Av Hild Nordal

Om du tek av frå Kvivsvegen i retning Bjørke, køyrer forbi Bjørke kyrkje og gjennom Leira-tunnelen, då er du der. På Leira inst i Hjørundfjorden bur det 16 personar. Ei av løene i bygda har fått sett inn store vindauge, og ho ligg der raudmåla og i ro og gløser ut på verda.

–Å få opna opp løeveggen ut mot fjorden, det gjer heile rommet. Det er godt å vere her, synest John Inge.

GARDSBRUK: Jensaløda har fått store vindauge mot fjorden, og bygningen som før husa reiskapar, fôr og dyr, er no rom for menneske og musikk.

29-åringen trakterer tangentinstrument av mange slag. Han gjekk musikklinja på Volda vidaregåande skule, og deretter jazzlinja på Sund folkehøgskole i Trøndelag. Men så gjekk han litt lei av å drive med musikk heile tida, og valde å gå vidare på Norges landbrukshøgskole på Ås. For to og eit halvt år sidan flytta han heim til Jensagarden på vesle Leira.

Skulle bli bonde

–Tanken var å verte bonde, og å drive med musikk ved sida av. Men det har vorte så mykje musikk, forklarer 29-åringen.
John Inge er ein ettertrakta musikar på Sunnmøre, og i tillegg til frilansjobbing har han ei lita stilling som organist i kyrkja på Bjørke.

–No når jula nærmar seg har eg svært mange speleoppdrag, og eg har meir enn nok å gjere. Eg er ikkje så veldig god på å seie nei, smiler han.

Den sommaren John Inge flytta heim, hadde han konsert i løa på garden første gongen. Han rydda vekk verste rotet, støvsuga og ordna. Sommarsola skein inn gjennom sprekkene mellom veggborda, medan John Inge med band spelte og song for 80 publikummarar. I nabobygdene Viddal, Leira, Bjørke og i Skjåstaddalen bur det til saman under 100 menneske.

–Etter den konserten kom tanken om å gjere løa om til ein stad for musikk, fortel 29-åringen.

JENSALØDA: Løa på Jensagarden er gjort om til konsertsal, og planen er å få på plass toalett, baderom og over- nattingsplassar i fjøsen i underetasjen.

Flygelgarasje

Inne i Jensaløda er det varmt og godt. Her har John Inge og faren isolert vegger og golv, og bygd ein lys og fin konsertsal med god høgde under taket. Tre trøorgel og eit flygel står stille i salen og kviler i lyset frå dagen utanfor. Den gamle siloen er gjort om til flygelgarasje.

–Vi har hatt fire konsertar her i haust, og i desember blir det «Jul på sunnmørsk» med unge jazzmusikarar frå Sunnmøre. Eg har ikkje trengt å reklamere for konsertlokala mine, folk tek kontakt og spør om dei får spele her. Det er nok somme som synest det er litt eksotisk å halde konsert på ein liten stad utanfor allfarveg, seier John Inge.

Kjærasten Anna Liv Skjelten Gjendem (28) frå Molde, har flytta inn på Jensagarden saman med John Inge. Ho er folkedansar- og musikar, og dagleg leiar for Folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal.

SAMBUARAR: Kjærasten Anna Liv Skjelten Gjendem har flytta inn på garden til John Inge. Dei to har felles interesser i musikken.

– Det er noko slikt som Jensaløda eg alltid har drøymt om. Eg har vore innom tanken å kjøpe eit gammalt ungdomshus, og bruke det til både øvings- og konsertlokale, og kanskje bu der også. Å bu på bygda er veldig fint og fredeleg, eg føler eg får meir tid til å gjere det eg skal her, og det gjer meg ingenting at det er eit lite stykke å køyre til butikken, synest Anna.

Løa er under utvikling

Frå Leira tek det om lag ein halvtime å køyre til Volda sentrum, førti minutt til Ørsta sentrum, og tjue minutt til butikk i Hornindal.

–Bilkøyringa fram og tilbake på spelejobbar og anna er det einaste negative med å bu på Leira. Eg kan ikkje heilt forklare kvifor, men eg har alltid vore sikker på at det er her eg skal bu, skyt John Inge inn.

Han satsar på Leira, på bygda og naturen. På roa og freden – og musikken. Jensaløda skal få fjong foajé, toalett er under planlegging, og i fjøsen skal det verte overnattingsplassar. I tillegg til konsertar, ser John Inge føre seg å kunne leige ut til musikarar som treng ein stille stad å jobbe og øve, songkor som skal ha øvingshelg, og liknande.

–Eg har ikkje heilt lagt vekk tanken om å drive med geiter. Det er god plass til å byggje ein geitefjøs nedom løa her. Men akkurat no er det musikken det handlar om.