Av Svein Nordal

– Ja, det er klart at dette er terapi. No nyleg har eg laga til eit nytt, stort felt med rhododendron, samt ein oppstillingsplass som kompisar med bubil kan bruke, seier Jonvar, som bur på Skredestranda, eit par hundre meter frå ferjekaia på Årvik.

NYTT FELT: – Dette kjempebedet har eg opparbeidd no i det siste, fortel Jonvar.

Han er tidlegare maskinsjef på fiskebåten Eros, der han var om bord i heile 37 år.

– Maskinsjef? Det er jo gartnar du burde ha blitt?
– Som profesjonell? Nei, det kunne eg ikkje ha tenkt meg. Hagestell er hovudinteressa mi, noko eg slappar godt av med. Truleg hadde det vore annleis dersom eg hadde dette som jobb.

Miste taleevna

I slutten av juni i fjor fekk han sitt første hjerneslag, og tidlegare i år vart han ramma igjen.
– Eit sjokk, sjølvsagt – eller rettare sagt to sjokk. Eg miste nesten heilt taleevna, og slit framleis med det. Men eg har trent meg bra opp igjen etter to opphald på Mork-senteret i Volda, seier Jonvar, og kikar ut over panoramautsikta frå den fleire mål store tomta, eller ein kan kanskje kalle det parken: Han har full oversikt over skipsleia i Rovdefjorden, og lengst der inne kan ein sjå dei sørvestlegaste tindane i Sunnmørsalpane, Lisjeblæja og Storeblæja over Syvde.

Mars til juli

– Mange på din alder sel hus og hage og flyttar til leilegheiter der dei kanskje har eit par krukker med blomar på verandaen. Det må då vere mykje arbeid, dette. Kor mange timar arbeider du i hagen kvar dag?
– Nei, det har eg ikkje peiling på. Eg tel ikkje timane. Men eg held jo på i hagen når eg føler for det, seier Jonvar, som bygde huset og opparbeidde hagen i 1979.

HUMLE: Alle rhododendronane gjer at Jonvar også er vert for tusen humler. Her er ei av dei på jobb.

– Første rhododendroen var på plass første året. Det var forresten denne her, seier Jonvar, og peikar på ein gulblomstrande rhododendron, langt mindre enn eit par av naboane.
– Ja, det er jo ulike typar, veit du. Dei aller mest hardføre kan i gode år byrje å blomstre i slutten av mars, og dei siste blomstrar av langt ut i juli. Og no er her altså rundt 450 med stort og smått.

 

Humleparadis

Jonvar fortel at grunnen til at han har lagt sin elsk på rhododendron, er at dei er så lettstelte – ja, dei treng knapt nok stell i det heile tatt.
– Og spesial-tilpassa rhodondendron-gjødsel er berre humbug! Dei treng knapt gjødsel i det heile tatt, og om du skal gjødsle dei, er fullgjødsel meir enn godt nok.

HUS: Hage-entusiasten har til og med overvintringshotell for humler og fluger.

– Men kva er det som surrar?
– Ja, det er jo alle humlene det. Her stortrivst dei og ynglar. Med tusenvis av blomar har dei det svært godt her i hagen…