Av Charlotte Karoline Kvistad

Det seier Marit Vik Moldskred, med eit glimt i auge. Frå huset sitt har ho storslått utsikt over Ulsteinvik. Sola speglar seg på hustak og i sjøen. Inne på arbeidsrommet står symaskina klar til nye prosjekt, og mint-grøne vesker heng over arbeidsbenken – Klare til sal.

KREASJONAR: Marit Vik Moldskred har laga ulike typar vesker, yoga-utsyr og pyntegjenstandar til barnerom. Foto: Charlotte Karoline Kvistad.

–Eg kan starte med å sy utan å vite resultatet, så vert det til noko nytt og spennande. Det var mamma som lærte meg å sy. Eg gjekk ikkje i barnehagen, eg såg på korleis ho sydde.

Jumba

I fjor haust starta ho den vesle verksemda «Jumba». Ordet Jumba er eit ordspel, med nokon av bokstavane i namnet hennar, mannen og barnet deira. Ein dag i veka har Moldskred fri frå jobben ved Bourbon Offshore Norway i Fosnavåg, for å ha det gøy.

–Eg har alltid likt å sy og vere kreativ, og eg måtte gjere noko meir ut av hobbyen min. Eg startar i det små og har ikkje press på meg. «Jumba» er eit overskotsprosjekt. Eg jobbar med det når eg har energi og det gjev meg energi.

NEI-TAKK: Marit Vik Moldskred har laga ei veske som skal hjelpe folk å velje miljøvenleg material, og ikkje bruke plast som kan vere til skade for fisk i havet. Foto: Charlotte Karoline Kvistad.

Nei-takk til plast

Favoritt-kreasjonen til Moldskred er vesker og strandnett, sydd om av 70-talls stofftelt. Veskene, i praktisk størrelse, sel ho via Instagram for 200 kronar per stykk. Dei er fine å ha med på handletur og når ein skal på stranda.

–Av eit telt, laga eg mellom 20 og 30 posar. Det er kjekt å bruke gamle ting til å skape noko nytt. Men eg har gått tomt for gamle telt. Eg har brukt opp dei eg har funne, så eg treng å få tak i fleire.

På eine veska hennar står det #Neitakk tilplast, med bilete av fiskar. Skrift og motiv trykkjer ho på med silkeskrift. Moralen er å bruke stoffposar i staden for plast, for å unngå meir plastavfall i havet.

–Eg lagar også vesker av gamle kaffibønne-poser som eg har fått av systera mi, «Kaffi-Kari». Ein stor miljøforkjempar kan eg ikkje skryte på meg å vere, men gjenbruk er både positivt og miljøvenleg. Eg kan bruke nye stoff når eg syr.

Yoga-avspenning og kaffifilter

Marit Vik Moldskred syr og sel yoga-utsyr til Linn Urke Osnes, som driv Bygdeyoga. Eit populært avspenningsverktøy er «Migreneposar», som ein legg over augne. Det er posar fylt med ris og lavendel. Silkestoffet ho bruker er teken frå ein indisk kjole, Sari, som ho fekk frå vertsfamilien i London då ho var ung aupair.

KAFFIBØNNE-VESKE: Av ein gamal Kaffibønnepose har Marit Vik Moldskred laga ei nymotens og miljøvenleg veske. Foto: Charlotte Karoline Kvistad

–Kleda som vi er lei av, kan eg sy om til nye klesplagg. Mannen mi si t-skjorte vart sydd om til barnebukser. Eg vert inspirert av ting som eg syns det er kjekt å ha.

Eit av hennar nyaste prosjekt er å lage kaffifilter av stoff.

–Eg held på å utvikle kaffifiltra, og eg håpar å ha desse klare til hausten. Det må ikkje smake av det stoffet som eg bruker.