Av Svein Nordal

Det seier Magne Vinje, som er assisterande samferdslesjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

 

LES OGSÅ: To mil til butikken, og buss ein gong i veka

 

–Dei to damene har ein halvårleg saldo på TT-kortet for funksjonshemma på 2200 kroner. Og dessverre, slik regelverket no er, har vi ikkje meir å gje dei. Trass i at det som sagt samfunnsøkonomisk ville ha lønt seg med god margin, seier Vinje.

Han har eit TT-kort-budsjett på vel femten millionar kroner i år, og dette skal fordelast på 6600 brukarar.

–Dei som bur over ei mil frå kommunesenteret får litt meir enn dei som bur nær eller i sentrum. Men som du ser: For nokre held dette berre til to – tre drosjeturar til butikken per år, seier Vinje.

Det ideelle nivået

–Du meiner det burde ha blitt brukt mykje meir pengar på dette?

–Ja. Møre og Romsdal har dei siste tre åra vore med på eit prøveprosjekt der vi gjev 15.500 reisestøtte til rundt 250 brukarar, men dei som førebels er med, er rullestolbrukarar, blinde og sterkt svaksynte.

–Ja, dette ville ha halde til ein drosjetur per veke for Olaug og Solaug, Vinje….

–Ja, og ideelt sett er det opp på dette nivået vi bør kome. Slik kunne langt fleire ha levd eit fullverdig liv i heimen og heimbygda så lenge som muleg. Og det ville ha lønt seg samfunnsøkonomisk, seier Vinje, og legg til at det kanskje i enkelte kommunar er råd å søkje kommunen eller Nav om meir reisestøtte.

Ingen pott i Volda

–Vi har ingen slik pott som dei to damene kan søkje om støtte frå. Eit alternativ kunne ha vore å kombinere det med skuleskyssordninga, seier Jørgen Amdam, ordførar i Volda.

–Men der er jo knapt ungar att i bygda?

–Nei, og det er problemet i slike bygder, det tynnest ut på alle frontar.

–Assisterande samferdsledirektør i fylket meiner det ville ha vore god samfunnsøkonomi å bruke meir pengar på reisestøtte til eldre på bygdene. Veit du kva ein institusjonsplass for eldre kostar i Volda?

–Akkurat no har eg ikkje talet framfor meg. Omsorgsbustader skal i prinsippet vere sjølvfinansierande, seier Amdam.