Av Svein Nordal

Siri Dahl i Ørsta Reiselivslag kan ikkje få slått det sterkt nok fast: Krevande, spisse og til dels farlege Sunnmørsalpar er svære greier, – men så var det alt det andre naturen i dette vakre området har å by på:

– Fjordar og fjellvatn der ein kan padle, fiske, grille og kose seg er jo det eine. Og så har vi alle dei fantastisk flotte dalane ein kan gå i: Romedalen, Molladalen, Skorgedalen, og dalen rett opp frå Ørsta sentrum til Mossetra og Vallesetra.

– Og mange fleire! Det passar ikkje for alle å klatre til topps på dei høgste tindane, og her er mange flotte alternativ.

Saksa, Slogen og Urkeegga

SORIA MORIA: Flott utsikt over Norangsfjorden, eitt av landets første turistmål, – som no har kome til sin rett igjen. FOTO: MOHAMMED SARMADAWY

– Men det er ikkje tvil om at fjella rundt Norangsfjorden i Hjørundfjorden har blitt svært så pop dei siste åra?

– Nei, det er klart. Særleg etter at sherpaer bygde trapp opp til toppen av Saksa, vart det fjellet svært populært. Inntrykket no er at Urkedalsegga har tatt litt over.

– Og frå gammalt av er jo Slogen sjølve «kjendis-fjellet» her i distriktet, og den posisjonen held fjellet på. Til tider er det veldige mengder med bilar, både på ferja og parkeringsplassane under fjella, seier Dahl.

Keisaren

Norangsfjorden var eit av dei første store turistmåla i fjord-Norge. Union Hotel Øye vart bygd i 1891, og i nokre hektiske år var det faktisk tre hotell i bygda – fram til Union fekk «monopol». Kongelege valfarta hit, og keiser Wilhelm II var stamgjest, som kom tilbake sommar etter sommar.

Etter kvart tok Geiranger og andre reisemål over, hotellet forfall, og den lokale turismen gjekk i stup. Norangsfjorden og resten av Hjørundfjorden vart ei gløymd perle.

Ny giv

Men på starten av 1990-talet vart hotellet shina opp igjen, og seinare kom Rekkedal Gjestehus og Christian Gaard på Trandal til. Fjellvandrarar frå inn- og utland byrja igjen å strøyme i større antal til fjorden, og sidan 2012 har hurtigruta hatt faste anløp her i september/oktober.

TOPPTUR: Stadig fleire går til topps i Sunnmørsalpane i Ørsta/Hjørundfjorden. FOTO: MOHAMMED SARMADAWY

– Vi gaidar hurtigrute-passasjerane som ynskjer det, opp til Bentebu på veg mot Saksa. Dei som vil ha enklare tur, går vegen opp i Urkedalen. Begge deler har blitt populært, sjølv om det jo er slik at dei som har budd i by eller på flatlandet heile livet faktisk må lære seg å gå i terrenget. Det er ikkje alle som veit kva fot dei skal leggje vekta på, ler Dahl.

Også trenarar, reiseleiarar og fjellførarar utanfrå har tatt i bruk Hjørundfjorden i sine opplegg. Ein av dei er trenaren Lasse Tufte, som tidleg i haust tok med seg ei gruppe til området, padla på fjorden og gjekk på Saksa i gryotta om morgonen.

Naturfestivalen

– Også vi i reiselivslaget får stadige spørsmål frå folk som vil ha råd om turar og ruter. Og vi rår dei til å gå turar som passar for dei. Det bør også lokale gjere. Det er slett ikkje alle tindane her i området som høver for alle. Folk må vere forsiktige, seier Dahl.

Som også trekkjer fram Naturfestivalen som har blitt arrangert i Ørsta i fleire år no – som noko som kan ha lokka fleire turistar til området, og fleire ut av stove og ut i naturen.