Av Charlotte Kviestad

Ann Charlotte Franke (49) driv klinikk i Ulsteinvik. Som utdanna allmennpraktiserande akupunktør og homeopat, samt kognitiv terapeut, set ho heile menneske i fokus ved behandling – både det fysiske og emosjonelle, samt kosthald og ernæring. I år har terapeuten frå Langesund 25 års jubileum.

– Eg har hatt mest suksess der personar ikkje har fått hjelp frå helsevesenet eller andre terapeutar, eller når skulemedisin gjev uønska biverknader, seier Franke.

Den tidlegare læraren ved Ulstein Vidaregåande Skule og forfattar frå Hareid, Sverre Bjåstad (73), tok kontakt med klinikk «Ann Charlotte Franke» grunna problem med magen. Dei siste fem til ti åra hadde Bjåstad opplevd oppblåst og uroleg mage.

ULSTEINVIK:  Sverre Bjåstad meiner at han har fått bygd opp igjen immunforsvaret sitt ved hjelp av akupunktur.

Testar matintoleranse

– Eg prøvde å kutte ut kaffi ei stund, men magen vart ikkje bra av det. Legen min tok allergitest og prøveresultata viste at alt var fint. Når eg kom hit så kutta eg først ut kveitemjøl og sukker, produkt som fleire folk bruker å reagere på. Det vart litt betre, men eg tenkte det var meir. Etter nokre månader tok eg ein intoleransetest. Svaret var EGG! Det var ikkje mistenkeleggjort før, og eg brukte å ete veldig mykje egg, seier Bjåstad.

Då Bjåstad slutta med egg registrerte han han betring på to tredelar. I tillegg fikk Bjåstad behandling med akupunktur, der målet var å stabilisere magen og byggje opp immunforsvaret.

– Eg testar 96 ulike matvarer og sender prøvene til USA. Eg meiner resultatet derifrå er til å stole på, og meiner så godt som alle mine pasientar har vore nøgde. Testen får luka ut kva den einskilde reagerer på. Det er forskjell på allergi og intoleranse, og kor høgt på skalaen ein reagerer, meiner Franke.

Mageproblem og matintoleranse kan kome av for mykje inntak av halvfabrikat, sukker og kvitt mjøl, meiner Franke. Ho meiner halvfabrikat er lite heldig for kroppen – då det manglar naturleg enzym, vitamin og næringsstoff, samt at det inneheld konserveringsmiddel.

Stress gjer oss sjuke

– Å kjøpe del i andelslandbruk er ei mogleg løysing for meir næringsrik mat. Vi er ikkje skapt til unaturleg mat. Folk lever stressande liv, og stress gjer oss sjuke. I akupunkturen har vi gode punkt for mageplager, og mine pasientar har hatt god effekt av tilskot som gjev rett næring og er med på å gjenopprette balansen, seier Franke.

I samband med fordøyelse, anbefaler Franke å ta tilskot i form av gode tarmbakterier, Omega 3 av god kvalitet og himalayasalt.

– Ulike typar infeksjonar som er gjentakande, og akutt øyre- , hals- og biholebetennelse, har eg spesielt gode resultat med. Eg behandlar både barn og vaksne, seier Franke.

Som lita jente, var Franke plaga med gjentakande hals- og ørebetennelse. Barndomen var prega av antibiotikakurer. Mora hennar tok ho med til ein akupunktør/homeopat, 16 år gamal. Franke vart kvitt både infeksjonane i øre og hals, pollen-alleri og migrene. Penicillin har ho ikkje trengt sidan.

– Eg fekk hjelp sjølv, og tenkte «JA! Dette skal eg bli!» Eg ville hjelpe andre, og utdanna meg til homeopat, kost og ernæringsrettleiar, og akupunktør. Eg starta som terapeut i Oslo, og no har eg vore 19 år i Ulsteinvik, seier Franke.

Bjåstad har vore plaga med smerter i skuldrane i nær 20 år. Han har vore operert og fått medisinsk behandling, utan å oppleve det som godt nok. Etter tilråding frå legen sin, oppsøkte Bjåstad akupunktør Svein Vattøy som vart til stor hjelp for smertene.

SPEIL-BEHANDLING: Ved å setje nåler i føtene, menier Ann Charlotte Franke at det kan løyse opp spenningar i kroppen.

Fekk hjelp

Under Nibberittet i år hadde Bjåstad eit sykkelvelt i nedoverbakke. Han måtte på sjukehus etter å ha skada nakke og venstre skulder. Legen sa at Bjåstad måtte vente i to-tre månader før betring.

– Eg reiste til Franke og fekk akupunkturbehandling. Før behandling var eg stiv i nakken og greidde nesten ikkje å snu på hovudet. Etter 20 minutt vart smerta mindre, og etter 60 minutts behandling var smertene vekk. Eg kunne gå heim og måle huset, utan smerte. Dette er det raskaste svaret eg nokon gong har hatt på ei behandling. Det er imponerande, eg har ikkje vore så bra i skuldrane på 20 år, fortel Bjåstad.

– Eg har knapt opplevd ei så stor openbaring før. Eg hadde ikkje gått til Ann Charlotte Franke viss eg ikkje hadde fått hjelp. I utgangspunktet er eg ein skeptikar og realist, seier Sverre Bjåstad.