Av Svein Nordal

Det fortel den 37 år gamle ørstingen Geir Sætre, som dei siste sytten åra har budd i Bergen og jobba med musikk. Han har ei fortid i banda Woo – som starta med å øve i den gamle Bruksbutikken i Ørsta og turnerte USA og Kina i 2004/2005. Då under bandnamnet «Ninth», men med fleire av dei same medlemmene som gamle Woo.

NINTH: Bandet Ninth i 2006, frå venstre: Bjørn Tore Taranger, Geir Sætre, Audun Havåg og Steinar Hjelmbrekke. Foto: Privat

Jackson-produsent

Trass i at Sætre og kompani vart oppdaga av produsenten Andrew Sheps – som tidlegare hadde samarbeidd med Michael Jackson, Johnny Cash og Metallica – kom aldri platekarriera til det lovande bandet i gang. Dermed sat Geir – som starta å skrive musikk som tolv – tretten-åring – med ein enorm katalog med uutgitt musikk. Nokre plater vart det rett nok (som «Ninth» og «Desert Son») – men ingenting i forhold til den enorme produksjonen han allereie då hadde bak seg.

PAUSE: Ein liten tur ut i sola medan han jobbar med å «nymåle» den gamle musikken sin. Foto: Privat

–Seint i 2013 bestemte eg meg for å gjere noko med dette, og starta å publisere ein låt kvar fjortande dag på nettsida geirsatre.com. Kvar song kjem ut saman med eit kunstverk. Eg er litt over halvvegs no, sidan sytti songar av 130 er publiserte, fortel Geir.

Og her er nettsida: geirsatre.com

Gammalt og nytt

Nokre av songane/verka vert berre remixa, det vil seie at Sætre bruker dei originale opptaka, som kan vere inntil tjue år gamle. Andre musikkstykke består av gamle og nye opptak, medan endå andre er reine nyinnspelingar.

–Ambisjonen er at alt skal høyrast nytt og friskt ut. Og sidan musikken er såpass tidlaus i stilen, kunne alt ha vore frå 2017, seier Sætre, som er skild trebarnsfar som tener pengane sine på å jobbe som musikkprodusent for andre artistar.

Kakafoni

–Og musikk er altså din religion, på ein måte?
–Ja! I aller høgste grad. Heilt sidan barndommen har musikk gjort eit enormt inntrykk på meg, og eg har uttrykt omtrent alle mine kjensler gjennom songane/musikkstykka eg har laga.

–Og det har ikkje blitt mindre med åra heller. For tida tek dette musikkprosjektet omtrent heile tida mi. I går byrja eg å jobbe klokka ti om føremiddagen, og først klokka fem i dag tidleg la eg frå meg headsettet. Og vakna altså ut på formiddagen med tre nye songar i hovudet. Og det hender ofte at eg skal leggje meg om kvelden, men vert liggande og høyre på kakafoniar oppe i haudet, og lurer på om eg skal stå opp igjen for å skrive eller spele inn musikken eg høyrer. Hehe, det er sikkert ikkje heilt sunt!

MIKSING: Geir ved miksebordet ein sein, sein kveld. Foto: Privat

 

Massepop

Sætre likar å høyre på klassisk musikk, og har ikkje den heilt store sansen for masseprodusert populærmusikk av i dag.

–Nei, når ein byrjar med musikk, må ein ta valet om ein vil ta ei kunstnerisk tilnærming eller satse på kommers. Eg ser på musikk som kunst. Men ein kan jo gå for langt i den retninga også, og skrive musikk absolutt ingen forstår, filosoferer Geir, som for lenge sidan faktisk spelte i band med vassendgut Arthur Johan Bjørdal.

–Kva syns du om the Voice og liknande fenomen?
–Eg har ikkje tid til å sjå på TV, men det er vel grei underhaldning det? Eg vil på ingen måtte «disse» dei som deltek, eller dei som likar slike konsept.

Kultband

Sætre var altså først med i Ørsta-bandet Woo, som etter kvart oppnådde kultstatus lokalt med sin sjølvskrivne musikk. Trass i at dei laga nokså kompleks musikk med innslag av austleg musikk, fekk dei ein ung fanskare, og på kvar øving kunne eit tjuetals fans vere til stades. Så det vart reine konsertane i Bruksbutikken, som då var ei rønne som stod til nedfalls midt i Ørsta sentrum.

WOO: Ørstabandet Woo i sine glansdagar i 2001. Foto: Privat

I år 2000 flytta bandet til Bergen, heldt massevis av konsertar, og fekk strålande kritikkar i avisene. Så var det altså at dei vart oppdaga av Michael Jackson-produsenten Andrew Sheps, som tok turen over frå USA og budde ei stund hos Geir, der han overnatta på sofaen. Så følgde USA- og Kina-turne, og gutane var fast bestemte på å bli verdskjende rockeartistar.

Men dei var perfeksjonistar, og venta litt for lenge med å gå i gang med sitt store plateprosjekt.

Multi-instrumentalist

–Innan 2020 skal alle dei 130 musikkstykka vere gitt ut på nettet. Trass i at «berre» sytti hittil er tilgjengelege for publikum, har vi faktisk gjort ferdig 117 i studio. Av 130, seier Sætre.

–Kven er «vi»?

–Ja, det er jo eg sjølv – pluss nokre av dei som var med i Woo, særleg Audun Havåg, og ei rekkje andre musikarar eg har blitt kjend med seinare. Men det hender at eg gjer alt sjølv – syng, spelar gitar, bass, trommer, keyboards, strykarar (prøver i alle fall på det) og alt anna som kan spelast på. Nøkkelknippe, til dømes, viss lyden har den effekten eg er på utkik etter….

SAMLING: Ein liten del av instrumentsamlinga til Geir Sætre. Foto: Privat

Ungdomsverk

–Kva gjer du når gigantprosjektet er ferdig rundt 2020?
–Jobbar vidare med musikk. Trass i at eg bruker så mykje tid, pengar og energi på musikken eg laga i ungdommen, skriv eg like mykje ny musikk som før…

–Og når dette «nettprosjektet» er ferdigstilt, og alle dei 130 låtane er tilgjengelege på nettsida, håper vi å gje heile greia ut fysisk – altså på CD og LP. Det blir litt av ei boks – med femten LP-plater og massevis av kunstverk på kjøpet!

Reine livsverket altså. Det vil seie, sidan Sætre framleis er ein ung mann, får vi heller kalle det «ungdomsverket».