Av Svein Nordal

Ekteparet Mona Gjersdal Lystad (31) og Ole Ragnar Lystad (31) frå Ørsta ligg ikkje på latsida: Dei har to små ungar – Nikolas (4) og Rebekka (1 ½) – og er begge i fast jobb, han i Volda Maskin og ho som prosjektleiar i møbelverksemda Fora Form. Like fullt har dei nyleg kjøpt eit gardsbruk på Rystene i Ørsta, skal leige jorda og ta over saueflokken til naboen, og er i full gang med å byggje seg nytt hus.

–Ja, og så vert det å gå i gang med å selje huset vårt midt i Ørsta sentrum, eit oppussa hus frå 1929. Men det går bra. Vi likar ikkje å liggje på sofaen…

Få til sals

Etterspurnaden etter å kjøpe mindre gardsbruk rundt om i Norge er svært stor, men lysta til å selje er heller liten. Dei fleste som eig gardsbruk som ikkje lenger er i drift, vil ha garden innan slekta. Og stadig fleire tidlegare gardar vert sommarhus.

–Difor meiner vi at vi er ekstra heldige, som har fått kjøpt ein gard like ved Ørsta sentrum, og får leige nabogarden, seier Mona.

Pressområde

Desse gardane har fram gjennom åra avgitt mykje av sitt areal til «moderniteten». E39 går rett over det som tidlegare var slåttemark, det som tidlegare var utmark er no eit stort bustadfelt, og strandlinja til gardane vart for lengst industriområde.

–Dette er jo heilt klart eit pressområde. De er ikkje redde for at det ikkje vert muleg å drive landbruk her i så svært mange tiår framover?

–Jau, det er klart vi er det. Det er planar om gangveg langs E39, noko som viss det vert realisert vil leggje beslag på mykje dyrkamark. Utviding av bustadfeltet kan også by på problem for landbruksinteressene her, seier Ole Ragnar.

–Håpet er at folk i framtida ser større verdi i matproduksjon. Og ein treng landbruk i såpass sentrale strøk som dette, meiner Mona.

Aldri ferie

Ole Ragnar er oppvaksen på gard på Lystad i Ørsta, men som yngstemann av fire brør – så odelen kunne han naturleg nok sjå langt etter.

–Men eg har alltid likt gardsarbeid, og i fleire år no har eg leigd jord og drive med slått, forproduksjon og rundballepressing. Per i dag leiger eg 170 dekar rundt om i Ørsta. Så når eg har sommarferie frå jobben som gravemaskinførar i Volda Maskin, driv eg med slått.

–Han har ikkje hatt ferie på tre – fire år, skyt Mona inn.

–Og så driv du snøbrøyting om vinteren. Når de skal bli sauebønder, skal de halde fram i same tempo?

–Hehe, ja, vi har jo bygd nytt hus, og det må betalast. Då held det ikkje med berre rundballepressing og førti vinterfora sauer. Skal ein leve av å vere sauebonde åleine, må ein ha om lag fem gonger fleire dyr enn det, meiner Ole Ragnar.

 

NYEHUSET: Mona, Ole Ragnar og barna Nikolas og Rebekka ved nyehuset, som er teikna av Mona.

«Åååå, så koseleg!»

–Dei fleste unge som tek over gard, gjer det på odel – eller nokre av meir romantiske grunnar: At dei vil ha nokre kaniner og grønsaker og ei litt stor tomt i fred og ro. Men de kjøper altså gard og skal drive seriøst. De skiljer dykk litt ut der?

–Hehe, ja, det er mange som har sagt ”ååå, skal dokke kjøpe gard? Noke so koseleg!”. Og på ein måte er det jo det, men dei har kanskje eit litt vel romantisk syn på korleis det faktisk er. For det er jo knallhardt arbeid, mykje hus, areal og maskineri å halde orden på. Og dyrehaldet, sjølvsagt! Ein må setje seg inn i mykje, og jobbe mykje og hardt, seier Mona.

Prosjektleiaren har forresten sjølv teikna nyehuset.

–Ja, og så må de jo vere litt byråkratar, sidan bøndene må fylle ut stadig fleire skjema og sende inn stadig fleire rapportar?
–Ja huff! Eg håper Mona vil ta seg av mykje av det. Ho er betre på slikt enn kva eg er, smiler Ole Ragnar.