Av Svein Nordal

Sjølv stiller han med si kjære Boble 1200 frå 1964, som har berre nokre og tretti hestekrefter under bakdøra.

–Ein staseleg og godt halden bil som eg kjøpte i fjor. Bobla vart for det meste brukt som bil til og frå kyrkja på Biri. Ei etter kvart gammal dame var eigar av bilen i alle år, fortel Lillebø, som var på utstilling i Fosnavåg med bilen 1. mai.

GLIS: Ein av dei argaste bilane på fjorårets treff.

–Det gjekk litt tungt opp bakkane i Eiksundtunnelen, smiler Lillebø, som jobbar som bilmekanikar, og er folkevogn-frelst.

Bilane som skal stillast ut på ”Luftkjølt laurdag” må ha motoren bake, og motoren må vere luftkjølt. Det vil seie VW-bilar frå 1950-, 1960- og 1970-talet. Treffet vart arrangert i Vikegata i Ørsta sentrum første gong i fjor, og det vart stor suksess med mange hundre publikummarar. Og over femti utstilte VW-veteranbilar.

Lillebø var saman med Trygve Hovdenakk og Lena Bratteberg initiativtakarar bak treffet. Alle er med i klubben VolksWest.

NOSTALGI: Veteran-VW på rekkje og rad. Frå treffet i fjor.

–Vi håper sjølvsagt på å gjenta suksessen frå i fjor, då VW-eigarar frå Ørsta/Volda, Ulsteinvik, Ålesund, Fiskå, Fosnavåg og Åndalsnes stilte ut bilane sine. Treffet er sjølsagt gratis og det blir premiering av flottaste bil og loddtrekning blant publikum. Pølser, kaffi og kaker vert å få kjøpt. Alle som har luftkjølt VW er velkomne til Ørsta denne dagen. Og det er det same om du eig ein blankpussa bil eller ein med rust og mose på taket. Her er stor takhøgde så lenge det er luftkjølt VW, lovar Lillebø.

Som fortel at treffet er eit samarbeid med handelsstanden i Ørsta, som også sponsar ”Luftkjølt laurdag”.

Interessa for gamle VW er aukande her i distriktet, og det er mange samlarar på Søre Sunnmøre etter kvart. Medlemmene i VolksWest ynskjer å få eldre VW-eigarar med i klubben – slike som har hatt bobla si sidan dei kjøpte den ny.