Av Svein Nordal

Det trur Lars Andreas Tomasgård og Ståle Raftevold, som saman med festivalsjef William Holden gler seg som ungar til Norsk Kornølfestival, som i år vert arrangert 29. og 30. september i Honndalshallen.

– Festivalen vart starta i fjor, og var ein umiddelbar suksess, med tre hundre deltakarar. I år reknar vi med det doble, og vi har deltakarar frå Norge, USA, Canada, Polen, Litauen og Danmark, seier Holden, opphavleg frå Folkestad, der kornøl-tradisjonen ikkje står fullt så sterkt som i Hornindal.

– Men også på Sunnmøre og i resten av landet aukar interessa. Til og med på Grünerløkka i Oslo har det blitt hipt med kornøl, seier Holden.

Ram finsk øl

Hornindal, Stjørdal og Voss er dei tre bygdene i Norge med sterkast kornøl-tradisjonar. I fjor bryggja Tomasgård og Raftevold Honndals-øl på festivalen. I år skal deltakarane – av alt – lære seg å bryggje finsk øl. Som er betydeleg mørkare og noko ramare på smak enn Honndals-ølet, som deltakarane også i år får smaksprøver av.

Kor gammal kornøl-tradisjonen i Norge er, er det ingen som veit. Anna enn at det har vorte bryggja rundt om på gardane i hundrevis av år.

–Vikingane laga seg jo mjød, ein alkoholhaldig drikk basert på honning. Då dei byrja å reise ut på tokt, fekk dei nok smaken på øl (laga av korn), og lærte seg teknikken, trur Tomasgård.
– Her til lands vart kornet truleg brukt til å bryggje øl før det vart brukt til å bake brød, trur Holden.

Og sidan dei stort sett elles berre hadde vatn, mjølk og skjør (surmjølk) som drikke i tillegg til øla, vart kornølet langt frå berre fortært på fest og under høgtidelegheiter som til dømes jul.

TRADISJONSRIKT: -Saman med Voss og Stjørdal er Hornindal den bygda i Norge med sterkast kornøl-tradisjonar, seier William Holden, Lars Andreas Tomasgård og Ståle Raftevold.

– Neida, det vart drukke øl til arbeidet. Her i Hornindal kan eg som er fødd i 1961 huske denne tradisjonen, som truleg varte til opp på 1970-talet. Og denne «kvardagsøla» vart ikkje bryggja så sterk, kanskje fem prosent, seier Raftevold.

– Jammen, det er då sterkare enn pils…?

– Javisst. Men øla vi bryggja til festar på Dølaheimen på 1970- og 1980-talet – og gjerne fylte opp i maltekstrakt-spann – var langt sterkare. Kanskje tolv prosent, og i alle fall nok til å gå i bakken av, seier Tomasgård.

Jaktar på gamal gjærkultur

Rundt omkring i Norge finst det over tretti gamle, lokale gjærkulturar. Og kornøl-entusiastane er på stadig leit etter gløymde kulturar. Difor leitar dei etter «nye» funn i koppar, kar og kjøreld. I håp om å dyrke fram igjen desse gamle kulturane.

– Enkelte landsdelar, som på Austlandet, har dei fleste gjærkulturane gått tapt. Rett nok har storbonden og ølbryggjaren «Malt-Mons» lykkast i å vekkje ein gammal gjærkultur frå Hamar-traktene til live. På Vestlandet og i Trøndelag har fleire overlevd. Kanskje kan forklaringa vere at austlendingane langt tidlegare fekk tilgang på «kjøpeøl» på butikkane, filosoferer ølentusiastane.

Men det finst altså store lokale variasjonar. Hornindal står sterkast her i distriktet, men også i Åmdalen og Bondalen i Ørsta kommune har det gamle kornølet overlevd – trass i vekking og fråhaldsrørsle opp gjennom åra.

Vassendgutane – som truleg har vore eksponerte for det lokale ølet – hyllar jo også det lokale ølet frå deira heimbygder…