Av Svein Nordal

Denne saka var på trykk første gang 11.02.2015.

Han braut av gapestokken med sine berre hender. Han brølte mot dei flirande og hånande sambygdingane – slo etter dei – gjorde dei redde. Og avskaffa gapestokkken.

Dette hende for snart to hundre år sidan, ved den gamle stavkyrkja i Ørsta. Året var 1830, og i hundrevis av år hadde religiøs tvang og makt styrt over folket. Kyrkjegardsporten var omkransa av gapestokken og tremerra – ei anretning med noko spiss «sal» – der syndarane måtte sitje og vansmekte medan godtfolket var på gudsteneste og nattverd. Og gjerne spytta på den ulykkelege ved kyrkjegardsporten.

 

LES OGSÅ: Prestestyre a la Saudi-Arabia

LES OGSÅ: Heilag krig – då vi brann heksene

 

Opprørar

Men Lars Vatne frå Åmdalen vart sistemann. Synda han måtte sone for, var at han skal ha drage til gards ein bjørneunge som skremde krøtera. For det måtte Lars i gapestokken. Medan folk stod rundt han og håna og flirte, makta han å bryte ned gapestokken, for så å slå etter dei som stod rundt. Heilt til «bygdevektaren kom og tok seg av honom”, som det står skrive.

Edvard Ryste meiner det var ein annan, Pål Krøvel, som var sistemann i gapestokken i Ørsta. Han hadde vore ein dårleg gjetar, noko som hadde ført til at ein saueflokk for utfor eit fjell og slo seg i hel.

Dette skal ha hendt i 1838 – men det er usikkert om Pål stod i gapestokken eller måtte ri tremerra – og i tilfelle fekk han ein noko ubehageleg «ridetur»til spott og spe for sambygdingane.

Tortur

Jørgen Gjerding har skrive: ”Det var andre straffemåtar før i tida enn no. Tremerra og gapestokken hadde dei ståande attved kyrkjegardsmuren, og til ein av desse batt dei syndarane, som hadde gjort eit eller anna brotsverk. Dei stod der ein eller fleire sundagar medan kyrkjefolket gjekk framom, både inn i kyrkja og utatt, og kven som vilde kunde gå bort åt dei, spytte på dei eller syne dei annan vanvyrdnad ettersom ein berre vilde. Det var derfor ei stor tort å stå i gapestokken eller å ride tremerra, for den som vart dømd til det. I Ørsta veit dei av både tremerr og gapestokk. Namnet på han som sist vart dømd til å ride tremerra og han som stod sist i gapestokken, veit dei ogso. Tremerra var gjord av ein breid planke som var tilskipa som ein øyk, med hovud, hals, bul og bakende. Øvste kanten, eller ryggen, var kvass, so det var ikkje godt å sitje omskrevs der i timevis. Det var fastnagla fire planke-endar til føter, som på ein krakk, og heile merra var raudmåla. Ho stod på vinstre sida åt kyrkjegardsledet, og han Pål Olsen Krøvel var den siste som reid på henne».

Sjukt samfunn

I våre dagar framstår slik behandling av folk rett og slett sinnsjukt – og endå verre blir det når vi veit at denne nedverdigande avstraffinga fann stad ved gudshuset. For eit par veker sidan skreiv eg om hekseprosessane på Sunnmøre – noko som i all hovudsak gjekk ut over dei fattige. Dei som stod nedst på samfunnsstigen. Dei allereie utstøytte. Religiøs galskap er ofte samanblanda med andre interesser i samfunnet, lokalt, nasjonalt eller internasjonalt. Som vi dessverre såg utslag av i Paris like etter nyttår. Ytringsfridom vart forsøkt knebla med vald og frykt.

Strenge moralistar

Eit nokså utbreidd religiøst maktmiddel er – og har i lang tid vore – strengt fokus på – og strenge straffer i samband med folk flest sitt seksualliv.

Lokalhistorikar Ivar Myklebust viser til eit lite knippe frå Ørsta på 1600-talet: Arvid frå Heltne som vart funnen skuldig i «jomfrukrenking» av Margrete frå Barstad, og eit par andre som vart ilagt klekkelege bøter «efter deres yderste formue» for å ha hatt sex med «festarmøya før brudlaupet». Altså med forloveden.

Landsforvist

I gamle rettsprotokollar finn vi også døme på straff for blodskam. Ei av straffemetodene var landsforvisning, noko vi finn fire døme på frå Follestaddalen i Ørsta kommune. Ved eitt tilfelle skal kona til syndaren ha drive garden i fem år medan mannen var i utlendigheit. To andre som leid same lagnad, vart landsforviste etter å ha hatt samleie. Dei var tremenningar, og dermed tjukkaste slekta, etter den tids standard. Rett nok vart ikkje landsforvisninga livslang, sidan i alle fall mannen i tremenningsforholdet kan sporast ti – tjue år seinare, som gardbrukar i heimbygda Follestaddalen.

Ei kvinne frå same bygda fekk barn med søskenbarnet sitt, vart dømd til å sendast til «fiskeværa nordafjells». Om ikkje det var nok, måtte ho seinare stille i retten etter å ha fått nok eit barn med fetteren….  Han – derimot – måtte ikkje møte i tingretten.

Forstyrra kyrkjefreden

I våre dagar er det på kjøpesentra folk møtest i helgene – i alle fall på dagtid. I gamle dagar var det børs på kyrkjebakken. Og på ein såpass heilag stad var det visse krav til oppførsel. Men det vart meir enn ein gong klaga over uro og fyll utanfor kyrkja – ikkje minst i Volda. I 1639 fekk Arne Hagen tre dalarar i bot fordi han hadde komen full til kyrkja sjølvaste juledag og «laga parlement» med sjølvaste tenaren til presten. Over hundre år seinare vart Olav Vatne stemd for retten fordi han hadde drage ein skulehaldar i året og kalla han «skidhund». Også dette skjedde på juledagen, og midt under preika i Voldskyrkja. I 1772.

Dei dødsdømde

Straffereaksjonane i Norge for snart fire hundre år sidan var altså på ingen måte å kimse av. I 1623 forsvann ørstingen Sjur Brungot brått. Det kom for ein dag at han hadde hatt sex med kona si niese, den langt yngre Anne Ingebrigtsdotter. Dåtidas øvrigheitspersonar meinte den beste løysinga på problemet var å døme unge Anne til døden og halshogge henne. Noko som på kort varsel vart gjort. Meistermannen – bøddelen – fekk i løn to av dei tre dalarane som den unge jenta etterlet seg.

Kvar det vart av elskaren – «onkel Sjur» – er noko uvisst.

Erik Håvoll frå Liadal hadde vore med i den store nordiske krigen frå 1709 til 1719. Han gifta seg med ei kvinne frå Vartdal etter å ha sona straff som desertør. Ekteskapet vart barnlaust, men Erik fekk barn med Randi, kona si niese. Dette vart sett på som eit grovt brotsverk, og begge vart dømde til døden i 1729. To år etter, 21. mai 1731, vart dei dømde til døden nok ein gong, då det hadde blitt oppdaga at dei hadde halde fram med kjærsteforholdet. Kvar dei eventuelt vart avretta og korleis det gjekk med det barnet som dei hadde fått i lag og som ingen kjenner namnet på, er ukjent.