Av Svein Nordal

Det trur Karl Frode Slettedal (38). Han er gardbrukar i Rognestøyldalen, ein sidedal til Bondalen i Hjørundfjorden. Der bur han mildt sagt landleg til to kilometer frå riksvegen, med ville tindar som kneiser over den vakre dalen.

Han har hund, katt, kaniner, tolv høns – samt femti mjølkekyr og sytti – åtti kalvar.

Storsatsing

Og den unge gardbrukaren er ikkje skuggeredd: I fjor flytta buskapen inn i ein nybygd og høgteknologisk fjøs til heile ti millionar kroner.

–Ti millionar er mykje pengar, Karl Frode?

–Javisst er det det. Men med så stor mjølkeproduksjon går det rundt økonomisk. Og så er jo alt topp moderne, med mjølkerobot, foringsrobot og diverse anna hitech, så det trengs jo ikkje noko særleg med vedlikehald eller fornying på nokre år framover.

450 tonn

Med 450 tonn mjølkekvote er garden like stor som enkelte samdrifter. Karl Frode driv garden åleine, rett nok med god hjelp frå faren Einar, som dreiv garden i førti år før Karl Frode tok over for tre – fire år sidan.

Nyefjøsen til ti millionar kroner stod innflyttingsklar i fjor.

–Det er mykje å setje seg inn i, så det siste året har vore ein læreprosess. No i det siste har eg fått sving på det, og dermed sparer ein jo ein del tid.

Senior på garden har ikkje sett seg inn i høgteknologien i fjøsen, men gjer ein stor innsats utandørs.

KALVEBINGEN: Arn og Leo i kalvebingen. Foto: Svein Nordal

Ekspertar

–Men «drengane» mine, nevøane Thomas (14) og Kristoffer (15) har blitt ekspertar, og er til kjempestor hjelp.

–Det er ikkje så veldig vanskeleg. Vi kan jo ein del data frå før, kommenterer dei unge avløysarane frå Ørsta og Volda…

Sonen til Karl Frode – 6-åringen Arn – syns også det er kjekt å hjelpe litt til på garden.

–Ja, kanskje skal eg ta over garden ein dag, seier Arn, som no først skal byrje på skulen i Hovdebygda til hausten.

Eigen herre

Før han tok over garden, jobba Karl Frode i femten år på Vik Ørsta.

–Likevel var eg aldri i tvil om at eg ville ta over garden etter kvart. Det er dette eg likar å styre med.

–Kva er det beste ved å vere gardbrukar, syns du?

–Å vere sin eigen herre. Eg likar også å jobbe med dyr og vere mykje ute, så for meg passar dette yrket ypperleg.

–Men det er ikkje mange av dine jamaldringar her i bygda som satsar på det same?

–Nei, eg kjenner til ein som har tatt over, og ein annan som vurderer å ta over. I heile Bondalen har vi i dag fem heiltidsbønder att, samt to samdrifter. I gamle dagar var det jo mange titals heiltidsbønder – ja, berre her i Rognestøyldalen var det fire gardar ein gong i tida. No slår eg alle markane, samt markar i Bondalen, Follestaddalen og Åmdalen. I alt fem hundre dekar.

FJØSKONTOR: Her har dei full kontroll, både gardbrukar Karl Frode og drengane Thomas (14) og Kristoffer (15). Foto: Svein Nordal

Byråkrati

–Og det verste ved å vere bonde?

–Ein er sjølvsagt noko bunden. Har aldri heilt fri. Men då passar det veldig bra at eg har to nevøar som er ivrige, og vil stille som avløysarar i tida framover.

–Ein annan ting er at det vert stadig meir kontorarbeid. Regelverket og rapporterings-rutinane vert stadig meir detaljerte. Der gjeld det å ikkje kome bakpå! For det er jo omtrent alle detaljar som skal innrapporterast no for tida…

15 timars arbeidsdag

–Og det må jo vere veldig mykje arbeid når du åleine skal drive ein så stor gard?

–Ja, eg trur nok at eg pushar taket for kor stor produksjon ein mann åleine kan ha ansvaret for. I alle fall nesten: Med åra har eg som eit mål å kome opp i ei mjølkekvote på 500 tonn i året. Vi får sjå.

–Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

–Eg byrjar klokka seks ved å sjekke mjølkeroboten. Deretter er det foring av kalvane, og så går det slag i slag både inne og ute. Klokka kan bli åtte eller ni om kvelden før arbeidsdagen er over, seier Karl Frode.

–Og aller mest hektisk er perioden frå april til september, naturleg nok.

Eldre pessimistar

–Det har i mange år vore mykje snakk om kor vanskeleg det er å vere bonde – at rammebetingelsane blir stramma inn. Kort og godt mykje pessimisme. Lot du deg aldri skremme av dette?

–Jau, det er klart at ein vert litt påverka av slikt. Men eg var jo altså ikkje skremt nok til å la vere å satse på dette yrket. Eg trur dei fleste pessimistane var eldre bønder, som ikkje såg seg syn med å modernisere drifta, – og kanskje ikkje hadde nokon som ville ta over garden.