Av Svein Nordal

Denne bomba vart sleppt no i kveld på eit møte på kommunehuset Smia i Hornindal, der «Komite for nytt kommunenamn og heraldikk» overrekte si tilråding til ordførarane Jørgen Amdam og Stig Olav Lødemel.

Komiteen, som også skal tenkje seg fram til eit nytt kommunevåpen for den nye kommunen, har hittil hatt fire møter. Kommunevåpen-forslaget sitt treng dei ikkje å leggje fram før midten av oktober. Men når det gjeld namnet, så har dei trass sitt eigne litt forsiktige framlegg til tider fått seg ein god latter til arbeidet.

VOLDA: Namnenemda saman med dei to ordførerane. Bak Volda-ordfører Jørgen Amdam saman med ordføraren i Hornindal, Stig Olav Lødemel. Framme frå venstre, Rolf Taraldset, Siv Madeleine Kristensen, Jon Tvinnereim, Kari A. Hasle og Odd A. Folkestad

På førehand vart nemleg folk flest gjennom annonser i Møre, Møre-Nytt, Fjordingen, Fjordabladet og Sunnmørsposten oppmoda til å sende inn forslag til nytt namn for kommunen, som blir slått saman 1. januar 2020.

Volda eller Kviven

To namneforslag kom det særleg mange av: Volda og Kviven. Komitéen vurderte begge som gode forslag, og i avgjerdsrunden var det desse to det stod mellom.

Komiteen kom fram til at når to kommunar skal slåast saman, har ein to val når den nye kommunen skal få namn. Ein kan velje eitt av kommunenamna, eller finne eit nytt namn. Nytt kommunenamn er mest aktuelt når dei to kommunane er tilnærma likeverdige i folketal.

Grunngjevinga

Så komiteen valde altså Volda, og grunngjev dette slik:

«Volda er eit innarbeidd og godt kjent namn. Som administrativt namn er Volda (før 1917: Volden) langt eldre enn Hornindal. Volda har vore eigen kommune sidan 1837, og Volda-namnet har vore knytt til prestegjeldet iallfall sidan 1589. Hornindal var eigen kommune frå 1867 til 1964, og har stått åleine frå 1977 fram til i dag.»

Komiteen viser også til at det ved tidlegare kommunesamanslåingar har vore praksis at den nye kommunen får namnet til den største av dei samanslegne. Her viser dei til at då Dalsfjord kom med i Volda kommune 1. januar 1964, vart namnet Volda. Og då Hjørundfjord kommune og Vartdal kommune vart slått saman med Ørsta, vart namnet Ørsta kommune.

Og her er alle namneforslaga:

Aasen kommune (spørs korleis ørstingane ville ha tatt dette, sidan Ivar Aasen var ørsting)

Austefjord kommune

Bjørke kommune

Fjord kommune

Fjordane kommune

Fjorddal kommune

Grolapp kommune (jfr Padda i Austefjorden og Grodås i Hornindal)

Halkjellsvik kommune

HDVolda kommune

Honda kommune (kopirett-trøbbel med bilfabrikanten?)

Honndøla kommune

Hornindal/Volda kommune

Hornvol Kommune

Hornvold  kommune

Hornvoldal Kommune

Hovoll kommune

Kalvatn kommune

Kviv kommune

Kviven kommune

Kvivsfjord kommune

Lovroh  Kommune

Møre kommune

Rokken kommune (inspirert av studenthuset Rokken og Hornindalsrokken)

Semje kommune

Valhorn  Kommune

Volda  kommune

Volda og Hornindal

Volda-Hornindal kommune

Volda/Horningdal  kommune

Voldal kommune

Voldalen kommune

Voldingdal kommune

Volhon kommune

Volhorn kommune