Av Svein Nordal

Gladmeldinga kjem frå Kjell Petter Wiik og Sigrun Knardal på Volda frikyrkje, som saman med Den Norske Kyrkja og pinsekyrkja Eben Eser skal arrangere Alphakurs framover hausten. Det startar på sjølvaste valkvelden 11. september, og så vert det ti måndagssamlingar før advent – samt ei i helgesamling på Kjeldsund.

–Målgruppa er alle som vil lære meir om kristen tru. Tvilarar er ekstra hjarteleg velkomne. For å bli med her, treng ein ikkje å ha noko livssyn i det heile – eller ein kan vere ateist, muslim eller eitkvart anna, fortel arrangørane.

Som legg til at dette ikkje berre er eit kurs for voldingar, men at folk frå heile distriktet er velkomne.

Valkollisjonen

Kurset varer frå sju til halv ti kvar måndagskveld etter 11. september, og det blir fellesmåltid, forelesing og gruppearbeid/diskusjon på kvart møte. Kvar samling har eitt hovudtema, til dømes «Kven er Jesus?», «Kvifor døde Jesus?», «Korleis kan vi tru?» og «Korleis kan eg gjere det beste ut av resten av livet mitt?». Med meir.

–Og dei som absolutt MÅ ha med seg heile valsendinga 11. september, får heller møte opp på samling nummer to, smiler Wiik.

24 millionar

Dei første alphakursa vart arrangert i England på 1970-talet, og i løpet av førti år har kursa blitt omsette til heile 112 språk, i Volda har det blitt arrangert slike kurs i vel tjue år no.
–Siste åra har tretti – førti vore med, men vi har jo plass til litt fleire enn det, seier Knardal, som fortel at årets kurs vert arrangert på frikyrkja i Volda.

SPØRSMÅL: Alphakurset er staden for å stille spørsmål, noko logoen skal signalisere.

Kristenmytar

–Kvifor arrangerer de alpha-kurs?

–Nei, det er vel så enkelt at vi ynskjer å gje eit tilbod til alle som ynskjer å lære litt meir om kristen tru. Uansett eigen ståstad. Enkelte år har vi hatt fleire flyktningar med på kursa også, så dette er absolutt ikkje eit tilbod for dei spesielt innvigde, eller kva ein skal seie. Sjølv om også dei er velkomne – det kan jo vere greitt å fornye seg og diskutere tru og tvil.

–Og så er det jo så mange mytar knytt til det å vere kristen. Nokre tenkjer sikkert at ein må vere sånn eller slik for å vere kristen eller vanke i kristne miljø. Men slik er det jo ikkje. Kanskje kan vi også klare å kome slike mytar til livs, seier Knardal.

Islamtabu

–Ja, og så er det vel slik at det i mange, mange år har vore stovereint å harsellere litt med kristne og kristendommen – medan det nærast er tabu å fortelje muslimvitsar?

–Hehe, ja, men det er truleg ikkje så artig lenger å halde hendelse med kristne, sidan vi toler å bli spøkte med, trur Wiik.

–Men det er nok nokre fordommar ute og går. Enkelte kursdeltakarar som ikkje til dagleg vankar i kristne kyrkjelydar har fortalt om litt forundra reaksjonar frå venene då dei har fortalt at dei skal vere med på alphakurs. «Hæ?? Er det ikkje slike kristne greier då?», har dei spurd, fortel Sigrun Knardal.

Våpenstillstand

–Jaja. Men som de var inne på – det går i alle fall litt fredelegare føre seg også mellom dei kristne kyrkjelydane enn tilfellet var i gamle dagar?

–Ja, absolutt. Viss ein går tretti år tilbake, ville det ha vore utenkjeleg at frikyrkja og pinsekyrkja arrangerte noko saman. Skiljelinjene er ikkje så store lenger, slår Wiik fast.