Av Svein Nordal

Og det er nok slik: Vindus- og dørfabrikken vart starta i eit lite trehus nede ved fjorden i Dalsbygda i 1947, og Knut – ja, han kom til verda i 1948. Og var i full sving som hjelpegut på fabrikken berre nokre få år seinare.

Få er igjen

I år markerer Brødrene Dale AS 70-årsjubileum, og neste år er det Knut sin tur. Og trass i at den tidlegare daglege leiaren (mellom 1980 og 2010) nådde pensjonsalder for eit par år sidan, har han på ingen måte gitt seg. Rett nok har sonen Lasse tatt over som dagleg leiar, men Knut er framleis med, og har ansvaret for landbruksprodukta dei sel – det vil seie portar og dører.

Fabrikken langt inne i Dalsfjorden har i dag tolv tilsette, og omsette i 2016 for 24 millionar kroner, noko som var betydeleg betre enn året før. Då bedrifta vart starta like etter krigen, var det småbedrifter på kvart eit nes – i kjellarar og i løer. Nokre av desse vaks seg større, men avskalinga av industrien i småbygdene både her i distriktet og andre stader har i nyare tid vore stor.

Nybyrjar: Merete og Lasse Dale saman med Simen Evensen, som hadde sin første arbeidsdag på bedrifta i går.

Sprø byråkratar

-Ja, de ligg jo litt utanfor allfarveg. Korleis er det å drive i såpass stor bedrift i utkanten?

-I våre dagar er kommunikasjonane såpass gode at det eigentleg ikkje er noka ulempe. Det einaste problemet vi har i så måte, er at Statens Vegvesen oppe i Molde stadig vekk driv og rasstengjer vegen rundt Dalsfjorden. Utan grunn! Tidlegare var det lokalkjende oppsynsmenn som visste kva dei dreiv med – no sit det byråkratar på kontor titals mil borte utan å ha greie på forholda, tordnar Knut.

-Og når det der skjer, får vi ikkje leveransane av garde når vi skal. Og dei fleste arbeidarane pendlar hit. Dei kjem seg jo ikkje på jobb når vegen vert stengt. Utan at det er rasfare, seier Lasse Dale.

Storleveranse til 1500 kroner

Brødrene Dale vart altså starta opp i eit lite trehus nede ved fjorden av brørne Jon og Ragnvald Dale. I starten satsa dei på å lage soveromsmøblar og divanar.
-Men dei var allsidige og laga til og med eit bilkarosseri av tre – bygd over ein tysk DKV. Bilen skal visstnok også ha vore brukt til sauefrakt! Fortel Knut.

Seinare satsa ein litt på kjøkkeninnreiing, men på 1950-talet spesialiserte dei seg på vindauge, dører og trapper – kanskje for ikkje å vere i direkte konkurranse med nabobedrifta som låg eit par steinkast unna, Hjelle og Dale.

-I 1954 var bedrifta vår i alle fall i full gang med spesialiseringa: Eg har ei kvittering som viser at Brødrene Dale leverte alle vindauge, sprosser og dører – samt ei trapp – til eit då nytt hus på andre sida av fjorden her. Rekninga kom på 1552 kroner!

Alle mann: Her er heile staben samla rundt bedrifta sin maskot, ein gul Mini Morris.

Fingrane intakte

Knut hadde muligens begynt å hjelpe til på bedrifta allereie då denne «storleveransen» var eit faktum.

-Jada, vi ungane sprang rundt i fabrikken og hjelpte til – midt mellom drivverk, reimar, høvlar og sager som gjekk for fullt – alle drivne av ein 4-hestars likestraumsmotor. Hadde det vore i dag, ville jo foreldra ha blitt «henta»!

-Og du har framleis alle fingrane?
-Jada! Berre sjå! Eg trur at det var då industrien og maskineriet vart betydeleg tryggare at fingrane til folk begynte å ryke….

I godt driv

Knut Dale har opplevd mang ei endring gjennom alle tiåra på fabrikken. Ei rekkje utvidingar er ein ting – likedan ei enorm utvikling innan teknologi og produksjonsteknikk. Og så er det dette med å få råvarene til fabrikken.
-I gamle dagar henta vi kryssfinerplatene med båt på kaia litt lengre ute i fjorden. Problemet var at viss utrøna var for frisk, så fungerte platene som segl. Då hende det at vi passerte fabrikken i god driv… hehehe.

Glas: Geir Harald Sommerset glasar vindauge.

Val

Omsetnaden til fabrikken har dei siste åra vore rundt tjue millionar kroner, og altså 24 mill i fjor. 2014 var eit dårleg år, noko Lasse Dale trur skuldast regjeringsskiftet året før.

-Då vart det bom stopp nokre månader, særleg innan landbruket, som nær to tredjedelar av produksjonen vår går til. Bøndene såg vel an utviklinga i påvente av kva landbrukspolitikk som ville kome.

-Ja, og i dag har de jo landbruksminister i næraste slekta. Sett frå ei bygdebedrift sin ståstad – kva vil vere best – ei blå eller ei raudgrøn regjering?

-Eg trur i grunnen ikkje det har noko å seie, sidan politikken er prega av hestehandel og kompromiss. Så i praksis står dei for om lag same politikken – men vinglar hit og dit likevel. Noko som særleg er uheldig for bøndene, som altså er største kundegruppa vår, seier Knut Dale.