Mora vaks opp i Bakkane på Folkestad, og etter å ha brukt mange år på å restaurere gardbruket, gir no Rønnestad ut plate med tonesatte dikt. Med seg på CD-sleppet har ho Geir Bråten, som har tonesatt dikta.

Rønnestad har brukt dei ti siste åra på å skape KulturBakkane, i sitt barndoms paradis. KulturBakkane fekk Fortidsminneforeningens Godt Vern pris i 2015.

No toppar Rønnestad det heile med å gi ut CD-plate med dikt som ho har skrive sjølv. Mange av dikta har utspring frå opplevingar som den pensjonerte juristen har hatt på Folkestad desse åra. Det har blitt mange og lange turar frå bustaden i Oslo til vakre Folkestad. Den gode vennen, Geir Bråten har tonesett mange av dikta.

Rønnestad inviterer alle som vil kome til CD-sleppet i KulturBakkane. Fredag 18. august vil ho saman med Geir Bråten presenterte utdrag frå plata i den restaurerte grindaløda på garden.

– Mange har vore på besøk og høyrt fleire av dikta før. No har ein del av dikta kome på plate. Eg vil likevel presisere at eg er ein glad amatør, som likar å ordlegge meg om personlege opplevingar gjennom dikt. At min gode venn Geir Bråten har sett toner til dikta, gjer det heile komplett, smiler ho.

Geir Bråten er frå Veme på Ringerike. Han har synge og spelt rundt omkring sidan 1968. Bråten har b.la kora til Wenche Myhre, Pavarotti og Domingo. Han har gått på konservatoriet, er cand.mag og har undervist musikk i 45 år. Bråten komponerer, er låtskrivar, syng og spelar. Det er 4. året han gjestar KulturBakkane på Folkestad. Tidlegare har han vore med på bokutgivingar, og no CD – der han har tonesett mange av dikta til Randi Lise Rønnestad.