Av Svein Nordal

Regionavisa vil i ein liten serie fortelje om heimsøkte hus her i distriktet. Først ute er Herøy gard. Denne vesle museumsøya var i si tid sjølve maktsenteret på Søre Sunnmøre.

Og det er i det kvite hovudhuset på garden det skjer, i alle fall i dei fleste tilfella – det ukjende og overnaturlege. 1600-tals-herskapshuset frå Nordfjord som i 1751 vart plukka ned, skipa ut til den vesle Herøya og sett oppatt. Tenkt som prestebustad først, men vart handelshus i staden.

Næraste nabo var ei eldgammal steinkyrkje og ein kyrkjegard – slik hadde det vore sidan 1100-talet. Men jorda var skrinn, gravene var grunne, og prestane klaga over konstant liklukt. Difor ville dei heller bu på Stokksund. Eit anna argument var problem med å skaffe nok vatn på den vesle øya.

SKRØMT: Det spøkjer på Herøy gard. Hatløy i rolla som spøkjelse i trappa. Bildet er tatt med lang lukkartid. Legg merke til det strenge ansiktet som materialiserer seg til venstre…

Kloster og rettarstad

–Den vesle Herøya låg midt i leia, og var i hundrevis av år sjølve sentrum, ikkje berre for ytre Søre Sunnmøre, men heile regionen. Her vart altså reist ei steinkyrkje allereie på 1100-talet, og her er sagn om at her var eit kloster. Herøya var det kyrkjelege sentrum for heile regionen i hundrevis av år, og også eit handelssentrum.

–Og eit maktsentrum: Eit steinkast frå Herøya og kyrkja ligg ein holme der mange vart avretta, og fekk haudet reist på stake. Den siste var ein mann som hadde tatt livet av ei kvinne i året 1700. Men også svenske invasjonssoldatar leid same lagnaden der borte på holmen på 1500-talet. Då invaderte svenskane delar av Midt-Norge heilt ut til Romsdalskysten. Fem arme svenske soldatar vart ført sørover hit for å bli halshogde framfor ein bondehær på 4000 mann, fortel Hatløy.

1600: Det er særleg i hovudhuset fenomena skjer. Det vart opphavleg sett opp ein stad i Nordfjord på 1600-talet.

Stega i trappa

Men lat oss ikkje skrive oss ut på viddene, så tilbake til gjengangarane. Eller kva fenomenet måtte vere. Håvard Hatløy fortel:
–Sikkert ti – femten år sidan no. Eg sat oppe på kontoret i andre høgda av hovudbygningen på Herøy gard og jobba med eitkvart på datamaskinen. Då var det at eg høyrde at nokon kom opna inngangsdøra, og gjekk med faste steg opp trappa til andre høgda. Tenkte ikkje noko over det, sidan det ikkje akkurat er noko uvanleg. Men så høyrde eg at døra til naborommet gjekk opp, og at vedkomande gjekk inn i rommet. Då reiste eg meg straks frå datamaskinen og opna døra til naborommet for å sjå kven det var som kom på besøk. Der var det ingen….

Mange vitne

Berre sekund etter at den besøkande stega over golvet mot kontordøra til Hatløy, var der altså tomt og stilt som i grava. Ingen var å sjå, verken inne eller ute.
–Seinare fann eg ut at omvisarar som har jobba her i ulike tiår har høyrt akkurat dette: At einkvan kjem inn hovuddøra, går opp trappa og inn på akkurat dette rommet, som vart kalla «storstuesalen».
Forklaringa på dette svære namnet er at det var salen (soverommet) rett ovanfor storestova i huset. Og det fungerte som soverommet til handelsmennene og konene deira i rundt 150 år.

Mange har opp gjennom åra høyrt det same som Hatløy – denne lyden av nokon som opnar døra, går opp trappa, og inn på «Storstuesalen». Og mange av dei som har fortalt om det same, kjenner ikkje kvarandre, og har aldri hatt kontakt. Og fortalt om fenomenet med tiårs mellomrom.

Her er noko!

Elevar og lærarar frå Melsom vidaregåande skule i Telemark reiste i fleire i år på skuletur til Ytre Søre Sunnmøre, – til Runde, Herøy gard og andre attraksjonar.

–Eitt år hadde dei fått omvising her i huset i omtrent ein og ein halv time. Då dei skulle til å entre bussen for å reise, sa ei av jentene til meg: «Eg må prate litt med deg, åleine». Så sa ho at inne på dette rommet er her noko. Ho var ikkje redd, og sa ikkje kva det var ho fornemma, men fortalde at ho kunne føle slike nærvær.
–Eg vart nokså paff. Ho hadde altså gått rundt her i kort tid saman med medelevar og lærarar, og peika ut akkurat dette rommet, og sa «her er det noko»!

–Sa ho noko om kven kan det vere som går igjen her?
–Nei, det hadde ho inga aning om. Og det er det jo heller ingen andre som veit. Heller ikkje kva fenomen dette er, for den del. Men her var ein handelsmann – Knud Olai Simonsen – som i 1855 hengde seg i huset fordi han trudde at han kom til å gå konkurs. Etter at han hadde hengt seg, viste det seg at han var langt frå konkurs, og sonen bygde opp Herøy gard til eit mønsterbruk aldeles…

HANDELSMANN: Grava til Knud Olai Simonsen, som hengde seg på Herøy gard i 1855.

Munkar

Like bortanfor garden står murane av den gamle kyrkja i Herøy. Som på vandalistisk vis vart riven då steinkyrkja var over 700 år på 1800-talet. Den eldgamle steinkyrkja vart erstatta med ei trekyrkje, som så vart flytta til eidet ovanfor Fosnavåg, og vart flammane sitt rov i 1998.

Og oppe på Klosterhaugen står restar av grunnmuren att etter det som kan ha vore eit eldgammalt kloster, eller kanskje den første kyrkja her på øya. Rett over fjorden finn vi Munkestranda – som var del av eigedommen – og eit namn som kan vere ein indikasjon på at myten om klosteret her er sann. Mange kjelder – blant dei sjølvaste Hans Strøm på 1770-talet – fortel om dette klosteret frå farne tider.

Anna med barnet

På kyrkjegarden ved dei gamle kyrkjeruinane står krossen med påskrifta «Anna med barnet». Ei kvinne i 40-åra venta sitt åttande barn, men døydde 23. januar 1841. Ho vart gravlagt her den 2. februar. Ein mann høyrde så lydar frå grava, og varsla frå om dette. Grava vart opna, og den døde kvinna hadde fødd eit barn. I ettertid vart det påstått at der var kloremerker inne i kista, men det må ein vel ta med ei klype salt. Kanskje også påstandane i tidene seinare at ein av og til kan høyre barnegråt frå denne grava…

–Det mannen på heimveg kan ha høyrt, var muligens lyden då den døde kvinnekroppen på grunn av byrjande forrotning støytte ut fosteret. Dette fenomenet er no kjent, seier Hatløy.

ANNA: Soga om Anna med barnet er landskjend.

Den mørke kvinna

Men kven veit – kanskje kan folk i moderne tid også ha sett Anna med barnet?

Hatløy: –Ein som jobba her og hadde som oppgåve å halde uteareala i orden, jobba ofte med høyretelefonar med musikk på øyret, og gjekk ofte i si eiga verd. Ved eit par høve såg han ei kvinne – ein mørkkledd skugge leiande på eit barn som går rundt nova på huset.

Kvar juli går Herøyspelet av stabelen her, og sidan mykje kostbart utstyr står ute, må det vakthald til. Ein av desse vaktmennene skulle snart avløysast, og sat på ein haug ved hovudhuset i fem-tida om morgonen. Han venta på skyss, og tok livet med ro saman med hunden sin.

Brått rykte hunden til, og med strittande pels stirra den opp mot huset og bjeffa. Vaktmannen snudde seg for å sjå kva hunden reagerte på, følgde blikket til hunden, og såg då ein skikkelse i loftsglaset.

–Han tenkte at det var einkvan som gjorde han eit peik, så han sprang inn i huset, og opp på loftet og leita. Sjølvsagt fann han ingen…

LOFTET: -Der oppe var det at vaktmannen såg skikkelsen i vindauget, etter at hunden hadde varsla, fortel Hatløy.

Lyset på bordet

Hatløy fortel om nok ei underleg oppleving han sjølv har hatt i hovudhuset:
–Eg kom på jobb i halv ni-tida om morgonen, og gjekk opp på kontoret her i andre etasje. Eg møtte ikkje ei levande sjel verken inne eller ute. Ettermiddagen før hadde vi hatt besøk frå ei skuleklasse. Eg gjekk så frå kontoret og inn på dette soverommet, som dei fleste historiene knyter seg til. Og der – midt på bordet – stod denne gamle lysestaken med eit nytend brennande kjertelys. Nøyaktig midt på bordet. Eg ringde læraren og spurde om dei hadde tent lys og gløymt det. Det hadde dei sjølvsagt ikkje. Dei reiste jo herifrå femten timar tidlegare, og lyset ville sjølvsagt ha vore nedbrent då eg kom på jobb om morgonen…

LYSET: -Akkurat slik stod lyset og brann – midt på bordet, seier Håvard Hatløy.

Lucie

Den siste som budde på Herøy gard var Erik Jakobsen frå Haugesund (1901 – 1978). Han hadde i si tid vore medeigar av Haugesunds Avis, men flytta til Sunnmøre i 1940, og kjøpte så Herøy gard. Etter eit turbulent ekteskap som blant anna fekk skot for baugen fordi han fekk barn med si eiga niese, vart han saman med ei Lucie, som budde her nokre år. Dei fekk ei dotter ilag, men Lucie og dottera flytta til Austlandet. Erik følgde aldri etter, og selde garden nokre år før han døde – i 1973.
Lucie hadde ein dom på seg for landssvik i 1945. Syskrinet hennar står framleis på det runde bordet der Hatløy for sju – åtte år sidan til si forskrekking oppdaga det brennande, nytende lyset midt på…

Mysterium

–Kva som går føre seg her ute, har eg ingen teori om. Men må jo berre tru på det eg sjølv har opplevd, og at det samsvarar med det mange andre også har opplevd. Uavhengig av kvarandre, seier Hatløy.