Av Svein Nordal, Arnt Flatmo, Håvard Myklebust

Toppar over 1000 meter

Frå toppen av Jønshornet med utsikt mot Molladalstindene. Foto: Bjørn Vegard Skoge.


Slogen

• 1564 moh., Ørsta kommune
Slogen er av dei finaste fjella i Sunnmørsalpene. Utsikt rett ned i Norangsfjorden og vidare utover mot Hjørundfjorden. Ruta frå Øye som går opp Slogråsa, er den kortaste, men også mest intense ruta. Den andre ruta går frå Patchellhytta.
• Tidsbruk tur/retur 6-8 t. • Lengde tur/retur 6 km

 

 

Jønshornet
• 1419 moh., Ørsta kommune
Jønshornet eller Ramoen er det høgste fjellet nord på halvøya. Toppen ligg like bak tinderada i Molladalen. Den vanlegaste ruta er frå nordvest. Nokre går langs Oksegylelva eller frå Klubbeneset, andre frå Molladalen.
• Tidsbruk tur/retur 5-7 t. • Lengde tur/retur 11 km

Lisje-Toren
• 1164 m.o.h. Bjørkedalen i Volda
Dette vert rekna for det vakraste fjellet i Volda. Ved gardane på Søre-Bjørkedal svingar du oppover mot ein fjellveg forbi Laurdalssetra. Frå parkeringsplassen oppe i dalen går du 500 meter langs ein sti før du finn ein stad å krysse elva. Dels laus ur opp ryggen, og lite merking og utydelege stiar. Enkelte klyv austegga, men det er knappast tilrådeleg for vanlege folk.

Røyrhusnibba
• 1286 m.o.h. Røyrhus i Hornindal
Parker bilen langs hovudvegen ved Terdalen, som er ein populær utfartsstad ikkje langt frå Hellesylt. På vegen passerer ein Appelsinhaugen, der ein også kan skrive
seg inn i ei trimbok. Til toppen kan ein
velje to ruter: Enten opp ryggen som er litt steinete, eller ein kan gå inn Terdalen, for så å gå opp på toppen når ein er komen til Terdalsvatnet. Turen opp tek
eit par – tre timar.

På vei opp til Middagshornet med utsikt mot Masdalskloven. Foto: Bjørn Vegard Skoge

Middagshornet
• 1091 m.o.h. Barstadvik i Ørsta
Turen startar ved Barstadsetra/Melbøsetra i dalen ovanfor Barstadvika. Ein kan også velje å gå opp frå Høgebakken i Nordre Vartdal, men den ruta er noko brattare opp mot ryggen. Utsikta frå Middagshornet er veldig flott, og gjev ei spesielt god oversikt over Molladalen.

Snøhornet
• 1309 m.o.h., Austefjorden i Volda
Ved garden Ullaland i Austefjorden er det skilta mot Vatne, og her køyrer du opp til Aldalen og parkerer etter ein kilometer ved Kvernaelva. Herifrå går du aust forbi ei hytte, nokre meter på skogsveg, før du tek sikte på eit skar i fjellsida. Vel oppkomen dit vender du skarpt sørover på ei hylle og rundar ein kolle, og herifrå ser du ryggen mot toppen. Trass høgda er det eit stort platå på toppen, med ein heil skog av reiste heller og ei steinbu.

Sylvkallen
• 1310 m.o.h. Standal i Hjørundfjord
Frå dalen ovanfor Standal startar turen på 300 meter, så stigninga på turen er altså tusen meter. Startpunktet er markert med skiltet ”Nøvedalen” der vegen flatar ut etter svingane opp frå Store-Standal. Sylvkallen har namn etter snøflekken i nordsida, og toppen byd på ei veldig utsikt mot Kolåstinden og austsida av Hjørundfjorden.

Svinetinden
• 1125 m.o.h. Ytre Strandal i Ørsta
På Ytre-Standal på vestsida av Hjørundfjorden går det setreveg fram til ein parkeringsplass. Stien vidare er godt merka, opp Høgevatnet og Molladalsskaret. Svinetinden avgrensar den spektakulære Molladalen på sørsida, og ein svipp oppom denne toppen kan lett kombinerast med andre ruter.

Saksa. Foto: Bjørn Vegard Skoge

Saksa
• 1074 m.o.h. Urke i Hjørundfjord
Vest for Urke landhandel går ein skråveg opp mot ei hytte og eit turskilt mot Saksa. Stien buktar seg bratt opp skogslia langs elva til Leknesdalen. Tydeleg sti vidare, og der det tidlegare var ei laus ur i toppområdet er det no fin trapp bygd av sherpaer. Ei anna rute går frå Lekneset, ferjestaden ytst i Norangsfjorden.

 

Blåfjellet/Sandhornet
• 1025 m.o.h. Dalsfjorden i Volda
Fjellet har to namn, alt etter kva side ein ser det frå. Ta ferja til Folkestad og køyr til Dalsbygda i Dalsfjorden. Ta av opp gjennom bygda til skiltet ”Fjellvegen” som fører opp til Lisjebøvatnet. Stien vidare er ikkje så tydeleg, det er mest lyng, mose og ur, men utsikta mot Volda er mektig. Tre kilometer frå vatnet til toppen.

Skoratinden
• 1002 m.o.h., Rovde i Vanylven
200 meter vest for Coop-butikken tek du av på vegen oppover bygda, og parkerer i Årskogdalen. Følg stien opp til Myrkevatnet, der du går aust langs vatnet og opp mot skaret mellom Fossanipa og Skoratinden. Ein del ur å gå i nordover fjellryggen til topps.

 

Toppar under 1000 meter

Liadalsnipa
• 924 moh., Ørsta kommune
Turen til Liadalsnipa er ein utfordrande og luftig tur. Liadalsruta følgjer ryggen opp frå nord, medan austegga bak toppen er meir krevjande. E39 ligg nesten 1000 loddrette meter rett ned frå toppen.
• Tidsbruk tur/retur 3-4 t. • Lengde tur/retur 5 km

Trollenykjen
• 898 m.o.h., Eid
Ruta startar om lag hundre meter frå Skipenesbrua, på traktorveg over dyrka mark. Stien er god og ruta er godt merka. Etter ein time kjem du til Skipenessetra, og vidare derifrå tek det om lag ein time til Trollenykjen, med fantastisk utsikt over Nordfjordeid sentrum, utover fjorden og innover mot Hornindalsvatnet.

Skolma. Foto: Bjørn Vegard Skoge

Skolma
• 635 m.o.h., Flø i Ulstein
kommune
Populær fem kilometer lang rute frå parkeringsplassen på Ytre-Flø. Først går ein vel ein kilometer langs grusvegen, så ein knapp kilometer på sti, før stigninga opp Ytreflødalen startar. Stien langs kanten byd på dramatisk fjordutsikt. Passar godt for folk som ikkje likar vinter, sidan her tidleg vert snøfritt.

Helgehornet
• 623 m.o.h., Volda
Lett tilgjengeleg fjelltopp med vidt utsyn over tettstadane Ørsta og Volda. Frå riksvegen nord for Morkaåstunnelen er det skilta til Ytrestøylen og skytebana i Sollidalen, der det er god parkering. Stien går langs den låge skogkledde åsryggen ein halv kilometer nordover, så dreier du vest og følgjer fjellryggen til antenna på toppen.

Nystøylhornet
• 600 m.o.h., Åram i Vanylven
Viss ein vil oppleve fantastisk utsikt i alle himmelretningar er Nystøylhornet eit godt val. I sør ser ein fjella rundt Gjegnalundsbreen og Ålfotbreen, mot sørvest har ein Vågsøy og Stadtlandet. Det er vid utsikt mot havet og øyane i Sande og Herøy, og i tillegg innover fjordane mot indre strøk av Sunnmøre. Start ved Åram kyrkje, eller frå enden av bomvegen i Sandvikdalen. Begge stader er starten av stien skilta. Like i nærleiken ligg Hakallegarden og ei flott sand-badestrand.

På vei ned frå Kongsvollen ved Bukketrappene. Foto: Bjørn Vegard Skoge

Kongsvollen
• 683 m.o.h., Hareidlandet
Start ved Løsetvatnet i Ringstaddalen, gå over myra mot Kvamstua, og gå så ryggen opp tili Kongsvollen. I øvre del av ryggen finn ein ”Bukketrappa”, som for dei med høgdeskrekk kan opplevast som luftig. Men det er ikkje vanskeleg å ta seg fram her. Frå toppen har ein utsikt over Vartdalsfjorden og fjella rundt, og turen kan forlengast langs stientil Blåtind.

Gjøna/Nipa
• 531 m.o.h., Gurskøy
I følgje Flatmo er turen opp frå Haugsbygda, over Haugshornet og Saursegga til Nipa ei perle av ein tur. Ryggen mellom Saursegga og Nipa er 1,5 kilometer lang, og her får ein verkeleg kjensla av å gå ut mot havet. For å kome hit køyrer du først mot Larsnes, og i Gursken svingar du av mot Haugsbygda. Etter fire kilometer ta av til høgre mot Vonheim.

Rjåhornet
• 598 m.o.h., Gurskøy
Dei vanlegaste rutene til toppen går frå Leikong, Leikongeidet og Djupvika, men i å vert det etablert ei ny, merka rute frå Stemmedalsvatnet, og denne gjev fleire mulegheiter for rundturar, den lengste tolv kilometer. Skiltinga av denne løypa vli bli gjort ferdig i løpet av sommaren/hausten i år. Til Stemmedalsvatnet kjem ein ved å køyre mot Fosnavåg, og ta av til venstre 800 meter etter Aurvågtunnelen. Her er det turskilt mot Stemmedalsvatnet.

Keipen ved Laupsnipa. Foto: Bjørn Vegard Skoge

Laupsnipa
• 562 m.o.h., Gurskøy
Laupsnipa tronar høgt over Rovdefjorden med sine 562 meter. Det går fleire ruter hit, men den kortaste på 2,3 kilometer går frå Voldneset – først langs traktorveg, så sti som kryssar bekken frå Voldnesvatnet. Så går ein mot ryggen og følgjer denne til topps. Den karakteristiske Laupskeipen ligg 0,5 kilometer vest for Laupsnipa, og er verd eit besøk. Flott utsikt mot Voldafjella frå toppen.

 

Rundebranden/Runde fyr
• 294 m.o.h., Runde i Herøy
Runde er kjend for dei fleste, og mange har vore opp til fuglefjellet og sett på fuglelivet. Men turen over Rundebranden og ned til Runde fyr på Kvalneset er ein klassikar. Rundturen frå Goksøyr , opp til Rundebranden, ned til fyret og retur via Raudetinden er snaue åtte kilometer lang og byr totalt på 550 høgdemeter.

Muletua
• 253 m.o.h., Nerlandsøya i Herøy
Turen startar i Kvalsvika, og dette er ein tur på berre 1,6 kilometer og 200 høgdemeter, man havutsikta er spektakulær. Svinøya kan sjåast tretten kilometer ute i havet. Det mest krevjande her ute er ofte havvinden, men heldigvis er det sett opp ei bu på toppen, der ein kan gå inn og nyte nistepakken i ly. Dersom ein ynskjer ein litt lengre tur, kan ein ta turen til Barmen, og eventuelt gå vidare over Okla og Børa.