Av Svein Nordal

Det seier Vinjar Vikanes (59), ein av dei få som har gått ut i offentlegheita og kritisert planane om å byggje ny, topp moderne «arbeidskyrkje» midt i Ulsteinvik sentrum – trass i at der står ei kyrkje frå før.

–Og der er det ikkje akkurat fylt opp på benkeradene under gudstenestene! Jada, julaftan vil mange folk i kyrkja og syngje «Glade jul», men det har blitt løyst ved å halde to gudstenester den dagen. Og så er det ikkje plass til alle konfirmantane som soknar til kyrkja, og det har blitt løyst ved å ha fleire konfirmasjonsdagar. Noko som truleg er bra for handelsstanden og dei som leiger ut lokale og leverar mat, som dermed slepp å få alt på ein gong, men spredt det litt utover, meiner Vikanes.

NY: Slik ser nyekyrkja ut om den vert realisert, kloss i eksisterande kyrkje i Ulsteinvik: Illustrasjon: Snøhetta

Den tidlegare personalsjefen i Ulstein-gruppa og Rolls Royce har skrive eit par kritiske avisinnlegg om kyrkjeplanane i Vikebladet/Vestposten.

–Eg adresserte direkte dei som står bak kyrkjeplanane. Etter begge innlegga har eg fått massevis av respons frå folk, også mange eg knapt kjenner, og alle som har tatt kontakt meiner at det er feil å byggje ei kyrkje til her i Ulsteinvik. Til over hundre millionar! Men frå kyrkjetilhengarane har eg ikkje høyrt eit pip…!

Kommunen får rekninga

Kyrkjetilhengarane driv innsamlingsaksjon til inntekt for kyrkjebygginga – med blant anna kjoleauksjon, bilmesse med ein aust-tysk Trabant-bil som rullande reklameplakat m.m.
–Men kor mykje pengar dei har fått inn, veit vi ikkje. Er det 50.000? 500.000? 5 millionar? 103 millionar?

Nyekyrkja/arbeidskyrkja er jo førebels kostnadsrekna til 103 millionar kroner. Og alle reknar jo med at Ulstein kommune til sjuande og sist må ta ein stor del av kostnaden. Og skal kommunen stille lånegaranti? Ein kommune som ligg på landstoppen i Norge når det gjeld lånegjeld? Undrar Vikanes.

Som viser til at den gjeldstynga kommunen har store utfordringar framfor seg:
–Barneskulen i sentrum er fylt til randa – mange får i dag undervisning i brakker – og skulen må utvidast til titals, kanskje hundre millionar. Brannstasjonen er ikkje akkurat up-to-date, og kommunen jobbar med å få på plass ein ny brannstasjon. Som andre kommunar har vi også store utfordringar når det gjeld eldreomsorg og heimetenester i åra som kjem.

BRA NOK: Ulstein kyrkje er bra nok, meiner Vikanes. (Foto: Per Eide i boka Sunnmørskyrkjene av Øystein Ekroll).

Arena-overskridingane

–Og så burde ein jo ha lært av Ulstein Arena-prosessen. Overskridingane der er på fleire titals millionar kroner no. Og enno har ikkje kommunen sett konsekvensane når kostnadane til drift og vedlikehald av Ulstein Arena også skal inn i budsjettet…

–Og i ein slik situasjon er det altså at ein vil byggje ny kyrkje. Ingen vert forundra om sluttsummen på nyekyrkja vil kome på langt over dei dag estimerte 103 millionane. Då er det sjølvsagt at politikarane må velje: Kvar skal ein hente desse kyrkjepengane? Frå skule- sosial- og omsorgtenestar? Er det der dei vil kutte? Kva andre mogelegheiter er det? Og har dei rekna på kva ekstrautgifter det vil medføre å skulle vedlikehalde to kyrkjer like ved sida av kvarandre i Ulsteinvik sentrum i åra framover?

Stormannsgalskap

Vinjar Vikanes meiner heile kyrkjeprosjektet luktar av stormannsgalskap, og ber om at planane vert stoppa før det er for seint.

–Eg skjønar jo at dei vil ha luksus og store, svære, hypermoderne lokale. På same måte som sikkert dei fleste – både fattige og rike – gjerne skulle hatt eit finare hus eller ein flottare bil. Men eg vil tru at fleirtalet likevel set tæring etter næring. For ein kommune er dette sjølsagt endå viktigare – med det store ansvaret kommunen har, ikkje minst for barn og eldre.

Haugevis med gudshus

Vikanes stussar elles over kor akutt behovet for ei moderne «arbeidskyrkje» verkeleg er?

–Kva med til dømes Volda, Ørsta og Hareid, som ikkje har arbeidskyrkje? Korleis klarar dei å overleve, som ikkje har noko moderne arbeidskyrkje? Og ikkje minst: Det er ikkje behov for denne planlagde «arbeidskyrkja». Det manglar ikkje på gudshus i Ulsteinvik eller i Ulstein kommune. Rett over vegen for dagens kyrkje ligg Fredheim, med store lokale som også kan brukast til kyrkjelege aktivitetar. Kulturhuset, Aktivitetshuset og nye Ulstein Arena kan vel også leigast ved behov – og ikkje minst: Biblioteket skal flyttast til Ulstein Arena, noko som fører til at gamle-gymnaset «Bjørndals Minne» vert ståande tomt. Dette er romslege lokale som kommunen rår over. Der er både kontorplass og klasserom, som sjølvsagt gjer at det høver godt til for eksempel konfirmant-undervisning, dåpsopplæring, kor øvingar etc. etc. påpeikar Vikanes, og legg til:

–«Bjørndals Minne» ligg berre tre hundre meter frå kyrkja, og imellom ligg Ulstein Arena, prestegarden og Fredheim. Til saman burde dette vere «arbeidskyrkje» så det held! Når ein i tillegg har Filadelfia og 4 bedehus på strekninga Ulsteinvik-Flø, burde det være nok av tilgjengelege lokaler som er egna til «kristne» aktivitetar. Der er vel også eit bedehus på Hasund + at skulebygga både i sentrum og i krinsane kan nyttast etter skuletid?

LEDIG LOKALE: Gamlegymnaset/Bjørndals Minne vert snart ståande tomt, og eignar seg etter Vikanes glimrande til kontor og undervisningslokale, mellom anna til konfirmantopplæring. Foto: Svein Nordal

Propaganda

Vikanes er grundig lei av det han meiner er propaganda for nykyrkje-prosjektet:

–I Vikebladet hevda presten at «vi har vakse ut av kyrkja», noko som for meg framstår som reinspikka tøv. Frå 2005 til 2016 gjekk både kyrkjebesøket og talet på døypte ned i Ulstein: I 2005 gjekk kvar person i kyrkja i snitt 1,8 gonger i året, i 2016 1,5 gonger. Og i same tidsperiode gjekk talet på Den Norske Kyrkja-medlemmer i Ulstein ned frå 91 prosent til 77 prosent. Dette i følgje Statistisk Sentralbyrå. Korleis kan ein då hevde at «vi har vakse ut av kyrkja»?

Kyrkjelova

Vikanes viser til Kyrkjelovas LOV-1996-06-07-31 jmf. §21, der det heiter:

«Ny kirke skal bygges når en kirke er tilintetgjort eller på grunn av vesentlige mangler er ubrukbar og ikke kan utbedres, når den under vanlige gudstjenester ikke gir tilstrekkelig plass for de kirkesøkende og ikke hensiktsmessig kan utvides, eller når det dannes et nytt sokn der det fra før ikke er kirke.
Ny kirke skal i kirkerommet ha sitteplass til en tidel av Den norske kirkes medlemmer i soknet. Det kreves likevel minst 200 og ikke mer enn 500 sitteplasser.»

–Kyrkja i Ulstein kommune oppfyller samtlige krav som står i §21 i Kyrkjelova, og det finst difor ingen belegg for kravet om ny kyrkje.

Den noverande kyrkja er ikkje for lita, då ho har plass til 400 besøkande, og har god plass ved vanlege gudstenester. Ifølge årsmeldinga til Ulstein sokn har talet på gudstenestedeltakarar vorte redusert med 8,2 prosent frå 2008 til 2015, og om denne trenden fortsetter, vil behovet for ei ny og større kyrkje fortsette å synke i framtida, trur Vikanes

MANGE GUDSHUS: –Ulstein har mange gudshus og andre lokale som kan nyttast av kyrkja, meiner Vinjar Vikanes. Foto: Svein Nordal

Endå fattigare Ulstein

Som alle andre er Vikanes glad for at det no i det minste ser ut til at norsk økonomi og at sysselsetjinga betrar seg.

–Skåret i gleda er at renta kjem til å stige på grunn av dette. Det vil ikkje minst den gjeldstynga Ulstein kommune få merke. Oppgangen i økonomien kan faktisk få negative utslag for Ulstein kommune! Å skulle byggje eit kyrkjepalass i ein slik situasjon er både forkasteleg og egoistisk. For enkelte er det visst «ny kyrkje, koste kva det koste vil», og uansett om det går ut over dei svakaste i lokalsamfunnet, meiner Vikanes.

Inhabil

Tidlegare leiar i Ulstein Ap, kommunestyrerepresentant Magne Grimstad, er leiar i innsamlingsaksjonen for ny kyrkje i Ulsteinvik.

–Difor er eg i denne saka inhabil som politikar, og kan difor ikkje svare på Vikanes sine spørsmål om kostnad for kommunen, om ny kyrkje er naudsynt, og så vidare. I innsamlingsaksjonen har vi hittil klart å samle hundre gjevarar. Den eksakte summen for kor mykje vi hittil har fått inn, får du hos kyrkjekontoret, seier Grimstad.

I følgje kyrkjeverje Christfried Kaul på kyrkjekontoret i Ulsteinvik har innsamlingsaksjonen hittil ført til langsiktige avtalar med gjevarar som vil gje i ti år. Desse har ein verdi på 5,1 millionar kroner.

–I tillegg har det kome inn enkeltgåver sidan juli 2016 på i alt 1,7 millionar kroner, opplyser Kaul.

Tala er i det blå

–Ordførar Knut Erik Engh; – Vikanes spør om det skal kuttast frå skule eller eldreomsorg for å finansiere nyekyrkja. Kva er ditt svar på det?

–I denne saka må vi jo tenkje som så: Kommunen har eit lovpålagt ansvar for å syte for at Ulsteinvik har eit tenleg kyrkjebygg. Om vi oppfyller lova er det nok delte meiningar, men i følgje soknet – kyrkja si lokale avdeling for å kalle det det – har vi i dag ikkje tenlege kyrkjelokale i Ulstein, seier Engh, som legg til at kyrkja gjer eit svært verdfullt arbeid, og nemner mellom anna integrering, diakoni og sosialt arbeid.

NY KYRKJE: Ulstein-ordførar Knut Erik Engh.

–Men kva vil ei eventuell nykyrkje koste Ulstein kommune?

–Det veit vi ikkje. Siste estimat seier at kyrkja vil koste 103 millionar kroner, men at soknet sjølv skal bidra med ein vesentleg del av dette.

–Er denne vesentlege delen spesifisert?

–Nei. Og det store spørsmålet er om vi klarer dette økonomiske løftet, noko som vert eit politisk tema framover hausten.

–Blir kyrkjesaka avgjort i årets budsjett?

–Nei, om det vert vedteke å byggje nyekyrkja, vil det ikkje skje i år.

–Men prosessen kan bli stoppa i år?

–Det kan skje ja, men eg har ingen signal om at kommunestyret har planar om det.

–Vikanes meiner Bjørndals Minne og Fredheim ilag kan fungere som «arbeidskyrkje». Kva seier du til det?

–Dagens løysing med Fredheim vert av soknet vurdert lite framtidsretta. Ideen om Bjørndals Minne er ny for meg, seier ordføraren.