Av Svein Nordal

Det seier Trygve W. Moxness i Norges Miljøvernforbund i Møre og Romsdal, etter at dei har fått bilder og filmsnuttar av utslepp ved dei to laksebedriftene.

Ved Hofseth sitt anlegg i Syvde, som ligg like ved utløpet av villakselva Oselva, har ein dykkar filma eit rør på fjordbotnen. Ut av røret strøymer eit kvitt utslepp og villfisk i området stimlar i hop for å ete av utsleppet. Tilsvarande filmar har han frå Rovdefjorden.

–Vi minner om at Vanylven er den lokale forureiningsmyndigheita, og vi har også informert Fylkesmannen i Møre og Romsdal om utsleppe, – og vidaresendt fotografia og filmane dykkaren har tatt til Fylkesmannen, seier Moxness.

Stimar rundt røra

Ei anonym kjelde har fått tilgang til dykkaren sine filmar og varsla Norges Mijøvernforbund, og sendt dei film- og bildematerialet.

Sjå film her.

–Store mengder med fisk beitar i avfallet frå røra. Kva slags stoff er det i utsleppsrøra? Kan det vere restar av medisin eller til dømes kjemikaliar i utsleppa? Kan det vere innvollsrestar? Og er det trygt for folk å ete fisken som dei fiskar ved desse utsleppa? Spør Moxness.

Kvit torsk

–Vi veit jo ikkje no om dette er farleg forureining, men vi krev avklaring av det. Vanylven kommune må ta kontakt med Hofseth AS og Marine Harvest Norway AS og få greie på nøyaktig kva stoff verksemdene slepp ut i fjorden, seier Moxness.

–Norges Miljøvernforbund føreset at Vanylven kommune følgjer bestemmelsane i Forvaltningsloven paragraf 11D om protokollplikt dersom kommunen tek eit møte med bedriftene. Vi viser også til Miljøinformasjonslova og Offentleglova, og ber om at Vanylven kommune sender oss digitale kopiar av kommunikasjonen og referata etter møta med bedriftene, understrekar Moxness.

Miljøvernorganisasjonen ber i tillegg om å få tilsendt digitale kopiar av eventuelle utsleppsløyve som Vanylven måtte ha gitt til dei to bedriftene.

SYVDE: Hofseth AS i Syvde.

Ikkje skriftleg løyve

Hofseth AS held til i dei tidlegare lokala til Tine Meieri Vest si Syvde-avdeling. I eit svar til Norges Miljøvernforbund skriv kommunalsjef Terje Kolstad i Vanylven kommune at det einaste utsleppsløyvet som eksisterer er eit 20 år gammalt fylkeskommunalt løyve til meieriet om å få sleppe ut prosessvatn til sjø.

Kolstad skriv vidare at Hofseth AS ikkje har fått skriftleg utsleppsløyve frå Vanylven kommune, men legg til:

–Vanylven kommune har ikkje fram til no hatt nokon grunn til å betvile prosessvassreinsinga til Hofseth (grov/finsiling plus syretilsetting med opphaldstid på åtte timar), noko som vart presentert under ei industrisynfaring av foredlingsanlegget.

Kommunalsjefen skriv at kommunen vil ta tak i saka og få ei ordning på ting som eventuelt ikkje er i orden.

Heilt ufarleg 1

Leiaren for Hofseth AS i Syvde, Øystein Giske, seier at det ikkje er unaturleg at det kan kome ut ein del partiklar med prosessvatnet.

–Men på førehand er restane grov- og finsila og plassert i tankar med maursyre i åtte timar, før det går vidare til eit kommunalt slamreinseanlegg i området. Røret som er filma går frå den kommunale tanken, og partiklane på filmen er ufarleg for villfisken i fjorden, seier Giske, som elles fortel at Hofseth AS i Syvde går til innkjøp av nytt reinseanlegg om nokre månader.

ROVDE: Marine Harvest sitt smoltanlegg på Rovde.

Heilt ufarleg 2

–I smoltanlegget Marine Harvest Rovde bruker vi verken antibiotika eller anna medisinering. Og vi har utsleppsløyve frå Vanylven kommune. Det som har blitt filma er truleg litt fiskeskit og kanskje også overskotsfor, men det kan ikkje vere mykje. For vi har gode filter på anlegget. Og vi ser fram til at det vert tatt målingar av utsleppet, for dette er heilt ufarleg, seier John Ivar Sætre, som er produksjonssjef ferskvatn i Marine Harvest region vest.

Tek prøver straks

Kommunalsjef Terje Kolstad seier:

–Vi må først finne ut om dette er same røret som meieriet i si tid fekk løyve til å sleppe prosessavløpsvatn gjennom. Det er jo også eit kommunalt slamanlegg i dette området. Men vi vil sjølvsagt ein av første dagane ta prøver, slik at vi finn ut kva slags stoff som kjem ut av røret. Prøvene vil så bli sendt til analyse, og eg vil tru at det då vil gå ei veke før vi får svar. At Norges Miljøvernforbund også viser til eventuelle utslepp frå Marine Harvest sitt anlegg på Rovde, er nytt for meg når du no fortel meg det. Og eg bed om forståing for at eg må få tid til å setje meg inn i saka, seier Kolstad.