Av Svein Nordal

Stian Osdal (41) starta i september utsalsstad for firmaet sitt, Osdals Catering, på den tidlegare Shellstasjonen i Volda. Her får folk kjøpt lunsj og middag, og pågangen har hittil vore upåklageleg. Frå før driv han Aurstad Camping i Austefjorden, og inntil nyleg var han kjøkken- og kantinesjef på Høgskulen i Volda.

–Ja, eg hadde tre jobbar, og ja – eg fekk ADHD-diagnose. Heldigvis, såpass eg kunne justere i alle fall litt ned på jobbinga, som no stort sett går føre seg på dagtid frå ti til fem måndag til fredag, smiler Osdal.

Som altså på ingen måte ligg på latsida no heller, og framleis har ein del kvelds- og helgeoppdrag med cateringfirmaet.
–Men eg tek det litt rolegare enn før – eg er jo ikkje tjue år lenger! Og medisinen eg får, gjer at eg faktisk kjenner at eg blir gåen av og til, og kan slappe av.

ARBEIDSJERN: –Eg jobbar framleis mykje, men har fått betre kontroll etter at eg fekk ADHD-diagnosen, seier Stian Osdal (41).

Livsfarleg

–Ja, for når ein ikkje kjenner signala om at ein er overarbeidd eller sliten, så kan det jo vere farleg?

–Javisst kan det det! Det seier seg sjølv at det ikkje er sunt å jobbe stort sett heile den vakne tida si alle dagar i veka. Om ein ikkje kjenner at ein blir psykisk gåen av eit slikt køyr, er det gjerne noko som ikkje stemmer. Slikt pes er i alle fall ikkje sunt for den fysiske helsa, og ein kan naturlegvis pådra seg både hjartetrøbbel og anna.

Brei erfaring

Osdal tok fagbrev i 1997 etter å ha tatt kokkeutanning i Ørsta og på Åndalsnes, og som 20-åring vart voldingen lærling på Volda Turisthotell. Seinare var han kokk på Osekjellaren, då dei prøvde seg med ein litt finare restaurant i Volda sentrum sitt eldste hus frå 1841.

Osekjellaren vart til Dirty Nelly, og Osdal vart etter kvart eigar og drivar av denne.

–Det var eg vel i seks – sju år, men etter kvart syns eg det var vel mykje helg- og kveldsjobbing, så eg vart ferskvaresjef på Eurospar i staden. Og starta mitt eige cateringfirma for om lag ti år sidan. Og dei siste åra var eg altså kjøkken- og kantinesjef på Høgskulen i Volda – samtidig som eg tok over drifta av campingen i Austefjorden.

–Travle greier?
–Hehe, ja, men eg har alltid hatt vanskar for å seie nei. Det var onkelen og tanta mi som dreiv campingen tidlegare, og eg tok over for å halde drifta innanfor slekta. Mellom oktober og mai er det naturleg nok rolege dagar der – og dei «fastbuande» gjestane, dei få som er der utanom sesongen – styrer seg stort sett sjølve.

CAMPING: Osdal har dei siste åra drive Aurstad Camping i Austefjorden. Foto: Privat

Gjorde eit val

Etter kvart vart likevel tre jobbar i meste laget, sjølv for Stian Osdal.

–Eg måtte gjere eit val. Og eg hadde ikkje lyst til å slutte i nokon av jobbane, men eg valde til slutt å kutte ut jobben på høgskulen. Trass i at der er eit flott miljø, og at eg har likt meg veldig godt i åra eg har jobba der.

Mange jobbar ikkje

For ein som jobbar så mykje må det vere litt rart å vere vitne til at ein stadig større del av arbeidsstokken ikkje jobbar. Og at talet på uføretrygda aukar. Kva synest Osdal om dette?

–Ein del har sjølvsagt svært legitime grunnar for å bli uføretrygda, men når ein ser på totaltala for dei som er utanfor arbeidslivet i Norge er det unaturleg høgt. Generelt trur eg arbeidsmoralen i Norge er langt dårlegare enn for ein del år sidan. Forklaringa kan vere at vi stort sett har det godt i Norge, og at ein rett og slett ikkje er nøydde til å jobbe for å livberge seg.

–Sats på skulen!

–Kva tenkjer du om å ha fått diagnosen ADHD?

–For meg er det bra – og det var jo noko eg hadde hatt mistanke om lenge. Diagnosen og medisineringa har jo ført til at eg har meir kontroll enn tidlegare over kor mykje eg jobbar. Elles så treng det ikkje å vere noko negativt å ha ein diagnose – mange kreative menneske har jo det. Når det er sagt, så trur eg det er litt for enkelt å setje diagnose på mange ungdommar.

Sjølv – fortel han – var han ikkje noko skulelys. Men han var god i praktiske ting, og forstod teori gjennom praksis.

–Skulen er lagt opp for teoretisk, og undervisninga burde tatt meir omsyn til den enkelte elev sine evner. Då treng ein sjølvsagt meir ressursar og fleire lærarar. Mange lurer på korleis vi skal bu oss på tida etter oljealderen – og kva ville ha vore betre investering enn å satsa på betre skule og fleire lærarar?