Av Svein Nordal

Det seier Oskar Grimstad (63), som etter åtte år på Stortinget er tilbake som lokalpolitikar, som medlem av kommunestyre og formannsskap i heimkommunen Hareid.

Vurderte 12 år

– Ja, det er litt rart å vere lokalpolitikar igjen etter mange år på Stortinget. Men eg går til oppgåva med stor entusiasme, og gler meg til å gjere ein innsats for Hareid og resten av distriktet, seier Grimstad, som i forkant av stortingsvalet trekte seg til fordel for dei profilerte statsrådande Jon Georg Dale og Sylvi Listhaug, som fekk dei to sikre Frp-plassane frå Møre og Romsdal.

LOKALPATRIOT: – Eg ser fram til å gjere ein så god jobb som muleg for Hareid framover, seier Oskar Grimstad – lokalpolitikar igjen etter at han i haust spaserte ut av Stortinget etter åtte år som representant. Arkivfoto: Bjørn Langsem

– Og nei, det var ingen som sa til meg at eg burde steppe til sides, – dette var heilt mi eiga avgjerd. Og sjølvsagt det rette å gjere, sidan to så profilerte og unge politikarar dermed ville bli sikra stortingsplass, seier Grimstad – som vedgår at hans opphavlege plan var å ta fire år til på Stortinget.

1989

Etter nokre år som høgremann melde han seg inn i Frp i 1989. To år etterpå vart han valt inn i Hareid kommunestyre, og sidan vart han fylkesleiar og fylkestingsrepresentant – før han hamna i sentralstyret saman med blant andre Carl I. Hagen. Og frå 2009 til i år var han altså stortingsrepresentant.

Bana veg for regjering

– Eg nemnde utrenskingane av tidlegare nestleiar Vidar Kleppe og nokre andre, som stod for ein menneskefiendtleg retorikk rundt innvandrarar. Og at eg er svært glad for at eg var med og fjerna slike element frå partiet. Utan desse ekskluderingane ville det aldri ha vore muleg for Frp å kome i regjeringsposisjon.

– Og sjølv kunne eg altså ikkje ha halde fram i partiet dersom ein slik hatretorikk hadde halde fram. Eg er for ein streng, men rettferdig asylpolitikk. Men vi må behandle kvarandre med respekt, seier Grimstad.

Ap strengare enn oss

– Nokre skuldar Sylvi Listhaug for å stå for noko av den same retorikken som til dømes Vidar Kleppe?

– Ja, men eg er heilt usamd med dei som hevdar det. Sylvi pratar rett frå levra, men aldri på den måten som var tilfelle med Kleppe og kompani. Ho har ein svært vanskeleg statsrådsjobb innan eit felt der mange ser løysingane svart-kvitt – og eg meiner ho svært ofte har blitt tolka i verste meining, seier Grimstad, og legg til:

– I praktisk politikk på dette feltet er det tverrpolitisk semje om innvandringsstoppen – og Ap er nesten strengare enn oss. Likevel nektar dei å setjast i bås med oss. Etter mitt syn er det litt falskt. Dei rir to hestar, og det er kanskje noko av forklaringa på den lave oppslutninga partiet har no, trur Oskar Grimstad.

Nett-troll

– Særleg innan innvandringsproblematikken har frontane blitt hardare i det siste. Kva syns du om det?

– Først vil eg seie at vi i Norge har ein mykje opnare debatt enn i Sverige, der debatten har blitt lagt lokk på. Og der ein ser at nazistar marsjerer i gatene. På facebook, twitter og andre sosiale medier florerer jo nett-trolla med mykje stygt prat. Men det er ei marginalisert gruppe som ikkje kjem til å få noko makt. Og kanskje har alle desse usaklegheitene også ein positiv effekt, på den måten at det kanskje kan verke som ein sikkerheitsventil?

OMSTILLING: – Vi treng fleire bein å stå på enn den maritime næringa om vi ikkje skal vere svært sårbare for konjunkturendringar, seier Grimstad

– Har du sjølv vore utsett for netthets?

– Nei, eg har ingenting å klage over, og har blitt behandla med respekt. I alle fall i nyare tid. Eg huskar då Frp var nokså nye her i distriktet: Då var det faktisk ein hareidsdøl som spytta på meg då eg stod på stand i Hareid sentrum…! Eg minnest at eg den gongen lurte på kva gale eg hadde gjort som fortente å bli behandla på den måten, hehehe.

Lobbyist

– Er det ikkje litt vemodig å seie farvel til rikspolitikken?

– Etter alle desse åra har eg svært gode kontaktar inn i regjeringsapparatet, og det har eg tenkt å nytte meg av. Som lobbyist, hehe! Og eg hjelper svært gjerne kommunar, folk og grupperingar på Nordvestlandet med å etablere kontakt. Under føresetnad av at dei har gode saker, seier Grimstad, som understrekar at invitasjonen gjeld heile det politiske spekteret.

Treng fleire samband

– Som lokalpolitikar – kva ser du som dei viktigaste utfordringane i åra som kjem?

– Ytre Søre Sunnmøre har vore for einsidig knytt opp mot maritime næringar og offshore. Vi treng fleire bein å stå på om vi ikkje skal vere svært sårbare for konjunkturendringar. Og sjølvsagt: God samferdsle er alfa og omega for utviklinga vidare her i regionen. Eiksundsambandet er eit glimrande døme på at ein tunnel gjorde ein arbeidsmarknad dobbelt så stor. Hafast og andre framtidige prosjekt vil få same effekt, seier Grimstad, som trekkjer fram eit godt minne frå åra på Stortinget:

– Tallause gonger fekk eg høyre kor dyktige og omstillingsvillige vi sunnmøringar er. Det var sjølvsagt veldig kjekt å høyre. Men gode samferdsleprosjekt framover er ein av dei viktigaste faktorane for å lykkast vidare.