Av Lillian Haddal

Det seier Linda Haddal Røssevoll har drive hotell i åtte år, dei siste 4 åra som eine-eigar og drivar av Melshorn Hotell på Hareid. Det gjekk ikkje lenge før ho møtte skjer i sjøen, men har vist ei eiga evne til ikkje å gje opp. Siste åra har hotellet blitt brukt til andre ting enn normal hotelldrift, før Linda i august i år igjen opna Melshorn Hotell for normal hotelldrift.

–Det var kjekt å opne for hotelldrift igjen. Her på Hareid har vi ikkje kjøpesenter, kino eller kulturhus, men eit lite og koseleg hotell, det har vi! Eg meiner det er viktig for bygda å ha eit hotell, og opplever veldig høg loyalitet i bygda, fortel Linda.

Alle måtte spare

I 2008 var Linda marknadssjef for dei tre hotell Hareid Hotell, Hotel Ivar Aasen og Sagafjord Hotel. Endringar i eigarsida gjorde at ho etter eit par år gjekk inn som aksjonær i alle tre hotella, og vart Administrerande direktør. Så blei Sagafjord Hotell solgt, og i 2014 vart det igjen endringar på eigarsida. Det var dette året Linda tok over Hareid Hotell åleine, og gjekk ut av dei andre hotella.

–Då eg tok over det som då heitte Hareid hotell i 2014, dreiv vi normal hotelldrift med restaurant, catering, overnatting og pub. Det gjekk bra, og vi hadde mange tilsette. Namnet blei endra til Melshorn Hotell.

Men så var det at det allereie året etterpå, i 2015, at nedgangen i industrien og oljen kom.

–Alle måtte spare, ringverknadane gjorde at også vi gjekk inn i ei tøff periode, fortel Linda. – Marknaden tok seg ikkje opp igjen, og eg måtte til å tenke nytt.

Samstundes kom ein markant auke i flyktningestraumen til Noreg, og landet mangla plassar til å ta imot dei.
–Det eg helst ville var å drive hotell, men for å klare oss, såg eg ikkje nokon annen utveg enn å søke UDI om å verte akuttmottak for flyktningar. Eg var den siste i landet som fekk dette innvilga, og eg visste ikkje kva eg gjekk til, fortel Linda.

Alternativ hotelldrift

–Det å ta det valet var ikkje akkurat enkelt, men det tvinga seg fram. Og eg må berre seie at eg er heilt imponert over alle positive tilbakemeldingar eg fekk, og opplevde ei enorm givarglede. Bygdefolket kom med kle, syklar og anna utstyr til dei som budde her, og tok godt imot dei.

Hotelldrifta vart dermed lagt til sides, og i fire månader budde det 9 nasjonar på Melshorn Hotell. 4 personar på kvart rom, fordelt på 30 rom. To born blei født under opphaldet, og den eine fekk namnet Linda. Sjølvsagt kalla opp etter «husmor» Linda.

–Det var ei veldig annleis type drift – det å ha gjester heile døgnet, og dei var jo her heile tida. Men det gjekk veldig bra. Nesten som eit selskap som aldri tok slutt!

Holdt hjula i gang

Akuttmottaket var avvikla etter fire månadar, og Linda gjorde klart til normal hotelldrift igjen. Men før ho rakk å komme i gang, vart ho kontakta av ei stor bedrift i nærområdet, som ynskte å leige alle romma til arbeidarane sine for ei periode.

–Krisa i marknaden var der framleis, og dette gjorde at eg igjen kunne få halde hjula i gang. Fram til mai i år var heile hotellet utleigd. I sommar oppgraderte eg romma på hotellet, og opna igjen for normal hotelldrift.

–Eg hadde gjester frå dag ein, og ser at marknaden har endra seg i positiv retning. Fleire tidlegare faste gjester har kome tilbake, og sagt at dei synest det er kjekt å «vere heime igjen», det set eg sjølvsagt pris på!

HOTELLDRIFT: Linda Haddal Røssevoll dekker på til middag hos Melshorn Hotell. Både ho og dei tilsette er allsidige, og tek seg av alle funksjonar i hotellet si drift.

Ein veks på motgang

–Det har ikkje akkurat vore beint fram å drive hotellet – korleis har du klart å halde oppe motet gjennom fleire vanskelege år?

–Eg går 100 prosent inn for det eg held på med, og akkurat no er det å drive Melshorn Hotell. Samstundes er det ikkje mogleg å drive hotell heilt åleine, eg har gode tilsette med meg, og også banken min, Sparebank1 Søre Sunnmøre har hatt trua på meg heile vegen. Eg har også fått veldig god hjelp og støtte frå familien min og dei rundt meg.

Men også private opplevingar har forma Linda til den hotell-bautaen ho har blitt.
–Mamma døde av kreft då eg var 15 år. Slikt gjer noko med deg. Når eg klarte å leve vidare etter det, skal eg klare ganske mykje anna også, og har nok lært meg å ikkje gje opp, seier Linda, og kan fortelje om nok ei dramatisk hending i livet:

–Då eg var 24 år gjekk eg gravid med mitt fyrste barn, men brått gjekk det gale. Fødselen starta så alt for tidleg. Samstundes løsna morkaka. Når den løsnar går det 3,5 minutt før ein sjølv også døyr om ikkje blødninga blir stoppa…

Den vesle guten kunne ikkje bli redda og døde. Linda vart berga.

–Så dette med ikkje å gje opp, det har kome med det eg har opplevd privat. Livserfaring rett og slett. Ein veks på motgang!

Seier Linda som i dag har to søner på 19 og 22 år, og som ser lyst på framtida for hotelldrift.
–No blir fokuset framover å komme seg ut i marknaden og fortelje at vi er her! Og ha fokus på å ta godt vare på dei gjestene som er her.

HAREID: -Her på Hareid har vi ikkje kjøpesenter, kino eller kulturhus, men eit lite og koseleg hotell, det har vi! Seier Linda Haddal Røssevoll.