Av Kjell Arne Steinsvik

Øyvind Nilssen (32) frå Senja har gjort alvor av draumen om å leve av segling på heiltid. Styrmannen med røynsle frå Christian Radich og langtursegling på eigen kjøl, tok i fjor steget ut og kjøpte ein 72 fots seglbåt i Skottland. Han segla båten til sin nye heim i Noreg, og døypte henne «Duen III». Med den har han ein vintersesong med sail & ski i Troms bak seg, før det i sommar var Svalbard som stod på programmet.

Kjell Arne Steinsvik i Ny-Ålesund, verdas nordlegaste sivile, permanente busetnad.

Årets siste tur gjekk over ti dagar og 350 nautiske mil, med til saman åtte personar frå fem nasjonar om bord. Underteikna var med som frivilleg matros og fotograf.

Etter bunkring av vatn og diesel i Longyearbyen, gjekk vi det første døgeret ut Isfjorden og direkte nordover langs vestkysten av Spitsbergen, den største øya i gruppa som utgjer Svalbard. Havstrekket mellom munninga av Isfjorden og Ny-Ålesund er godt skjerma mot vêr frå vest av den 85 kilometer lange øya Prins Karls Forland.

Etter over eit døger med segling, var vi oppe ved 80 grader nordleg breidde, med berre ope hav og is mellom oss og Nordpolen. Kanten av pol-isen har dei siste månadane trekt seg så langt nord, at han ikkje lenger var synleg i horisonten. Tidlegare i sesongen var han langt nærare land.

Segling i midnattsol

Klimaet på Svalbard i august er samanliknbart med ein tidleg vårdag på fastlandet. Temperaturane låg på mellom null og sju-åtte grader under heile turen, medan vindstyrkjen veksla mellom vindstilt og kuling. Sjølv om det kan vere vekslande og tidvis hardt vêr, er Svalbard ein fin plass å segle. Ei rekkje fjordar som strekkjer seg i ulike himmelretningar, sørgjer for at ein alltid kan finne trygge ankringsplassar i le for bølgjer og vind.

Ulempen med å segle på lange turar i nord, er at ein berre får inn vêrmeldingar frå Isfjord Radio eller via satellittelefon. Mobildekning fins berre i Longyearbyen og Barentsburg. Etter det, er mobilen taus til ein kjem attende.

Fordelen med segling så langt nord, er at det er lyst heile tida. På havet er det alltid vemodig når sola går ned, det vert mørkt, og ein ikkje lenger har full oversikt over bølgjer og båt. Med midnattsol spelar det inga rolle om klokka er tre om dagen eller tre om natta. Sur vind kan gjere segling i arktis til ei kald oppleving, men heldigvis har «Duen III» eit stort, lukka styrehus og dieselomn.

På tur til ein av isbreane. Eit vakkert syn.

Undervegs passerer vi store isbrear med spisse fjelltoppar som stikk opp gjennom den kvite overflata. At øya fekk namnet Spitsbergen, seier seg sjølv når ein ser naturen her oppe. Tindar på rekkje og rad, is og røff natur omgjev oss på alle kantar.

Forskarbyen

Ny-Ålesund er eitt av dei meir eksotiske reisemåla på Svalbard. Byen, om ein kan kalle han det, er verdas nordlegaste, sivile busetnad som er open året rundt. Kring 130 innbyggjarar bur i byen om sommaren, men om vinteren flyttar vel hundre av dei heim.

Fram til 60-talet var Ny-Ålesund ein aktiv gruveby, men etter Kings Bay-ulukka vart gruvedrifta skrinlagt. I dag er det mest forskarar frå ei rekkje nasjonar som bur på staden, og selskapet Kings Bay står for drift av eigedomane.

På grunn av mange høgsensitive måleinstrument, fins det ikkje mobildekning i byen, og vitjande turistar må skru av alt av trådlause nett og Bluetooth. Dei fastbuande har derimot lynraskt, kabla fibernett.

Det fins ikkje daglegvarebutikk i byen. Då einaste måten å kome seg til og frå Longyearbyen på er med fly eller båt, vert alle måltid laga og etne i Sørvisbygget. Der er ei felles kantine for innbyggjarane. Laurdagskveldane er det på puben, Mellageret, det skjer. Då møtes «halve byen» til dans, slarving og hyggje. I god Svalbard-tradisjon, tek alle av seg skorne på utsida og går inn i berre hoselestane. Og sidan Svalbard slepp unna det meste av moms og avgifter, kostar øla på uteplassen femten kroner…

Når dørene stengjer for natta, bêr det ut att i sola. Midnattsola skin frå 20. april til 23. august. Husa har difor svarte blendingsgardiner, og det er ikkje fritt for at ein kan verte døgnvill etter ei stund. Slik vart det også om bord i seglbåten, der vi ein dag åt middag rundt midnatt.

Sårbar natur

Bilvegar er det få av på Svalbard. Utanom sentrumskjernene i Ny-Ålesund, Barentsburg, Sveagruva og Longyearbyen, er det sjøvegen, fly, eller snøskuter som gjeld.

Manglande infrastruktur gjer samstundes at den ville naturen vert godt verna frå hordane av turistar. Det er ein del cruiseskip og mindre turistbåtar som ferdast langs kysten, men det er avgrensa kor mykje passasjerane går i land.

Når ein i tillegg må ha med rifle som vern mot isbjørn, er det ikkje berre-berre å ta seg ein spasertur kvar ein vil. Reglane for kontakt med ville dyr er ganske strenge. Det er til dømes ikkje lov å oppsøke, kome for nær eller forstyrre isbjørnar. Guidane som driv med turisme på Svalbard er difor svært varsame når dei ser isbjørnar på land. Sysselmannen og kystvakt følgjer også godt med på kva som skjer i området, og slår hardt ned på useriøse turoperatørar og respektlause turistar.

Barentsburg sett frå lufta.

Historisk sett har naturen og ressursane på Svalbard vore hardt skatta. Frå 1800-talet og fram til isbjørnen vart freda i 1973, vart det kvart år teke ut fleire hundre dyr. I 1924 vart heile 901 isbjørnar skotne på eitt år. I dag er isbjørnen totalfreda, og eit drap på isbjørn vert etterforska nærast som drap på eit menneskje. Også plantelivet er strengt verna.

Turistar vert oppmoda om å halde seg til opptrakka råser, og vere varsame for ikkje å trakke på mose eller øvrig vegetasjon. Særleg på nordsida av Svalbard er det lite som veks. Likevel er det overraskande mykje dyreliv i det golde og ugjestmilde miljøet.

På turen såg vi både polarrev, isbjørnar, kvalrossar, rein, sel og eit mylder av fuglar. Over alt på land låg det fugleskrottar. Det var tydeleg at kampen for tilværet er tøff oppe i nord. Maten flyttar seg fort og nådelaust opp gjennom næringskjeda.

Hardt liv

For menneska som dreiv fangst i gamle dagar, var det heller ingen dans på roser. Dei mange fangsthyttene og spekkomnane som framleis står att på forblåste oddar, vitnar om ei tøff tid. Stadnamn som Likholmen og Likneset minner også om at Svalbard vart siste reis for mange fangstmenn. Nokre plassar ligg gamle graver oppe i dagen. Permafrosten gjorde det vanskeleg å grave i jorda, så dei enkle trekistene vart lagt oppe på bakken. Mellom plankane kan ein framleis skimte beinrestar.

«Duen III» til kai i Barentsburg.

Ikkje langt frå Longyearbyen ligg Barentsburg, den russiske hovudstaden i arktis. Her bur over fire hundre innbyggjarar, i dag for det meste ukrainarar, i eit levande gruvesamfunn.

Bystar av Lenin og kommunistiske slagord pregar bygningane. Byen har både gjestebryggje, hotell og pub, så det er gode moglegheiter til å vere dagsturist der og få eit innblikk i russisk kultur.