Av Svein Nordal

Denne saka var på trykk første gang 11.02.2015.

Det seier Birger Løvlie, dosent i kristendomshistorie ved Høgskulen i Volda.

 

LES OGSÅ: Lov og rett i mørke tider

LES OGSÅ: Heilag krig – då vi brann heksene

 

I våre dagar verkar straffemetodane mildt sagt urimelege, men i hundrevis av år hadde Kongen, staten og kyrkja nakketak på dei stakkars innbyggjarane.

– Kristendommen vart brukt til å kontrollere folket og halde fast på makta for dei styrande. Einevelds-kongen og staten var totalt avhengig av å kontrollere kyrkja for å kontrollere folket, meiner Løvlie.

Hekseprosessane var eitt døme. Båla lyste stadig opp langs kysten på 1600-talet, og offera var gjerne menneske som praktiserte naturmedisin i kombinasjon med besvergelsar og det dei meinte var magi.

– Det var nok ikkje tilfeldig at hekseprosessane var på sitt mest intense under 30-årskrigen på 1600-talet. Danmark-Norge var ille ute i denne krigen, og i krigstider var det sjølvsagt endå viktigare å ha eit fast grep om makta, seier Løvlie.

Lukka land

– Kongen og staten var ikkje interesserte i ei folketru og ein religion som sprikte i alle retningar. Langt enklare då å kontrollere eit folk der alle går i takt, og den lutherske læra/protestantismen var einaste tru som var akseptert. Dette var lovfesta heilt fram til 1845, då ei ny lov opna for andre kristne trusretningar. Først seks år seinare fekk jødane ”inngang til Riket”.

Men før 1845 fekk ikkje ein gong katolikkar sleppe inn i landet, sjølv om det rett nok vart gjeve dispensasjon for portugisiske og spanske klippfiskhandlarar. Var det snakk om å tene pengar, kunne det jo vere greitt å lempe litt på reglane…

Men kyrkja tviheldt på sitt monopol lenge. Lekpredikanten Hans Nielsen Hauge sat på starten av 1800-talet i varetekt utan lov og dom i ti år. Lovbrotet var at han hadde forkynt Guds ord utan å vere presteutdanna. –Det var nesten som ein hekseprosess, den saka også, meiner Løvlie.

Horebarn

Som i enkelte muslimske land i dag vart det i gamle Norge slått hardt ned på seksuell åtferd som ikkje vart sett på som akseptabel.

– Sjølvsagt er også dette ein viktig måte for makta å kontrollere innbyggjarane på. Frå 1825 finn ein eit stygt døme i kyrkjeboka i min opphavlege heimby, Tvedestrand. Den sikkert noko strenge presten hadde skrive følgjande kommentar då Peter Peterson vart ført inn i manntalet i kyrkjeboka: ”Horebarn”. Truleg var dette noko strengt og vel nedsetjande sjølv etter den tidas normer. Peterson, som altså vart fødd utanfor ekteskap, utvandra seinare til Amerika og vart ein dyktig skribent, fortel Løvlie.

Vart nokon tekne for å ha hatt sex utanfor ekteskapet, kunne dei unngå gapestokken ved å stå fram på kyrkjegolvet – under gudstenesta – og bekjenne sine synder.

– Adelen var fritekne frå denne nedverdinga, noko som også viser at reglane var langt mildare for folk med makt. Og i tillegg vart ikkje soldatar straffa for slikt, – så det hende at bønder som hadde ført ei jente ”i ulykka” betalte soldatar for å ta på seg farskapet.

– Lovverket var prega av synd og streng seksualmoral heilt fram til moderne tid. Homofili mellom menn var jo forbode etter lova heilt fram til 1972, påpeikar Løvlie.

Presten var langt frå berre prest og sjelesørgar. Han kunne ileggje folk bøter og straffer og tvinge dei til offentleg skriftemål. At gapestokken oftast var plassert ved kyrkja hadde sin grunn i at kyrkjebakken var den mest offentlege staden i bygda eller byen.

Dødsdommar og haud på stake

Då Norge fekk si eiga grunnlov i 1814 var denne nokså liberal og moderne for si tid. Problemet var imidlertid at den gamle dansk-norske straffelov frå 1685 stod fast – heilt fram til landet fekk ny straffelov i 1842. Og det var ikkje berre-berre for dommarane som måtte forhalde seg til den noko utdaterte straffelova opp gjennom 1800-talet.

For der stod det blant anna at ein person som vart teken for gudsbespotting først skulle få tunga skoren ut, deretter halshoggast – og hovudet skulle etter avretting plasserast på ein stake…

– Problemet vart ofte løyst med at dommarane avsa dødsdommar i fleng, men at svenskekongen så ofte benåda dei dømde, seier Løvlie.

Islam

Dosenten meiner at statskyrkjesystemet var kontrollerande langt inn i moderne tid, og at dei geistlege tradisjonelt har motsett seg alle former for demokratisering.

– Forvandlinga frå eit strengt religionsstyrt samfunn til vårt noko meir opne samfunn tok eit par -tre hundre år. Er det ikkje grunn til å tru at det vil ta like lang tid å endre haldningane innan islam?

– Ein må hugse på at muslimane som kjem hit til Norge – i alle fall ein svært stor del av dei – har flykta frå eit strengt religiøst og udemokratisk samfunn. Dei kom hit for å oppleve ei større grad av fridom. Så nei – eg trur ikkje det vil gå så lang tid.