Av Svein Nordal

Yoga-instruktør Marta Eiriksdottir (56) frå Nordfjordeid arrangerer kveldssamling for kvinner i ei lysning i skogen i Hornindal. Samla rundt eit stort bål skal dei gjennomføre eit gammalt indianar-ritual der målet altså er å kaste sorgene sine som boss på bålet.

– Dette er eit ritual som eg har gjort i mange år saman med kvinner heime på Island, seier Marta, som saman med mannen flytta til Norge i 2011.

LES OGSÅ:
Med makt over åndene
– Lev enkelt!

Heilag fjell

– På Island brukte vi å samlast ved Snæifellsjøkull, ein stad synske på Island ser på som eit av verdas sju kraftsenter. Vi islendingar er forresten langt meir opne for det åndelege enn det nordmenn flest er. Mange av oss meiner at enkelte fjell eller stader i naturen har spesielle krefter.

Marta Eiriksdottir opplever at norske kvinner den siste tida har blitt opnare på dette feltet, men at dei fleste menn førebels er nokså skeptiske. Dei fleste, i alle fall.

– Alle kvinner i distriktet kan melde seg på hos meg. Men dei må ha eit ope sinn og vere nysgjerrige. Vi har ikkje tid til å bruke delar av kvelden på å diskutere med skeptikarar, seier Marta.

ILLUSTRASJON: Dansen rundt bålet.

Lapp med det vonde

Deltakarane vert oppmoda til å ta med passande uteklede, sjal, vassflaske, penn og papir. Kvifor penn og papir, forresten?

– For å skrive ned det i livet vårt som hindrar oss i å oppnå framgang og velvære. Lappen kvar einskild skriv er hundre prosent privat, og ingen andre skal sjå den. I løpet av dansen skal lappane kastast på bålet. Vi skal reinse bort gamle ting og tang som hindrar oss i å vere dei vi vil vere. Vi skal få ein flott kveld, vi skal danse gleda inn igjen og ta imot fersk, ny energi i livet vårt, forklarar yoga-instruktøren.

Har varsla brannvesenet

Ideen til kvinnesamlinga rundt bålet fekk ho så seint som i starten av mai, på eit yoga-arrangement på Nordfjordeid.

– Eg og ei eg kjenner fekk då ideen til å samle kvinner i naturen, og å danse denne indianardansen rundt bålet. Eg bruker ofte ikkje så lang tid på å få gjennomført ting når eg først har bestemt meg. Og no er alt klart. Brannvesenet er til og med varsla, ler Marta Eiriksdottir, som skal spele afrikansk tromme til dansen.

Urfolk

– Eksakt kva er det som skal dansast og brennast bort?

– Det som tyngjer oss. Det kan vere stress, det kan vere sjalusi. Ting vi ikkje likar å ha inne i sjela. Samla rundt eit bål med tromming og dans vert vi igjen som eit urfolk, eit stammefolk. Og kva andre stader passar dette betre enn ein sommarkveld midt i den mektige vestlandsnaturen?

HEILAG FJELL: Ved Snæifellsjøkull på Island har kvinner i mange år møttest til båldans.

Vulkansk folk

– Men du meiner nordmenn generelt er skeptiske til slikt?

– Nordmenn er eit flott folkeslag, og både eg og mannen min trivst veldig godt her. Men ein er langt meir skeptiske enn oss frå vulkanøya, ja – der naturen er kokande og meir fart på. Naturen i Norge har ei mektig og sterk ro, med grøne dalar og høge fjell – veldig vakkert! Eg trur folk vert påverka av naturen der dei veks opp. Og eg trur det er skilnad på folk i landsdelane her også – i Nord-Norge er ein kanskje like opne for det åndelege som på Island. For få år sidan hadde eg aldri trudd at eg ville kome til å arrangere ei bålsamling som dette, men no trur eg tida er moden.

Marta Eiriksdottir har drive med yoga i tretti år, og dei fem siste åra har ho vore yogainstruktør. Ho har også skrive fem bøker, både om åndelege tema og historie.