Av Svein Nordal

Tidlegare landslagskaptein og tysklandsproff Rune Bratseth heldt i dag foredrag for leiarar i Ulstein kommune, og delte sine erfaringar som leiar – og også erfaringane med å forhalde seg til sjefar.

FOTBALLAG: Bratseth og møtelyden, for anledningen poserande som reine fotballaget.

Og trekte altså fram dei tre legendariske trenarane som gode leiardøme til etterfølging.

Knallhard kritikk

– Alle tre visste som leiarar nøyaktig kva dei ville, var overtydde om sin filosofi, og hadde glimrande evner til å formidle dette til oss spelarane. Og ikkje minst – dei hadde respekt for oss som menneske. Rehhagel, til dømes, kunne gje meg knallhard kritikk som fotballspelar, men aldri som person, sa Bratseth, – som etter fotballkarrieren var sportsdirektør i Rosenborg frå 1995 til 2007, og no er styreleiar i MOT.

Ikkje bli «heilt idiot»

– Og som sagt – Drillo, Eggen eller Rehhagel var ikkje i toppjobbane sine for å hauste makt og ære, noko kanskje delar av norsk idrett slit med i dag. Nei, deira motivasjon var å gjere laget/produktet stadig betre. Og uansett kva ein styrer med – fotball eller anna – må ein ikkje bli heilt ”idiot”, men forstå at det finst viktigare ting i verda enn det ein sjølv driv med. Ei slik innsikt er også viktig for å kunne lykkast.

Lagbygging

– Heile livet er vi delar av eit lag – først familien, seinare kompisflokken, skulen, organisasjonslivet, arbeidsplassen eller politikken, påpeikte Bratseth, som siterte Nils Arne Eggen då han skulle forklare kva som skal til for å gjere eit lag godt:

– Det er å finne «godfoten». Sett søkjelyset på det folk kan – og det treng ikkje å vere «voldsomme» og geniale ting. I dag skal jo alle bli verdsmeistrar, men det skjønar vi jo er umulig. Men som sagt: Finn ut kva folk kan, og set dei i roller som dei meistrar. Dette byggjer sjølvtillit, noko som i neste omgang kan føre til at folk vågar å prøve seg på ting som dei ikkje i utgangspunktet kan så godt.

Tillit

Ein annan viktig eigenskap Bratseth trekte fram, var leiaren si evne til å vise tillit.

– Og ordet «tillit» er artig, sidan det blir det same baklengs… tilliten bør også gå begge vegar, frå sjefen til den tilsette, og andre vegen.

Den tidlegare landslagskapteinen på «Drillos» understreka så at det ikkje er naudsynt at sjefen skal vere verdsmeister. (ikkje han heller)

– Nei, ikkje ver redd for å seie som leiar at ”dette er eg ikkje god på, her treng eg hjelp”. Å vise svakheit er styrke.

Involvering

– Kva skjer om medlemmer av eit lag ikkje blir tekne med på råd? Jau, ofte at dei ubevisst byrjar å motarbeide det som skal skje. Når du opplever at ingen er interesserte i dine råd og erfaringar, blir du naturleg nok lite samarbeidsvillig. Sjølv om det er sjefen som tek den endelege avgjerda, er det viktig å involvere alle det gjeld før det vert gjort endringar.

Å vere audmjuk

– Kvifor er det så mange cupkampar innan fotballen som endar med at «underdogen» vinn? Jau, fordi det laget alle trudde var best har blitt for lite audmjuke.

– Når alt er på stell, og alt går din veg, er det ikkje langt til hovmotet. Og då er det at Rosenborg taper mot Follo, til dømes. Og heller ikkje dette høyrer berre heime i fotballen…

Energi og konflikt

Bratseth var altså i årevis sportsdirektør i Rosenborg, medan energibomba Nils Arne Eggen var trenar.

– Vi krangla nesten kvar dag, men det gjekk altså ikkje på person, men korleis vi skulle gjere laget optimalt, endå betre. Det kunne vere slitsamt, men det gjorde ingenting, for eg var sikker på at Nils Arne var glad i meg – og visste at eg var glad i han. Det er eg framleis, forresten!

FOTBALL-LEGENDE: Rune Bratseth på norgesturne for MOT. Frå venstre: Politibetjent Pål Inge Olsen, Rebecca Hareide Vartdal og Aurora Dimmen Bratli frå Ulstein ungdomsråd, ungdomsleiar Marie Flatin, ordførar Knut Erik Engh og Rune Bratseth.

Sa Bratseth, som trekte fram dei som er motsette av energibomber, nemleg energitapparane – dei som kontant skaper sur stemning og har få løysingar.

– Tilsett heller energifyllarar, og ta vare på klovnen! Den som har smilet på lur, kan fortelje artige historier, få oss til å le saman. Og ikkje ver redd for konflikter. Det er lett å feie ting under teppet til du snublar i teppet. Ikkje lat det skje, men ta opp problema snarast råd, og med alle involverte til stades, tilrådde Bratseth.

Endring og kvile

Enkelte er livredde for all endring, og vil at alt skal vere som det var før. Ingen klok strategi i ei verd der endringane kjem enten vi vil det eller ikkje, og langt raskare enn før.

– Den som tek endringa først, har store sjansar for suksess, sa Bratseth, som likevel ikkje meiner at all endring nødvendigvis er positiv, og at stressnivået i samfunnet i dag er svært uheldig.

– I det moderne samfunnet får vi praktisk talt inga tid til kvile. Og dette er kanskje viktigaste poenget mitt: Skal vi vere kreative og yte best muleg, er kviletida heilag! Viss vi ikkje får pause mellom når vi skal yte – og yte igjen! – går det gale. Som vi kan finne på å seie i Trøndlag: «Vi sit for lite og kopar…»