Av Svein Nordal

Det seier Lene Drabløs (26) frå Dalsfjorden/Volda – med vesle Alvilde (10 månader) i eit (vevd) knytte på ryggen. Nesten eit slikt som dei har i Afrika, men som har blitt trendy i fleire vestlege land dei siste åra.

Masse kroppskontakt

– Ja, det er nettopp på grunn av dette at eg har blitt yngste deltakar her på vevstova på museet Brudavolltunet i Ørsta. Eg byrja å gå med Alvilde på ryggen, og tenkte etter kvart at eg burde lære meg å veve, så eg kunne lage fleire slike «innretningar» å bere henne i, smiler Lene.

– Det ser jo ut som ho trivst og kosar seg medan du jobbar?

– Ja! Ho er mitt andre barn, og eg merkar godt at ho grin lite, og masar lite. Ho er stort sett nøgd, truleg fordi ho får så mykje kroppskontakt med mora/meg. Og eg har jo hendene fri medan eg ber ho, og kan – som du ser – veve medan eg ber ho med meg. Og koke poteter, vaske opp, og så vidare…

Kutta estetiske fag

– Kjempeflott at i alle fall enkelte ungdommar ser verdien av å lære å veve – og også andre handverkstradisjonar, som faktisk er på veg til å døy ut no. I alle fall her i distriktet, seier Eldbjørg Lefdal (84) – tidlegare vevlærar på både Møre Folkehøgskule og Ørsta vidaregåande skule, der ho ei stund også var rektor.

SÅNN! -Sånn skal det gjerast, seier snart 85 år gamle Eldbjørg Lefdal. Lene (26) følgjer med, medan ti månader Alvilde truleg er mest oppteken av sine eigne tankar…

– Og der hadde vi jo vevlinje heilt fram til 1996. Då sette dåverande undervisningsminister Hernes kroken på døra, for «ingen kunne leve av å veve». Alle estetiske fag vart etter kvart skadelidande, men kanskje kan det sjå ut til at trenden snur no, seier Lefdal.

Lite kreative

Lene meiner også at det er svært synd at estetiske fag har vore nedprioriterte lenge i norsk skule.

– Det held jo ikkje berre med matematikk og norsk. Og annan teori. Viss vi nedprioriterer dei estetiske faga vil det gå ut over  kreativiteten til komande generasjonar. Og det har pågått lenge no, i alle fall eit par tiår. Eg håper det stemmer at trenden no snur, seier Lene Drabløs. Og kven veit? Kanskje kan nedprioriteringa av estetiske fag vere noko av forklaringa på at gamle teknikkar som vev er i ferd med å døy ut?

26-åringen har frå før tatt førskulelærarutdanning, og held no på å vidareutdanne seg til å bli småskulelærar.

– Og i mitt yrkesliv som lærar håpar eg altså at estetiske fag vert meir verdsett igjen, seier Lene.

Data og butikk

Det håpar også den nesten seksti år eldre tidlegare læraren Eldbjørg. Om all tradisjonell kunnskap skal kastast på båten til fordel for å taste på data og gå på butikken er det jo ikkje sikkert at det er så lurt i lengda…

– Før vart gammal kunnskap overlevert frå eine generasjonen til hin. Sjølv vaks eg opp på gard i Evje i Agder, og lærte å veve ved å sjå på mor mi. Eg fekk ikkje lov til å røyve veven, men sneik meg til ein gong ho var bortreist. Og ho klarte ikkje å sjå skilnad på kva ho og dottera hadde vevd, minnest Eldbjørg.

Og forresten: Vevstova i Brudavolltunet er open for alle, og dei har samling kvar tysdag. Men på dagtid, noko som set visse avgrensingar for kven som har høve til å vere med.