Av Gunnar Wiik

Til denne tid har eg padla mest i lag med gode kompisar. Men det er ikkje alltid slik at alle mine idéar om ulike padledestinasjonar vinn fram i kameratflokken.  Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har foreslått Grasøya som turmål, men blitt nedstemt.

GRASØYA: Antje Meier og underteikna nærmar oss Grasøya. FOTO: GUNNAR WIIK

Eg trudde ei stund at det kanskje aldri ville skje. Men så begynte vinden etter kvart å blåse min veg. Tinga begynte å snu då eg via Facebook-sida «Padlevenner» kom i kontakt med den tysk-fødde Volda-kvinna Antje Meier.

Etter at vi saman hadde padla ein tur til Vattøya, fortalde eg henne om min store draum – å padle til Grasøyane og gå i land der. Det smått utrulege var at Antje bar på den same draumen! Frå då av gjekk det ikkje lenge før vi bestemte oss for å prøve oss på Grasøya, saman.

Men der er altså nokre gode grunnar til at Grasøya ikkje er førstevalet til folk som akkurat har oppdaga kajakkpadling. Det er eit krevjande turmål, sidan den ligg der den ligg, i det vi kan kalle ope hav. Men også som følgje av at det stort sett berre er hausten og vinteren at det er lov å gå i land der – på grunn av fredinga i perioden 15. april – 15. august. Det begrensa dagslyset på seinhausten og vinteren er ein annan faktor som må takast med i vurderingane, for den som ønskjer å padle dit ut.

SKIFTANDE: Her ute i havgapet er det spennande å følgje med på både vérskifte og dei konstante endringane i lyset. FOTO: GUNNAR WIIK

Etter å ha følgt nøye med på vérvarsla dag for dag i ein periode, vart vi einige om å gjere eit forsøk den førstkomande fredagen. Vi ordna oss begge fri frå jobbane våre, og det meste såg bra ut.

Ulsteinfjorden låg der heilt stille og gav speglbilde av ein purpurfarga himmel då fredagen grydde av dag, og Antje og underteikna møttest ved Osnessanden i Ulsteinvik.

Men med rykande ferske meldingar om aukande vind rundt Grasøya utover dagen, var vi begge skeptiske til om det ville vere forsvarleg å padle så langt ut.

Vi vart einige om å sjå an forholda. Vi padla sakte utover Ulsteinfjorden og forbi Vattøya. Då vi var komne ut til Sandøya – som er siste utpost før den krevjande, vérutsette distansen ut til Grasøya – bestemte vi oss:

– Vi gjer det!

KOKK: Underteikna i aksjon med stormkjøkkenet. Omelett og fiskesuppe stod på menyen. FOTO: ANTJE MEIER

MATPAUSE: Antje likte den nysteikte omeletten. FOTO: GUNNAR WIIK

Det å padle i kajakk gir nærkontakt med sjølivet, både over og under vatn. Men på havet kan augene sjå heilt ut til horisonten, og det gir meg ei fantastisk kjensle av grenseløyse og fridom, kommenterte Antje, som i hennar lette glasfiberkajakk såg ut til å vere uredd ope hav.

Etter at Sandøya var tilbakelagt, verka det visuelle kystlandskapet nærast uforanderleg i den retninga vi padla. Vi kunne skimte Grasøyane fyr langt der framme, men det var stort sett berre himmel og hav å sjå. Men etter halvanna times padling frå Sandøya kunne vi endeleg gå i land på Grasøya.

Etter ei kjapp matykt var vi klare for å gå på oppdagarferd med kvart vårt kamera. Vi er begge ivrige hobbyfotografar, og her var vi komne til ein meir enn gjennomsnittleg fotogen stad. Ikkje minst blei vi begge fascinert av dei stadige endringane i lyset.

– Øya er veldig liten; eigentleg er det jo ein holme, dette. Men her er så mykje spennande å sjå og fotografere! Fyret blir jo gjerne hovudmotivet, men her er også andre bygg som er verdt å utforske, seier Antje, og legg til:

– Aller mest inntrykk på meg gjorde naturen. Trass i dei mange stormane, med sterk vind og kraftige bølgjer, veks det fargerike planter og lav på svaberga. Dette hadde vore ein perfekt feriestad for meg; her skulle eg gjerne hatt ei hytte!

FYR.: Kreativ tolking av Grasøyane fyr. FOTO: ANTJE MEIER

Det tek litt tid å få senka skuldrane, sjølv på ein stad som Grasøya. Det var heilt ubeskriveleg flott å rusle rundt der, men eg hadde heile tida i tankane at vi snart burde stikke derifrå. Vérvarselet var usikkert, og derfor blei ikkje opphaldet på fyrholmen meir enn om lag halvannan time. Spenningsmomentet var om, og i tilfelle når det ville blåse opp, og i så fall kor sterk vinden og bølgjene ville bli for oss. Men vi kom oss trygt heim til Osnessanden, der vi skilde lag.

Vi let fotografia våre skildre det som ikkje er blitt uttrykt med ord – nemleg at vi begge forelska oss i Grasøya.