Av Svein Nordal

Det seier Ann Kristin Skurtveit, seniorrettleiar i Senter mot incest og seksuelle overgrep (SMISO) i Møre og Romsdal.

SMISO Møre og Romsdal er eit fylkesdekkjande, gratis, lavterskeltilbud for ungdom og voksne av begge kjønn som har opplevd seksuelle overgrep, samt deira  pårørande og hjelpeapparat.

OPPMODING: –Ta kontakt med oss på telefon, sms eller epost. Eller møt opp på kontoret. I Ørsta har vi kontortid den siste tysdagen i månaden, – i andre etasje av Kaihuset, seier Ann Kristin Skurtveit, seniorrettleiar i SMISO Møre og Romsdal.

–Vi tilbyr også støtte og rettleiing av pårørande av utsatte barn. Alle kan ta kontakt med oss, enten ved å møte fram på kontoret, ringje oss, sende sms eller epost til smiso@smiso-mr.no, seier Skurveit.

 

LES OGSÅ: Utsett for 400 overgrep frå ho var 10 år

 

Ørsta-kontor

–Vi er eit lavterskel-tilbod, og vi samtalar med dei som tek kontakt, og formidlar kontakt vidare. Vi har teieplikt, men også avverge-og meldeplikt. Og ein treng ikkje å gå til lege, psykolog, helsesøster eller andre før ein kontaktar oss, understrekar Skurtveit.

Hovudkontoret ligg på Molde, men dei har kontordagar i Kristiansund, Ålesund og Ørsta også – for å dekkje heile fylket.

–I Ørsta held vi til i andre etasje på Kaihuset, og har som oftast kontordag der siste tysdag kvar månad.

Mørketal

Mørketala for incest og seksuelle overgrep er store. Skurtveit viser til ei gransking som viste at det gjennomsnittleg går heile sytten år før dei som har vore utsette for incest melder frå om det.

–I enkelte tilfelle ventar personar heilt til dei er gamle før dei fortel nokon om kva dei vart utsette for i barndommen. Og skadeverknadane etter overgrep kan vere store, både fysisk og psykisk, seier Skurtveit.

Myten om overgriparen er at det er mannen som hoppar fram frå buskene og valdtek ei jente eller kvinne.

–Men i dei fleste tilfella er det ein person som står ein nær og den utsette er i eit avhengigheitsforhold til. Og overgriparar er folk frå alle samfunnslag, – det kan like gjerne vere ein «samfunnstopp» som dei som er lengre nede på den sosiale rangstigen.

Russen

SMISO driv også mykje førebyggjande arbeid. Russen og avgangselevar i heile fylket  har dei undervist i mange år, samt  elevar i ungdomskular, barnehagepersonell, lærarar, foreldre, helsesøstre og andre. 19. mai skal dei halde foredrag for idrettslagsleiarar frå heile fylket. Dette skjer på Alexandra Hotel i Molde. 22 mai skal SMISO undervise foreldre ved Volda ungdomskule .

–Nær førti prosent av alle valdtektene som vart melde i fjor, var ungdoms- og festvaldtekter, fortel ho. 

Hovedtyngda av ungdomane som er er involverte er  i alderen 15-24 år. Rus og kjennskap mellom ungdomane er ein av fellesnemnarane i desse sakene.

Toppen av isfjellet

–Vi hadde nyleg ein artikkel som viste at det er kø av overgrepssaker på Søre Sunnmøre Tingrett, og at stadig fleire slike saker vert melde til politiet på Sunnmøre. Er forklaringa at det skjer fleire overgrep enn tidlegare – eller at fleire saker vert melde?

–Det er umulig å seie. Men det som er sikkert, er at talet på nettovergrep har eksplodert i det siste. Det vil seie personar som utnyttar barn seksuelt via internett, og eventuelt bruker internett til seinare fysisk å møte barna, og gjennomføre overgrep. Når det gjeld nettovergrep er  ungdomane  både i risikogruppa for å verte utsett for nettovergrep ,samstundes som dei og kan utsetje andre barn /ungdommar for nettovergrep. Og trass i veksten av melde saker, ser vi nok dessverre berre toppen av isfjellet, seier Skurtveit.

SMISO Møre og Romsdal er eit tverrfagleg team, sett saman av barnevernspedagog, vernepleiarar, sjukepleiarar og politi med tilleggsutdanning i barneavhøyr. Den faglege tilnærminga er fokus på sjølvhjelp og traumesensitiv omsorg. SMISO MR er ikkje ei erstatning for, men i tillegg til det offentlege hjelpeapparatet. Fleire opplysningar finn ein på heimesida http://www.smiso-mr.no