Av Svein Nordal

I april vart 49-åringen dømt til fire år og seks månaders fengsel i Søre Sunnmøre Tingrett i Volda. Grunnlaget for straffa var at han frå 2010 til 2015 hadde utført 400 grove overgrep mot stedottera, både heime og på hytta. Stefaren tilstod forholda, men valde likevel å anke saka til lagmannsretten – som legg til grunn at det er umuleg å fastslå kor mange overgrep det er snakk om – men at det truleg er over 250.

Les saka: Utsett for 400 overgrep

Depresjon

– Då han anka – meinte han hadde fått for mykje straff etter å ha tilstått det han hadde gjort – var det eit slag i magen på dottera mi og meg. Ikkje berre hadde han skjenda henne tallause gonger, men han var altså heller ikkje mann nok til å godta straffa for det han hadde gjort. I løpet av det halvåret som har gått mellom dei to rettssakene har dottera mi gått inn i ein depresjon, og ho har det langt verre no enn i vår. Traumebehandling har vorte sett på vent, og ho har det slett ikkje bra no, seier mora, og legg til:

– At overgriparen trass alt har blitt dømt i to rettsinstansar viser jo at det nyttar å ta opp kampen.

– Men likevel: Når straffa vert redusert – og ein også legg til grunn færre overgrep enn i første dommen – er det som om systemet tek bort noko av truverdet. Under samtalane på Barnehuset i Ålesund vart det jo kalkulert med langt fleire overgrep enn det som vart lagt til grunn i retten i Volda. Dermed vil vi vurdere å anke straffeutmålinga vidare til Høgsterett, seier mora.

Flytta nordover

Ho, dottera og ein son flytta i juli til mora si heimbygd i Nord-Norge.

– Det var ei rett avgjerd etter marerittet som ramma oss på Søre Sunnmøre. Eg var jo gift i ti år med den mannen – før desse forferdelege overgrepa kom for ein dag. På førehand hadde eg ikkje i min villaste fantasi trudd at han kunne gjere noko slikt – sjølv om ein i etterpåklokskap kan ha fått nokre forvarsel, seier mora.

Over 250

I lagmannsretten argumenterte forsvararen til 49-åringen at tingretten hadde tatt utgangspunkt i rettspraksis for seksuell omgang med barn i form av samleie – samt at tingretten har lagt til grunn eit for høgt tal overgrep.

Lagmannsretten kom fram til at det er vanskeleg å fastslå eksakt tal på overgrep, men at det har skjedd over 250 gonger.

Etter ei samla vurdering meinte lagmannsretten at rett straff i utgangspunktet er fengsel i 5 år og 6 månader, men hamna likevel på ein dom på fire år. Denne betydelege straffereduksjonen vart gitt fordi han også overfor lagmannsretten har erkjent dei straffbare forholda.

Starta då ho var 10

Overgrepa starta då fornærma var ti år våren 2010, då ho reiste på hytta på Austlandet saman med stefaren. På hytta spelte dei vri-åttar, slik at den som tapte, måtte ta av seg eit plagg. Dette enda i første overgrepet. Også ved to andre høve i perioden 2011 og 2012 vart jenta utsett for overgrep frå stefaren på hytta.

Etter nokre månader utan overgrep, om lag på vårparten i 2013, byrja tiltalte å forgripe seg på fornærma heime i huset på Søre Sunnmøre. Overgrepa skjedde etter same mønster kvar gong. Fornærma hadde problem med å fÌi sove om kveldane og tiltalte giekk då ned på rommet hennar og la seg ved sidan av henne for at ho skulle «vere trygg og få sove».

I perioden våren 2013 til desember 2015 skjedde dette i snitt to – tre gongar i veka. Ved eitt høve forgreip tiltalte seg på fornærma medan dei var i stova og mora låg på soverommet og sov middag.

Overgrepa tok slutt i desember 2015, og eit knapt år etterpå fortalde jenta om overgrepa til ei helsesøster.

Trugsmål

I lagmannsrettten forklarte den domfelte 49-åringen at han ikkje huskar så mykje av kva som skjedde ved overgrepa – men erkjente likevel handlingane, som kan karakteriserast som grove overgrep, men ikkje samleie.

Retten fann det straffskjerpande at overgrepa skjedde i heimen, der jenta burde kunne føle seg trygg. Vidare at stefaren sa til jenta at ho risikerte at familien ville bli oppløyst dersom ho sa frå om kva som hadde skjedd. Han la på denne måten ansvaret for handlingane og konsekvensane av desse over på den unge jenta.

Vidare anke

Mora til den fornærma jenta fortel altså at dei vil vurdere å anke straffeutmålinga vidare i rettssystemet.

– Ja, det må vi vurdere, sjølv om det er ei stor påkjenning for oss. Eigentleg ynskjer vi sjølvsagt sterkt å avslutte rettsprosessen, men som sagt: Eg meiner det er skandaløst at straffa vart redusert med eit halvår, seier mora, og legg til:

– Noko som også er ei tilleggsbelastning for oss er at overgriparen pratar som om han ikkje forstår at desse overgrepa var hans ansvar – at det var noko han som ein vaksen mann valde å gjere. I staden får vi inntrykk av at det var tilfeldigheitene sitt spel som førte til at han gjorde det han gjorde.