Lista er klar over dei som får delta på Landslagsskulen for 14- til 16-åringer. Unge talent frå heile landet kan vente seg lange og tøffe treningsdagar når dei møter eliten på sitt eige alderstrinn. Leiren blir på treningsfeltet til FK Vidar i Stavanger.  Landslagstrenarar og trenarar for Landslagsskulen skal ta del på leiren slik at det faglege utbyttet blir godt.

– Statoils Talentleir handlar om å lyfte fram morgondagens fotballheltar, og gje dei ein ekstra motivasjon til å halde fram den gode utviklinga. Held dei utvalte talenta gløden, innsatsen og læringsfokuset på topp, vil dei nå langt, seier Karen Onsager Keiserud, markedsdirektør i Statoil.

– NFF har hatt eit mangeårig og godt samarbeid med Statoil. Gjennom Statoils program «Morgendagens Helter», har dei bidratt til at fotballforbundet kan inspirere våre største talent gjennom «Statoil Talentleir». Statoil Talentleir utgjer øvste og siste steget i fotballforbundets spelarutviklingsmodell, «Landslagsskolen», seier Håkon Grøttland som er fagansvarleg for Landslagsskulen.

– Leiren har opp gjennom åra hatt ulike format og vi gjer nye grep i år og gjer leiren i Stavanger om til ein rein jenteleir. Vi ønskjer å fokusere alt på spelarutvikling og tilretteleggjing av ei kvalitetssamling for våre største talent. Vidare er 14 -åringane for fyrste gong på same stad som 15- og 16-åringane. Her har vi teke ut to troppar. Ei tropp for dei som er fødde fyrste halvår, og ei tropp for dei som er fødde siste halvår. Ut over det, har vi teke ut to landslag og to skyggelandslag, avsluttar Grøttland.