Av Svein Nordal

Det fortel Yngve Frøland og Kai Are Urkegjerde (begge 31), idet dei gaidar oss rundt i gamle Sæbø Damskipsekspedisjon frå 1930. Ti Sæbø-familiar har kjøpt huset av Ørsta kommune for 100.000 kroner, og vil gjere det om til ei diger bygdestove.

KAIHUS: Dampskipsekspedisjonen har sett sitt preg på Sæbø sentrum i 85 år.

– Her er ein del oppshining å gjere, men vi vil jo også prøve å bevare det autentiske ved huset, seier dei to.

 

LES OGSÅ: – Tilbakeflyttarar ignorerer jantelova

 

500 år

Allereie frå då kyrkja vart flytta frå Hustad til Sæbø på 1500-talet, var akkurat dette samlingsstaden for hjørundfjordingane. Ein stor landingsvor vart bygd her, og folket samla seg her før og etter gudstenesta preikesøndagane.

For om lag 85 år sidan vart ”Damskipsekspedisjonen” bygd, og her var ofte stappfullt med folk og eit yrande liv då rutebåten frå Ålesund la til. Bygningen romma også kommunestyresal, ordførarkontor og lensmannskontor, og det har også vore drive skule i ein del av huset.

Tragedien

Og det var ei tragisk hending i huset 11. mai 1945, noko som sette ein brå stopp for frigjeringsgleda i fjorden. Lensmann Martinus Riise vart skoten av to tyskarar som hadde rømt frå militærforlegninga på Vigra. Riise, som var bestefaren til TV2-kjendisen Arill Riise, døydde nokre dagar seinare av skotskadane.

KULEHOL: To kulehol i veggen vitnar framleis om tragedien 11. mai 1945.

Dei to tyskarane hadde den 10. mai tatt seg inn til Lekneset på andre sida av fjorden, og sa til gardbrukaren Johan Leknes at dei ville ta kontakt med lensmannen og heimefronten.

Fem skot

Lensmann Riise vart varsla, og han tok straks kontakt med Ålesund Politikammer, som lovde hjelp frå heimefronten i Ørsta, så lensmannen kunne ta hand om tyskarane dagen etter. 11. mai kom ei gruppe frå heimefronten til Sæbø. Kort tid etter kunne ein sjå ein båt kome roande over frå Lekneset. Blant dei om bord var dei to tyske rømlingane.

Lensmann Riise og sonen John tok med seg tyskarane opp trappa til lensmannskontoret. Riise gav teikn til heimefrontmennene Oddvin Vatne og Petter E. Krøvel at dei skulle følgje etter. Far og son Riise og tyskarane gjekk først inn på kontoret, men då Vatne og Krøvel kom til syne i døra, small fem skot. Begge seig over ende.

Tyskarane stakk så inn i eit lite rom ved sida av. Lensmannen ropte ut vindauget til presten om at han måtte kome og vere tolk. Så gjekk lensmannen mot tyskarane og kommanderte: ”Av med kappene, legg ned våpna!”.
Til å begynne med såg det ut som dei ville lystre, men så såg John Riise at den eine tyskaren trekte ein revolver. John Riise sprang på tyskaren, eit skot gjekk av forbi John og trefte faren Martinus.

Skaut tyskaren

– Eg tvinga løpet inn mot brystet på tyskaren slik at han ikkje fekk trykt av igjen. Inn storma John Vatne og skaut tyskaren ned. Den andre tyskaren sprang på far etter far var skoten og skulle få tak i revolveren, men far slo han ned så han fauk over bordet og vart liggjande i svime borte i ei krå, fortalde John Riise 25 år seinare, i 1970.

FAKSIMILE: Faksimile av artikkel frå 1970 om lensmansskytinga.

Martinus Riise, Petter E. Krøvel og Odvin Vatne vart frakta til sjukehuset i Volda. Krøvel og Vatne overlevde, men lensmannen døde 16. mai.

Dei to tyske soldatane vart førde til Ålesund for avhøyr. Han som vart skoten i kampen, døydde i cella seinare. Han som skaut, skal ha sagt: ”Det var synd at eg ikkje skulle klare å skyte fleire i denne kampen.” Noko meir forklaring fekk ein aldri, men i lomma til ein av tyskarane fann dei eit kart med ruta frå Ålesund til Lekneset, og vidare til lensmannsgarden på Rise. Ruta var teikna med raud strek, og enda på lensmannsgarden, som det var sett eit kryss over.

Liv og røre igjen

– Det er viktig for oss å ta vare på historia her ved kaia og fjorden. Samtidig er det eit mål å få liv i kaimiljøet igjen. Huset har stått nesten tomt ei tid no, med unntak av at ex-ordførar Nils Taklo har galleri her. No ser vi føre oss øvingslokale, musikkstudio, dokumentasjonssenter for skred, forsamlings- og møterom, og ein samlingsstad i kjellaren, seier Urkegjerde og Frøland.

Oppsving

På få år har Sæbø fått ein oppsving i unge familiar og turisme, og bygdefolket har realisert ”ute-forsamlingshus” ved stranda, flotte turstiar og bygdekino. Siste skot på stammen er flytande sauna —- og altså bygdestova på dampskips-ekspedisjonen.

– Ja, saunaen er snart klar til bruk. No skal vi berre få omnen på plass og leggje siste hand på verket, smiler Bendik Hagen Røssevold (26) og Tommy Riise Olsen (28) – to av initiativtakarane bak det flytadne byggverket, som får sin faste plass ved gamle-ferjekaia og hotellet.

SJØSAUNA: Bendik Hagen Røssevold og Tommy Riise Olsen legg siste hand på sjøsaunaen.

Begge bur no i Oslo, men har tatt fleire turar heim til Sæbø for å vere med på dugnaden og byggjeprosjektet.
– Ja, med denne går det jo an å ta badstu midtfjords også?

– I alle fall i teorien, men det veit vi ikkje om vi tek sjansen på. Men den er absolutt flyttbar, ja, og vi skal blant anna taue den inn til Indiefjord-arrangementet på Bjørke.

Kaptein Due

Dei mange entusiastane på Sæbø har også bygd kunstgrasbane på dugnad, og sett opp fleire grindbygg på Kapteinskvia, som har blitt reine idyllen.
– Kapteinskvia har forresten namn etter den legendariske kaptein Due, som budde på Sæbø på 1700-talet. Han skal ha møtt opp i kyrkja i full uniform og med sabel…