Av Svein Nordal

Publisert fyrste gong 18. mars 2015

Sokneprest Svein Kvamsdal i Volda har dei siste åra fått nokre spørsmål om hjelp frå uroa huseigarar. Eitkvart i huset gjev dei ikkje fred – og dette «eitkvart» materialiserer seg i lydar, plutselege temperaturfall eller skuggar som passerer vindauget – utan at nokon dødelege hadde vore på spasertur, for å seie det slik.

LES OGSÅ:
Dansar og brenn bort stress og sjalusi
– Lev enkelt!

GAMLEGYMNASET: Svein Kvamsdal med prestedrakt og vievatn på Gamlegymnaset i Volda. Enkelte meiner det spøkjer i det over 150 år gamle huset.

– Dette er jo ikkje noko eg gjer ofte. Sidan 2012 meiner eg at eg har vore i fire såkalla urolege hus og lese velsigning. Og så fekk eg nyleg ein førespurnad frå ein huseigar i ålesundsområdet. Eg skal ringje han seinare i dag og høyre om eg kan vere til hjelp, seier Kvamsdal.

Prestemundur

– Korleis går du fram når du velsignar eit uroleg hus?

– Eg ikler meg prestedrakta og tek med meg vievatn. Det kan vere vatn som er signa av ein prest, eller eventuelt brukt døypevatn. Eg skvetter noko av dette vatnet ut i rommet, og særleg på stader der bebuarane seier plagene er ekstra store. Og så seier eg «Gode Gud. Velsign dette rommet. Fyll det med ditt nærvær og med alt det som godt er. Lat det vere eit rom der det er godt å vere», fortel Kvamsdal.

– Og eg følgjer liturgien som vart utarbeidd av biskop i Nord-Hålogaland, Per Oskar Kjølaas, ein liturgi som vart godkjend av kyrkjemøtet i 2013. I Troms og særleg Finnmark er slik husvelsigning vanlegare enn i resten av landet, noko som kan ha samanheng med den samiske kulturarven, legg han til.

Dei døde

– Nokre vil seie at dette er berre tull, Kvamsdal?

– Ja, somme vil nok tenkje at no går han Kvamsdal og andre tilbake til farne tider, då ein skulle drive ut gjengangarar frå hus. Men dette med at det skal vere døde menneske som ikkje har fått fred som forårsakar uroa i husa er jo berre ei tolking…

LITURGI: – Eg følgjer ein liturgi som vart godkjend av kyrkjemøtet i 2013, understrekar sokneprest Svein Kvamsdal.

– Kva trur du sjølv?

– Nei, eg gjev meg ikkje ut på noka tolking av kva som skjer i slike hus. Mi oppgåve som prest er å kome med ei velsigning, prøve å tilføre noko godt. Og tilbakemeldingane frå dei som bur i husa har vore at det har blitt betre etter husvelsigninga. Ved eitt høve ein stad i Volda kommune vart eg beden om å kome att. Det hadde blitt litt betre, men plagene var ikkje heilt borte. I det tilfellet var problema uforklarlege lydar i huset, samt at det plutseleg kunne bli svært varmt eller kaldt i eit rom. Det var fleire som opplevde dei same fenomena, rasjonelle og fornuftige menneske, meiner presten.

Som ikkje vil formidle kontakt mellom meg og dei som har fått sine tidlegare urolege hus velsigna.
– Nei, eg har jo teieplikt, og sjølv om du hadde late dei uttale seg anonymt, kunne enkelte ha funne ut kven dei er. Kanskje slektningar av tidlegare eigarar, som kunne ha byrja å spekulere på om bestefar går att. Nei, vi må halde huseigarane heilt utanfor, insisterer Kvamsdal.

Plageånd 8

– Trur du huseigarane sine problem er reelle?
– Ja. Dette er rasjonelle menneske. Og fleire som ser, høyrer eller sansar det same, til same tid….

Presten sin mobil ringjer. – Huff då – det er ein av desse seljarane frå Oslo. Eg har gjeve han eige namn på mobilen: «Plageånd 8», hehe…
– Ja, Kvamsdal, du burde truleg ha lese ein liturgi over den vonde ånda også…?

– Hahaha!! Ja, eg burde nok det! Men der trengst det vel endå sterkare lut!
– Hehe ja – men tilbake til temaet. Merkar du sjølv noko når du kjem inn i dei urolege husa, eller har du sjølv opplevd noko overnaturleg?

– Eg har ikkje merka noko medan eg har vore i husa, nei. Og eg har sjølv aldri hatt slike plager i dei husa eg har budd, ikkje ein gong i 250 år gamle prestegardar. Men eg trur på dei som fortel at dei opplever slikt, og eg hjelper dei gjerne – ved å lese ei velsigning og ynskje det gode inn i huset.

Vonde krefter

– Med andre ord – uroa vert forårsaka av noko vondt – elles hadde det vel ikkje vore vits i å prøve å fordrive det med velsigning og det gode?
– Nei, sjølvsagt ikkje. Men igjen – eg vil ikkje spekulere i akkurat kva som forårsakar uroa.

PÅ INNSTEG: Kvamsdal på veg inn i Gamlegymnaset.

– Og du har aldri opplevd noko overnaturleg sjølv, altså?
– Nei. Men ein gammal kyrkjetenar eg kjende ein gong, ein mann som på ingen måte var overtruisk, fortalde ei merkeleg soge ein gong. Han hadde gått inn i eit gammalt sel, og fekk augeblikkeleg kjensla av at selet var fullt av folk, og at dei kvepte til og bevega på seg for å sjå kven som no kom på besøk. Eg har forresten ein teori…
– Ja?

– Eg trur at på same måten som at enkelte menneske kan vere synske og ha evna til å fornemme ting som skal skje, så kan andre ha evna til å sanse ting som har hendt i fortida. Dei kan ta inn bilde, lydar eller kjensler som ein gong har vore.

Eksorsisme light

– Kvifor trur du at nyreligiøsitet og trua på gjengangarar og overnaturlege fenomen er på frammarsj?
– Eg trur nyreligiøse retningar rett og slett erstattar kristendommen. Når kristentrua ikkje lenger er fundamentet, søkjer folk noko anna. Religiøsiteten til folk trur eg stort sett er den same gjennom tidene, seier Kvamsdal.

– Du velsignar hus mot det som kan vere vonde, overnaturlege fenomen i hus. Kva med å gjere det same med menneske som meiner seg overmanna av vonde, utanforliggjande krefter?
– Eit vanskeleg spørsmål. Her må ein sjølvsagt trå varsamt. Eg fekk ein telefon frå ei kvinne i Bergen med førespurnad om noko slikt. Det viste seg å vere ein psykisk sjuk person som ho ville ha meg til å fordrive vonde ånder frå.

Eg sa ho fekk spørje einkvan annan. Noko slikt ville jo ha vore på grensa mot eksorsisme.
– Men om ein psykisk frisk person bad deg om å drive ut noko vondt i han?

– Folk kan ha sider ved seg sjølve som dei ikkje kontrollerer. Døme kan vere alkoholisme eller eit temperament dei ikkje rår med. At dei er redde seg sjølve. Noka fordriving hadde eg ikkje gått med på, men om vedkomande hadde spurt meg, kunne eg ha bede for han eller ho.

Gymnas-skrømt

– Sidan du på grunn av teieplikta ikkje kan ta meg med til eit hus du har velsigna, har eg eit forslag, Kvamsdal.
– Ja?

AVMYSTIFISERER: – Dette er ikkje meir mystisk enn at eg velsignar hus, ber bøner og prøver å hjelpe huseigarar, seier soknepresten.

– Gamlegymnaset i Volda, bygd rundt 1850, vert brukt av kunstlag, spelemannslag og rockeband. Etter det eg har høyrt, skal enkelte brukarar gjennom tidene ha fått seg nokre kippar der…
– Ja, køyrer du? Spør Kvamsdal. Og på vegen hentar vi prestedrakta. Vievatnet har han med i ein plastpose. Vel framme meiner Kvamsdal at slik dette huset ser ut, er det ikkje rart om folk trur her spøkjer. Vedlikehaldet har i tiår vore ein smule tilfeldig…

Etter å ha gjeve ein amatørkunstnar ein alvorleg støkk – han hadde neppe rekna med å finne ein prest i full mundur berande på ei flaske med vievatn – tek vi turen rundt i huset, frå førsteetasjen til loftet. Mest var det jo for fotosessionen sin del, – men litt vievatn vart det spreidd også, på både golv og vegger. Det gjenstår å sjå om det hadde sin verknad. Men «Plageånd 8» var i alle fall totalt upåverka. For han materialiserte seg gong på gong gjennom ilsk ringing i prestemobilen. Om eg ikkje talde feil, ringde Plageånd 8 heile fire gonger i løpet av vår vesle seanse….