Av Svein Nordal

Aud Kari (62) og Børre Tverberg (65) har i vel ti år drive Tverberg hund- og kattepensjonat fremst i Nordalen i Syvde. Vi besøkte dei like før pinsehelga, og rekna med at det var ekstra fullt då. Men nei – det vil seie, fullt var det, men det er det alltid.

INNE: Det er mykje arbeid på katt- og hundepensjonatet, med både foring og lufting. Foto: Svein Nordal

–Ja, i alle fall dei siste åra har vi stort sett vore fullbooka, året rundt. Og vi har plass til vel tjue hundar og sytten kattar, seier Børre.

–Det må då vere grusomt travelt?

–Ja, når vi har over tjue hundar her er det sjølvsagt temmeleg heftig. Då går vi her og matar og går turar heile dagen. Dottera vår syns vi fekk svært så mykje trim, så for moro skuld kjøpte ho oss skritt-teljarar. Og dei viser jo at vi går dobbelt så mykje som det ganske ivrige trimmarar gjer dagleg, smiler Børre.

Fråflytta gard

Det er på slektsgarden hans, Tverberg, at dei driv hunde- og kattepensjonatet. Noko dei har gjort sidan 2006. Då hadde garden stått tom og fråflytta i vel tretti år.

–Sjølv budde eg her til eg var fire år, men i 1956 flytta vi til Dalsfjorden, sidan far min skulle ta over Møre Skofabrikk etter far sin. Vi budde forresten første tida på loftet på skofabrikken, og garden her på Tverberg vart forpakta bort fram til midt på 1970-talet, fortel Børre.

–Så det var far slekta di som dreiv skofabrikken?

–Ja, bestefaren min starta fabrikken i si tid. Og han fekk endå meir trim enn meg: Han brukte å bere sykkelen over fjellet til Dalsfjorden, og sykle inn til Steinsvika på jobb!

Planane modnast

Børre jobba også på skofabrikken i periodar, men første jobben hans var å dra på fiskeri ved Grønland som 15-åring i 1967. Seinare jobba han med å setje opp kraftlinjer, og etter det igjen, jobba han i Kystverket til han pensjonerte seg som sekstiåring.

KLATREPUS: Spenstig katt testar ut buret. Foto: Svein Nordal

–Vi budde inne på Åmelfot, og det var kona som alltid hadde vore hundeinteressert. Så vi prata om å starte opp hundepensjonat der inne, men fann ut at det gjekk ikkje. Vi var for nær naboane. Regelverket seier at eit hundepensjonat må vere minst tre hundre meter frå næraste nabo, forklarar Tverberg.

Måløy til Ålesund

Planen var først berre å pusse opp huset på Tverberg og bruke det som sommarhus. Men så var det at ekteparet fekk ideen om å starte hundepensjonat her – for her er det nemleg 300 meter til næraste granne. I 2006 stod hundepensjonatet ferdig, og i 2014 utvida dei til å vere også kattepensjonat.

–De har ikkje mange konkurrentar i distriktet?

–Der er ein på Hareid og ein på Eid. Den siste samarbeider vi med, og når den eine er fullbooka, foreslår vi den andre. Og kundane kjem frå heile distriktet – frå Måløy til Stryn i sør og frå Ålesund i nord.

Mange av hundane har vore her gong på gong:

–Og dei ser ut til å stortrivst. Ei dame ute i Vanylven fortel at når ho spør «skal du til ho Aud no?», så gjer hunden seg straks klar. Og uler frå Syvde sentrum til han får sleppe ut her framme, flirer Børre.

–Har de vore plaga med besøk av enkelte arge og aggressive hundar?

–Nei, dei som har slike hundar, sender dei ikkje til oss. Med unntak av eit par ikkje heilt gode første året, har vi ikkje hatt det problemet.

Nyttårshundar

–Men sjølv om det er bortimot fullt året rundt, toppar det seg vel i enkelte periodar?

–Ja, det er klart at det er ekstra stappfullt midt på sommaren. Og så er vi «så galne» at vi helde ope i jula også, og rundt nyttår er her tjåka fullt. Mange hundar får jo panikk på grunn av nyttårsfyrverkeriet – særleg hylarane – og så sender mange av eigarane dei hit. Her er det stilt og fredeleg.


BILDEGALLERI: Nokre av dei tidlegare gjestane har hamna i glas og ramma på veggen. Foto: Svein Nordal

Idyll

–Ja, her er temmeleg landleg….?

–Hehe, ja, somme har sagt at vi var litt sprø då vi flytta fram hit. Men det tek jo berre fem minutt å køyre ned til Coopen i Syvde sentrum.

–Men det er høgsesong når alle andre er på ferie, så dermed har de ikkje vore på ferie på ti år?

–Stemmer det. Vi har rett nok god hjelp om sommarane frå to jenter og ein gut her i dalen, men då er det høgsesong, og vi må vere her og jobbe sjølve også. Guten slår forresten markane for oss. Det har vi nemleg ikkje tid til sjølve…