Av Svein Nordal

TUNHEIM: Skisse av anlegget og bilde av garden/bygda.

Tradisjonelt har ikkje Vanylven vore den heilt store turistmagneten, men i nyare tid har Hakallegarden trekt mykje folk til området. Om nokre år står Stad skipstunnel klar, og midt i skipsleia vert det arbeidd med planar om hotell og opplevingssenter på ei lita øy ved Åheim.

– Tunheim Panorama vil neppe få gjestar direkte frå skip og båtar som kjem gjennom skipstunnelen, men all ny aktivitet i området er positivt for alle oss som satsar, seier Moen.

I full sving

Arbeidet med Tunheim Panorama er allereie i gang. Nede ved fjorden jobbar Eikrem Maskin med å klargjere tomtene på nokre oppmura pirar ut i fjorden, og i oktober byrjar støypinga av grunnmurane til tre luksushytter med tilhøyrande båthus.

Moen-familien har i mange tiår drive bensinstasjon og romutleige oppe ved riksvegen. Ei tid dreiv Nils Olav Moen også kafe/vegkro, og planane om å satse på turisme nede ved fjorden dukka først opp for allereie tjue år sidan.

– Ja, eg fekk godkjenning frå fylket til dette allereie for tjue år sidan. Den gongen var planen å setje opp fem rorbuer av det meir tradisjonelle slaget, fortel Moen.

Etterspør luksus

Men planane frå den gongen vart lagt på is – fram til Moen og den tidlegare klassekameraten Webjørn Eikrem og hans kone la nye planar. Eikrem er også opphavleg frå Fiskå i Vanylven, men bur no i Oslo.

– Undersøkingar viser at utanlandske turistar no etterspør meir luksus når dei er på norgesferie. Difor byggjer vi no tre høgstandardhytter – to på 200 kvadratmeter, og ei på 150 kvadratmeter. Alle med båthus med utleigebåtar, samt ein større båt.

– Tunheim Panorama skal også ha eigen minibuss, og på sikt kan det bli aktuelt også å byggje eit konferansebygg og helikopterlandingsplass, seier Moen.

Rikt omland

Han meiner det er mange gode grunnar til å feriere i Vanylven.

– For det første så er her jo fantastisk flott natur, med store, vide fjellområde med dei best oppmerka råsene i heile distriktet. Og vil ein på utflukter, er det ikkje så langt å køyre verken ut til Runde, inn til Stryn/Loen, til Hoddevika og Ervika på Stadt, og til Sunnmørsalpane.

– Og ikkje minst – ein kan nyte ro og fred i relativ luksus og dra på fisketur blant holmar og viker på fjorden.

Pilegrimsrute

For dei historisk og kulturelt interesserte byr området også på nokre perler. På Åheim ligg St. Jetmundkyrkja frå 1100-talet, som i gammal tid ofte vart besøkt av pilegrimar. Den gamle pilegrimsruta gjekk gjennom dette området, og ruta skal merkast i nær framtid. Selje Kloster, som ein gong var hovudsetet for kyrkja på Vestlandet, ligg også berre ein kort biltur unna.

Heksearrest

– Og Tunheim i seg sjølv er jo også ein historisk stad. Her er funne spor etter busetnad frå 2000 år tilbake, og det var her på garden tingstova stod. Det var her dei tre «heksene» som vart brende på Rovdeskjeret sat i arrest før dei vart avretta.

– Og eg segna seier at småkongen kong Ring budde her på Tunheim, og herska over nærområdet. Oppe på Ringefjellet skal det ha vore eit stort slag der både kongen og hans våpendragarar vart drepne av fienden, og oppe på fjellet står fleire eldgamle bautasteiner tydeleg reiste av menneske. Ein trur at desse var meint som minnesmerke over dei falne krigarane.

Fram til slutten av 1800-talet låg det ei diger steinhelle blant bautaene. Denne vart kalla Jutlehella, og folk trudde at sjølvaste kong Ring låg under denne. Vandalar sprengde hella på slutten av 1800-talet, men det er uklart om dei fann noko, eller om grava – om det var det det var – hadde vore plyndra tidlegare.