Av Svein Nordal

Gardbrukar Jan-Øystein Aksnes (38) og systemutviklar Bjørn Tore Aksnes (49) i firmaet Agrilogg AS på Rovde i Vanylven har nemleg utvikla ein web-app for smarttelefon, nettbrett og pc – eit multisystem der bønder med nokre tastetrykk kan halde styr på heile gardsdrifta.

–På appen, som også har namnet Agrilogg, kan bønder enkelt drive loggføring og rapportering av slått, gjødsling, sprøyting, beiteslepp og sanking, vedlikehald av bygningar, når kyrne kjem i brunst, – ja, til og med kor lenge det var sidan løa sist vart måla. Hehe, stolar ein på minnet der, viser erfaringane at vi bommar med i gjennomsnitt fire år, smiler Jan-Øystein.

Kveldsarbeid

Han driv gard med mjølke- og kjøtproduksjon på Rovde – og ein gard med turismesatsing i Innselsetbygda i Volda kommune. Og han er i ferd med å byggje nytt fjøs, så det seier seg sjølv at han har nok å henge fingrane i.

–Og med alle krava til dokumentasjon og rapportering følte eg at det vart svært mykje kveldsarbeid etter kvart. Og i staden for å prøve å halde kontrollen ved hjelp av mange permar, notisblokker, skjema og datafilar på mobilar og datamaskiner som jo kan kræsje når som helst, fekk eg ideen om å skape ein web-app – eit multisystem der ein på enkelt vis kan halde styr på alt som har med gardsdrifta å gjere, fortel Jan-Øystein.

Han tok kontakt med ein fjern slektning busett i Ørsta, Bjørn Tore, som er system-utviklar og etter eige utsegn ”bonde-venn”.

DUO: Duoen bak nyvinninga, Jan-Øystein Aksnes og Bjørn Tore Aksnes.

Stor interesse

–Vi har lagt ned mykje tid og arbeid på agrilogg-appen, og for vel eit halvår sidan lanserte vi den. Responsen har vore kjempegod,  og vi har allereie 1200 bønder frå heile landet som kundar. Desse betalar eit årleg abonnement på 948 kroner. Mange kjem til kvar einaste dag, og vi har fått svært gode tilbakemeldingar frå landbruksorganisasjonar og byråkratar, fortel Bjørn Tore.

Dei to har brukt facebook til marknadsføringa, og der er det tydeleg at kundane er godt fornøgde. Eit av sitata frå facebook-sida er som følgjer: ”Det beste som har skjedd i landbruket de siste fem åra”.

–Formålet med appen er som nemnt å gjere kvardagen enklare for bønder. Og ikkje minst å spare tid. Når ein til dømes er ute på ei attelege for å gjødsle, kan ein taste på appen og finne opplysningane frå fjoråret om tilstanden på akkurat dette arealet. Alternativet kunne ha vore å i irritasjon køyrt tilbake til gardstunet for å finne opplysningane i ein perm eller på laptopen.

APP: Slik ser agrilogg ut.

Brukarstyrt

–Heilt sidan vi byrja å jobbe med agrilogg, har vi samarbeidd med nærare to hundre bønder som har kome med innspel om kva appen bør innehalde. Det held vi fram med også når vi vidareutviklar systemet, seier Bjørn Tore, og legg til at alle opplysningar bonden legg inn vert lagra i ei ”sky”. Det går altså ikkje tapt om ein skulle kome i skade for å køyre over mobilen med traktoren, eller noko slikt.

–For meg er det ekstra bra, for eg knuser i gjennomsnitt ein mobiltelefon i året, flirer Jan-Øystein.

Utvida minne

Frå 2016 plikta bøndene å fylle ut eit skjema på to A4-sider for kvar einaste sprøyterunde dei tok. Med enkle grep kan no dette ordnast på agrilogg, medan dei framleis er ute på marka.

–Og agrilogg fungerer også som utvida minne for bonden. Om ein ynskjer det, kan ein få SMS med påminning om til dømes sørvis på maskiner og utstyr og viktige datoar og fristar i landbruket, fortel Jan Øystein Aksnes.

Han fortel vidare at dei stadig utviklar agrilogg vidare, og ser ikkje bort frå at det vil vere muleg å selje systemet utanfor landets grenser.

-Vi har kontor på den tidlegare møbelfabrikken på Rovde, og håpet er at vi snart kan tilsette fleire medarbeidarar, seier han.