Av Svein Nordal

Publisert fyrste gong 4. januar 2017

Gullvald E. Kløvning gjekk inn i det nye året på Aruna-senteret på Hamar, med alternativ nyttårsfeiring og meditasjon.

– Mellom klokka 23.00 og midnatt kom eit bilde til meg under meditasjon. Bildet viste eit timeglas der den siste sanden er i ferd med å virvle ned i nedste delen av glaset.
– Huff då! Det betyr vel at alt er i ferd med å gå ad undas?

LES OGSÅ:
Med makt over åndene
Dansar og brenn bort stress og sjalusi

– Nei. Eg tolkar synet positivt. Svært positivt, til og med. Vi vil sjå ei endring til det betre. Sidan 1980-talet har samfunnet vårt, både her på nordvestlandet og i Norge elles, utvikla seg frå samhald til egoisme og stadig større vekt på materielle ting. Det er denne ego-haldninga som no er i ferd med å renne bort. Folk kompliserer liva sine med hytte, båt, stadig ny bil og ei ytre fasade av å skulle lukkast i alt – ha det strøkent heime, reise, gå på fjelltoppar, og så vidare…

– Alt dette er teikn på einsemd. Har vi for mange ting, tek dei kontrollen over oss. Om eg skal samanfatte min bodskap i to ord, vil eg seie: Lev enkelt!

Alkohol

Gullvald fortel at han merka at han hadde spesielle evner allereie då han var fire år.

– Eg kunne «ta inn» andre menneske si fysiske og emosjonelle smerte. Og eg forstod ikkje kva det var. Eg trudde det var mi eiga smerte eg kjende på, og bygde opp eit skjold mot dette – prøvde å vere tøffare enn eg var. Eg bedøvde meg sjølv med alkohol, vart alkoholikar og gjekk på ei skikkeleg krise våren 2001. Sidan det har eg vore totalfråhaldsmann. Og kome i kontakt med meg sjølv igjen, såpass at eg kan hjelpe andre.

Parallell

Han meiner våren 2001 var hans personlege timeglas-oppleving – og samanliknar det med stoda heile samfunnet er i no.
– Ja. Den gamle måten å leve på held ikkje lenger – altså fokuset på ego, ting og fasade. Mi erfaring etter å ha prata med svært mykje folk, er at SÅ mange er modne for endring no. Særleg gjennom 2016 har eg merka ei haldningsendring.

– Kva trur du folk ynskjer?
– Indre ro, og mykje meir samhald og fellesskap. Mange er lei av jag etter ting, skryt og å nesten prøve å skape misunning hos andre.

Sinte religionar

– Vi har nettopp lagt jula bak oss. Kvar står du religiøst?

– Eg meiner vi alt for lenge har vore påverka av religionar som skaper splid og fordømming av andre, det vil seie kristendom og islam. Eg har likevel Jesus med i alle mine bøner, for han hadde ein heilt annan bodskap enn det som har vore omskrive massevis av gonger. Eg står nærast sjamanismen, og er mykje ute i naturen åleine. Om du oppsøkjer stilla og mediterer i naturen, kan naturen snakke til deg. Trea, fuglane, altet i naturen. Slik kan du oppnå indre balanse og få inspirasjon.

Overraskingsbesøk

Gullvald nærmar seg dei femti, og huskar ei tid då det var muleg å gå på besøk hos naboen utan å ringje først.

– Det var berre å banke på. Seinare vart det silk at vi altså måtte ringje først, og spørre om det passar. Eg trur folk vil tilbake dit. Det treng ikkje å vere strøkent ute og inne for å ta imot besøk. Ein treng ikkje å late som ein er perfekt. Det er det uansett ingen som er.

Terror og Trump

– Ja. Og om du verkeleg skal kome med ein «spådom» for 2017?

– Eg er berre ein simpel anleggsarbeidar, men sidan du spør: Eg trur vi ser starten på ei god endring, sidan folk vil tilbake til eit fellesskapssamfunn. TV, journalistikk og sosiale medier nærar frykta, og eg trur fleire og fleire vil bli meir kritiske til det vrengjebildet vi får servert. Og med haldningsendringa vil det etter kvart også bli slutt på disrespekten for Moder Jord og naturen.

– Trass i terror og Trump trur du altså ikkje på eit katastrofalt år?

– Nei! Eg trur 2017 vert eit godt år, og starten på noko heilt nytt.