Av Charlotte Karoline Kvistad

På Dimnøya ligg eit økologisk andelslandbruk, der folk får dyrke sin eigen mat ved å kjøpe seg inn. Saman utførar andeleigarane såing, luking og hausting, og delar utbyttet av grønsaker i gode og dårlege år. Initiativtakar Lisa Mari Breivik Anderson og jordeigar Lars Inge Breivik er inne i sitt andre år med drifta.

LANDBRUK: Lisa Mari Breivik Anderson saman med far sin Lars Inge Breivik, som held barnebarnet Amanda. Breivik fortel at dei har planta løk og gulrot saman, for løkfluga likar ikkje lukta av gulrot og fluga som likar gulrot likar ikkje lukta av løk. Ved økologisk drift brukar dei ikkje sprøytemiddel. Foto: Charlotte Karoline Kvistad

Realisert draumen

Lisa Mari Breivik Anderson driv saman med far sin, Lars Inge Breivik. Dei bur fast på garden. Familien likar å sjå plantene veks og samspelet i naturen.

– Det er heilt fantastisk å realisere draumen, og vi har gjort oss gode erfaringar med drifta. Det er mykje spennande å lære. Eg har alltid ønskt å ha grønsaker rett utanfor døra. Vi held på å utforske ulike økologiske sortar, og seinare skal vi dyrke for eksternt sal, seier Anderson.

– Vi har prøva og feila. Der er positivt og negativt å dyrke økologisk. Å halde ugraset å sjakk kan vere eit problem. Men vi skapar oss løysingar, som å ha kortklipt gras rundt potetene på åkeren. Det held ugraset i sjakk. Vi skulle hatt ti til i drifta, berre til luking, smiler Breivik.

BIER: Breivik har vore birøktar sidan 1974. I år har han 26 bikuber. Foto: Charlotte Karoline Kvistad

Interesse for økologi

I år har Gjerdsbakkane Andelslandbruk 15 andeleigarane her-i-frå, og dei fleste er barnefamiliar. Det er enklare for dei som bur nært å hauste salat og bær til dagleg bruk. Breivik fortel at i fjor hadde dei nokon frå Ålesund som dyrka her, og det vart langt å reise for å plukke salat til middagen eller jordbær til dessert.

– Eg har inntrykk av at andeleigarane her er nøgd. Også dei som var her i fjor, men heldigvis er det kome fleire andelslandbruk som ligg nærmare desse. Folk er her mykje, meir enn dei hadde trengt, seier Anderson.

– Mange kjem for å nyte fuglesongen og sola. Det er sosialt. Og det sosiale er det beste for min del, seier Breivik.

Det har vore, og er, stor interesse for å dyrke maten sjølv og det gode fellesskapet, fortel Breivik, og dei fleste har interesse for økologi.

– Interessa for potet er stor, og vi har åtte ulike typar poteter. Vi finn ut kva type som trivs best hjå oss. I tillegg har vi rabbe, lauk, purre, ulike salat- og kåltypar, for å nemne noko, seier Breivik.

Utvidar drifta

Framover ynskjer dei å utvide drifta til 20 – 25 andeleigarar totalt. Anderson vedgår at det er mykje arbeid å drive, men det likar både ho og far.

– Eg har jobba som lærar før, men no satsar eg 100 prosent på firmaet mitt «Gode Greier». Då treng eg eit eige område til dyrking til «Gode Greier». Det vert meir arbeid på oss, men det vert ein del av mitt firma, smiler Anderson.

– Å vere andeleigar kostar 1500 kr per år, i tillegg kjem innmeldingsavgifta på 500 kr første år. Ein kan kjøpe andel i bikube og vere garantert 3 kg honning, for 1000 kr. Viss det er eit godt år får ein sjølvsagt utbytte deretter, seier Breivik, som har vore birøktar sidan 1974.