo også vere sterke scener. Eg har forresten fått servert ei historie om at ein vordande barnefar svimte av allereie då han kom inn i vestibylen og kjende sjukehuslukta… ?

– Hahaha, ja, det kan godt hende at noko slikt har skjedd. Vi er jo alle ulike, og taklar ulike ting.

Kvinnefellesskap

Mykje har endra seg dei siste åra, ikkje minst liggjetida til dei fødande.

NOSTALGI: Konstituert seksjonsleiar på fødeavdelinga i Volda, Gunvor Bergem Lia, med gammalt utstyr frå ”føden”.

– Før låg førstegongsfødande her på avdelinga i nesten ei veke, medan dei andre låg her eit døgn kortare. No er det redusert til tre døgn for førstegangsfødande og to for dei andre.

– Dette har gått ut over kvinnefellesskapet her på avdelinga. Det vart jo knytta band mellom mødrer og familiar – kanskje for livet – sidan dei var her så lenge i lag. No er dette borte, sidan dei reiser heim så raskt, seier Myklebust.

Ikkje ufarleg

– Korleis er det å jobbe her – på ein stad der de tek imot fleire nye liv i veka?

– Klart det er flott å vere med på – og eg syns det er verdas flottaste jobb, seier Bergem Lia, som har jobba på fødeavdelinga sidan 1995.

– Men det er kanskje litt slik i våre dagar at folk ser på ein fødsel som berre noko kjekt og ufarleg – ein etappe ein skal gjennom.

– Men om ein ser på gamle bygdebøker, ser ein kor risikabel ein fødsel eigentleg er, for både mor og barn. Og det er jo her vi kjem inn i bildet, og heldigvis har vi redusert risikoen her i Norge til eit minimum.

Stadig trua

Myklebust meiner det med jamne mellomrom heilt sidan ho byrja i yrket i 1979 har kome utspel om å leggje ned fødeavdelinga i Volda.

– Akkurat no når du skriv dette er vi freda, men spørsmålet dukkar sikkert opp igjen. Før det eventuelt vert ferjefri veg til Ålesund frå heile distriktet vil det vere uforsvarleg å leggje ned fødeavdelinga i Volda.

– Frå dei sørlegaste delane av regionen her – til dømes Åheim i Vanylven – er det jo reine kinareisa til Ålesund. Og risikoen for både mor og barn aukar kraftig når fødsel skjer utanfor sjukehus – til dømes i ambulanse.

Fødeavdelinga er ein relativt stor arbeidsplass, med 18,5 stillingar fordelte på 20  jordmødre og 8 barnepleiarar, – i tillegg til fem legestillingar og to sekretærar.