Av Svein Nordal

Andreas Hauge (66) frå Dimnøya kom nyleg tilbake frå ei to vekers ferie til Albir i Spania. Takka vere Moe Helse AS fekk endeleg han og kona Liv Karin Hasund Hauge reise på ein skikkeleg ferie.

GODT RÅD: – Eg rår alle gamle og sjuke som har høve til det å reise på ein slik tur, seier Andreas Hauge. Foto: Svein Nordal

–Etter at den alvorlege kreftsjukdommen – kreft i gallegangen – dukka opp i årsskiftet 2014/2015 har det vore vanskeleg å få til noko slikt. Vi har vore pakka og klare nokre gonger, men så har turane måtta avlysast fordi eg måtte leggjast inn på sjukehus, seier Andreas, og legg til:

–Før Spania-turen var eg gjennom ei seks månader lang cellegiftbehandling. Sjukdommen er alvorleg, og eg har ikkje fått nokon lovnad frå legane om at eg blir frisk. Det trass i at eg fekk operert bort tolvfingertarmen, delar av magesekken og bukspyttkjertelen – det var full ommøblering av innvollane nærast – og eg fekk omfattande behandling etterpå. No i det siste har eg faktisk måtta ha heimesjukepleiar ein gong per dag. Likevel let denne turen seg gjennomføre, takka vere fantastisk hjelp frå Moe Helse AS.

Legeskriv og dekning

–Vi var to sjukepleiarar med på turen, Åse Jill Moe og eg. Reisefølgjet bestod av tretten personar, og fire av desse er kreftpasientar, fortel kreftsjukepleiar i Herøy kommune, Mona Zahl Longva.

Ho tok ut ulønna permisjon frå jobben for å bli med som sjukepleiar på turen. I Spania venta Åse Jill Moe i det private sjukepleiefirmaet Moe Helse AS. Dei to hadde fått ideen til å arrangere slike helsereiser under ein samtale rundt juletider.

–Alle pasientane hadde klarert med legen sin at det var forsvarleg å reise, og dei fekk med skriv frå legen om sjukdomsbildet, kva behandling dei har fått, og kva medisin dei går på. Dette for å gjere reisa og opphaldet trygt, seier Zahl Longva.

–For nokre er dessverre også dårleg råd kombinert med sjukdommen, men også dei kan vere med: Ein av deltakarane fekk dekt nesten heile turen av Den Norske Kreftforening, seier ho.

Infeksjon

–Eg vil på det sterkaste tilrå andre sjuke, gamle eller fotalause å nytte seg av tilbodet frå Moe Helse AS. Slik tilstanden min er no, hadde det faktisk vore umulig å gjennomføre ein slik ferietur utan den fantastiske hjelpa og støtta vi fekk, med sjukepleiarar med på turen. Eg fekk infeksjon rundt eit dren i brystkassa, og fekk all den hjelpa eg hadde behov for på hotellrommet, seier Andreas.

Infeksjonen var truleg i emning allereie før avreise.

–Og eg er sjeleglad for at den ikkje vart oppdaga før vi hadde kome fram til Spania! Viss infeksjonen hadde blitt oppdaga før, hadde eg jo vore sjukehuspasient i staden for turist desse to vekene, smiler Andreas.

Fram til i fjor jobba han i Rolls Royce, og var leiar for applikasjons-support-avdelinga der.

Ny tur i oktober

Hauge håper forma i oktober er god nok til å bli med på Moe Helse AS sin neste tur.

–Spania-turen var sjølve jomfru-reisa for dette firmaet. Og det skulle ein ikkje tru, så profesjonelt som opplegget var, seier han.

–Kva var det beste ved turen?

–Ja, det var jo rett og slett å kome seg vekk for nokre veker. Og sjølvsagt betre ver og klima – der er jo ikkje så frykteleg varmt enno – og maten! Å sitje og kose seg over ein paella er jo midt i blinken. Sjølv når forma ikkje akkurat er på topp…

–Ja. Men du var jo ute og stelte i hagen då eg kom på besøk?

–Ja. Men forma er berre på spaser-nivået, om du skjønar kva eg meiner.