Av Charlotte Karoline Kvistad

Det seier syskena Gunvor og Tore Ulstein. Det familieeigde selskapet starta 9. august 1917, og opererer innan skipsbygging, design og systemleveransar. Ulstein Group har dei siste to – tre åra erfart nedgang i selskapet. I fjor vart driftsresultatet -247,2 millionar kroner, og i 2015 var det -95,2 millionar kroner. Tore førespeglar at dei vil vere i denne situasjonen eit par år til, før det stabiliserer seg.

Les også: Slik blir 100-årsfesten

–Det første signalet på at det snur er at vi vinn kontraktar og får vere med på nye prosjekt, samt at nye tek kontakt med oss. I 100 år har vi bygd kompetanse. Vi skal kome oss igjennom denne perioden, seier visekonsernsjef Tore.

–Vi må utnytte alle delar av organisasjonen. Vi må selje ideane og investere i framtida. No tapar vi pengar, men vi er på veg. Framover treng vi å vinne fleire kontraktar, seier konsernsjef Gunvor.

KONTRAKTER 2017: Ulstein Verft skal byggje Color Lines nye hybridskip, modellen fremst, som skal vere klar sommaren 2019. Skipsmodellen bak er eit vindfartøy, bestilt av Acta Marine. Foto: Charlotte Karoline Kvistad

Cruise og offshorevind

I Ulstein Group er alle einige om å omstille seg til nye områder, og dei satsar framover på cruiseskip og offshorevind fartøy. I februar vann dei kontrakten med Color Line og skal byggje verdas største plug-in hybridskip, RoPax. Den miljøvenleg ferja skal i drift frå sommaren 2019 for strekninga Sandefjord – Strömstad. På nyåret vann Ulstein også kontakta med å byggje eit konstruksjonsstøttefartøy for det nederlandske selskapet Acta Marine B.V. Skipet er primært tiltenkt arbeid i offshorevindmarknaden.

–Vi må tenke nytt innan cruise og leverer små cruiseskip, RoPax. Å byggje skip er arbeidskrevjande, og Ulstein kompenserer med ny teknologi og krevjande operasjonar på havbotnen. Inntekter vil forsvinne over relativ kort tid, men det gjer ikkje utgifter, seier Tore.

–Vi må kunne overleve i framtida. Offshorevind er i vekstmarknaden og har mykje til felles med offshore olje og gass, og vi må tenkje på kvar vi kan nytte kompetansen vår. Bestefar og far lærte oss at vi alltid må finne ut korleis vi kan utvikle oss. Vi er ikkje redd for forandring, seier Gunvor.

Ulstein Group, med Tore og Gunvor i spissen, skal sjå endringane som kjem og bruke det til sin fordel. Dei må sjå trendskifta raskt nok til å kompensere på alle områder.

Lokal forankring

At eigarskapen til selskapet er lokal, er viktig for Ulstein Group. Gunvor forklarar at når dei sit som eigarar i Ulstein, føler dei ansvar for lokalsamfunnet. Dei treff sambygdingar på fotballbana og ved fritidsaktivitetar. Det vert ei nærheit, legg Tore til.

–Vi bidrog til Ulsteinhallen saman med lokalsamfunnet, og hadde vi budd i utlandet kunne det vore vanskelegare å få støtte til prosjekt lokalt, seier Gunvor.

–I Norge må vi betale formueskatt også når vi tapar pengar. Då må vi ta utbyte frå selskapet for å betale. Hadde vi budd i London, hadde vi ikkje måtte betalt. Det er ikkje synd i Gunvor og meg, men vi kunne behalde meir pengar i bedrifta utan formueskatten og utvikla fleire arbeidsplassar, seier Tore.

Omstilling kostar pengar og Ulstein Group må ha kapital. Gunvor er stolt av Ulstein Group som er 100 år, men seier at dei aldri kan vere nøgde – er dei nøgde, så går andre forbi.

–Er Ulstein Group interessert i å kjøpe Kleven?

–Nei, vi er ikkje på utkik etter å kjøpe meir skipsbygging.
–Vi bygde dokkhall. Den gjer oss i stand til å byggje skip over lengre tid. Vi sel skip over heile verda. Norge er eit høgkostland! Då må vi velje aktivitetar som kan forsvare det kostnadsnivået vi har.

BEGEISTRING: Tore og Gunvor Ulstein, saman med kommunikasjonssjef Lene Trude Solheim, kikar på ei ordrebok frå 1917 som vart henta fram frå gamle kasser til 100 års-markeringa. Foto: Charlotte Karoline Kvistad.

Vi hadde ikkje greidd å skape så mykje verdiar, dersom vi hadde skapt alt sjølv, seier Gunvor. Medan dei bygde tre båtar, leverte dei utstyrspakkar til 15-20 båtar ute.

–Når vi byggjer kjem 90 prosent av skipet frå lokalt. Men når vi sel utstyrspakkar til Kina, får vi ei verdiskaping på 50 – 60 prosent. Vi treng begge delar, seier Tore.

I dei siste åra har mange arbeidarar vorte permittert. Gunvor fortel at dei har gode reglar for permitterte, med blant anna kompetansehevande kurs. Men det kan vere vanskeleg å få tilbake nokon av dei gode som dei hadde.

–Her har vi høgt betalte jobbar, det er utvikling av eit velferdssamfunn. Folk med rett kompetanse er avgjerande for framtida våra, seier Tore.

Store visjonar for havet

I framtida har dei to ein draum om å hauste meir verdiar frå havet. Heile 70 prosent av jordkloden er dekka av havet, og Tore meiner at mykje spennande vil skje i havområdet.

–Menneska treng mat! Vi må hauste frå havet. Det er ein liten del av proteinet i maten som kjem frå havet. Fiskeri og offshore har potensial for framtidig utvikling av havområdet, seier Tore.

–Vi har mykje å hente frå havbotnen og grunnen under. Vi må gå vidare på det vi har gjort, og skape ny teknologi. Vi trur på ei god framtid for oss og den maritime klynga, seier Gunvor.