Av Svein Nordal

Det seier Taher Tamimi (45) og Uthman Harbid (30) – begge lokalpolitikarar for Arbeidarpartiet – Tamimi vara i Ørsta kommunestyre og Harbid fast representant i Volda.

Les også: – Nyttar å kjempe mot hat-ytringar

Dei to rosar sambuarparet Håvard Krøvel-Velle og Marit Karoline Hjorthol, som i går melde hat-ytringar på facebook-gruppa «Fedrelandet viktigst» til politiet. Paret meiner det fløymer over av hat-ytringar på nettet, og oppmodar folk om å melde slikt til politiet, sidan det er brot på Straffelova § 185.

Medlemmer i gruppa hadde fått spørsmål om kva dei ville gjere viss sonen eller dottera vart saman med ein muslim. Svara var mildt sagt valdelege: Ein ville ha steina dottera, ein annan ville ha skote den vordande sonen, – og ei mor skrytte veldig av at ho hadde oppdratt den seksten år gamle dottera si så «godt» at jenta allereie hadde «banka fleire pakkisar»…

Tragikomisk

– Dette er jo tragikomiske ytringar. Når eg les slike ytringar, tenkjer eg at det er personar på eit svært lavt nivå som skriv slikt, både sosialt og intelligensmessig. Eg må jo le av det også, sjølv kor ille det er, seier Harbid, som er palestinar og vaks opp i Gaza.

ULIKE: – Vi muslimar er jo like differensierte som folk frå til dømes Vest-Europa. Sjølv er trur eg jo ikkje på Gud, seier Taher Tamimi (45). Både han og Uthman Harbid (30) er kommunepolitikarar for Ap.

Tamimi og Harbid vil følgje sambuarparet sitt eksempel og melde ekstra ille hatytringar dei kjem over til politiet.

Trur ikkje på Gud

– Rasisme er det ingen som er tente med. Og eg trur at ein av grunnane til at det oppstår, er at folk blir skremte, delvis av media. Muslimar blir omtalte som ei einsarta gruppe, og vert assosierte med terror, seier Tamimi, som var opposisjonell i Iran og sat fengsla i fleire år.

– Sjølv vart eg jo fødd som muslim, men eg er sekulær muslim. Eg trur altså ikkje på Gud. Vi er jo alle slags folk vi muslimar også, truande og ikkje-truande. Og ja, det finst nokre svært konservative muslimar her på Søre Sunnmøre også – på same måte som det finst nokre svært konservative kristne, påpeikar Tamimi.

Usamde

– Og du og eg, Tamimi, er jo også nokså usamde på nokre felt, sjølv om vi begge er moderate muslimar, pratar arabisk og er politikarar for Arbeidarpartiet, seier Harbid.

– Ja! Eg meiner ein bør støtte opp om alle dei politiske leiarane i dei arabiske landa. Det meiner eg trass i at eg altså er sekulær, og fleire av desse leiarane er svært religiøse. Eg trur at støtte og samarbeid er vegen mot framgang i desse landa – at dei på sikt kan bli meir sekulære og demokratiske.

– Og eg støttar ingen av leiarane i dei arabiske landa. Dei står på ingen måte for det demokratiske verdisettet eg har. Erdogan i Tyrkia har fått mykje kritikk, men han er jo den mest vest-vende leiaren i den muslimske verda no, seier Harbid.

«Haram»

Han har gitt dei to små sønene sine internasjonale namn – Sam og Adam – og dei går i barnehage med kristen formålsparagraf.

– Eg trur risikoen for at dei skal bli utsette for rasisme vert mindre på den måten. Sjølv om vi er muslimar, og kona mi vel å bruke hijab – trass i at eg er imot det. Ho må få velje sjølv.

– Rasisme er ille og noko vi må få bukt med. Men det finst også  «gale» muslimar som kjem hit og nektar å innordne seg reglane her. Då eg gjekk på introduksjonskurs skulle vi ein dag besøkje kyrkja i Ørsta. Eit par av damene på kurset vart sinte, meinte det var «haram» og ei stor synd berre å gå inn i kyrkjerommet på synfaring. Eg spurde dei då kvifor dei er her i landet, seier Tamimi.

Lakris

Begge dei to politikarane har i liten grad blitt utsette for rasisme sjølve. Tamimi har ignorert det dei få gongane det har skjedd.

– Og eg kan kome på berre ein episode. Eg var saman med ei pen, norsk jente ein periode for nokre år sidan. Vi var på kafé i Ørsta, og då kom det ein sur fyr i 30-åra og kalla meg «lakris». Eg berre lo av det…

– Men eg har jo vore vitne til rasisme her: Ei kvinne som hadde blitt adoptert til Norge som to-åring og blitt gift med ein «kvit» nordmann gjekk tur saman med barna sine i Ørsta. Då var i 32 – og fekk spørsmål om når ho og ungane hadde tenkt å reise frå Norge og heim igjen…