Polarstar vart bygd i Glasgow i 1948 og blei Noregs fyrste selfangar bygd i stål. Den gamle skuta har vore gjennom utallige eventyr, og er for mange sjølve symbolet på ishav, fangst, ekspedisjon og andre polare opplevingar. Polarstar har blant anna hatt oppdrag for sysselmannen på Svalbard, Norsk Polarinstitutt og Store Norske.

Polarstar har sidan desember 2013 vore i hamn ved Stettin i Polen til restaurering i samarbeid med Riksantikvaren. Arbeidet nærmar seg slutten, og Polarstar er venta heim til Brandal  helga 25.-27. august.

RESTAURERT: Utstyret har begynt å kome på plass i styrehuset på Polarstar. Foto: Ishavsmusèet Aarvak